Helsedirektoratet frårår aborttilbod hos fastlegen

I dag er det berre sjukehusa gjennom spesialisthelsetenester som kan tilby abort. Sånn burde det bli verande, meiner Helsedirektoratet.

NPK–NTB
Publisert

Direktoratet har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet greidd ut føresetnader for abort i kommunane og hos avtalespesialistar, kjem det fram i ei pressemelding.

– Grunngivinga er ei heilskapleg vurdering av konsekvensar, mellom anna bruk av personell, seier divisjonsdirektør for spesialisthelsetenester og internasjonalt samarbeid i Helsedirektoratet, Marius Kurås Skram.

Etablering av eit aborttilbod i kommunar og hos avtalespesialistar vil gi auka bruk av gynekologar og spesialistar i allmennmedisin til oppgåver som i dag blir gjort av sjukepleiarar på sjukehus, meiner direktoratet.

– Abort i kommunane og hos avtalespesialistar vil krevje meir ressursar utan at ein veit at tilbodet blir betre. Det kan også føre til at andre pasientar får lengre ventetid, seier Skram.

Direktoratet peikar også på at dei fleste avtalespesialistar har praksis i byar med kort reiseveg til sjukehus som allereie tilbyr abort.

– Eit slikt tilbod vil derfor ikkje gi kortare reiseveg. Det kan også gi uheldige vridingseffektar der oppgåver blir flytta frå sjukehus til avtalespesialistar, utan at det er behov for dette, seier Skram.