Politikk og samfunn

«Dei reproduktive rettane til kvinner blir plukka frå kvarandre, bit for bit, verda over»

Å grunnlovsfeste retten til abort vil gi eit sterkare og meir varig vern mot politiske svingingar, og sikre at sjølvråderetten ikkje blir eit forhandlingskort i framtidige regjeringsforhandlingar, skriv Andreas Aukland i Grøn Ungdom.

Andreas Aukland (22)
Politisk nestleiar i Grøn Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Grøn Ungdom vedtok ved det førre landsmøtet å grunnlovsfeste retten til abort, slik som Arbeidarpartiet går inn for.

Abort handlar ikkje berre om helse, men om fridom, verdigheit og retten til å bestemme over sitt eige liv. Å grunnlovsfeste retten til abort vil gi eit sterkare og meir varig vern mot politiske svingingar, og sikre at sjølvråderetten ikkje blir eit forhandlingskort i framtidige regjeringsforhandlingar.

Abort som forhandlingskort

Vi ser at dei reproduktive rettane til kvinner blir plukka frå kvarandre, bit for bit, verda over. Det er strengt nødvendig å verne om denne heilt grunnleggande retten, og beskytte den mot høgrekonservative straumdrag i politikken. Ikkje berre mister kvinner rettane sine i land som USA og Iran, men den førre statsministeren vår brukte også abort som eit forhandlingskort i førre regjering, og gjennomførte ei historisk innstramming av abortrettane.

I USA ser vi allereie kvinner som mister livet til dei nye abortreglane som den fascistiske Trump-administrasjonen har innført.

Derfor er det bra at Arbeidarpartiet for ein gongs skuld har valt å vere framtidsretta og ser verdien av kvinners rett til å bestemme over eigen kropp. Men jubelropa må vente. Forslaget må gjennom behandling og stemmast over med to tredelars fleirtal. Det betyr at 57 representantar som stemmer det ned, eller stiller seg avhaldne, kan spolere forsøket.

Nettopp derfor er det så viktig å snakke om det, no når behandlinga i Stortinget nærmar seg. Vi kan ikkje la det gå forbi i det stille!

Dette burde heller ikkje vere politisk kontroversielt, sidan det ikkje er føreslått noko om kor lenge du kan ta sjølvbestemt abort, men om at retten til abort eksisterer i det heile.

Antidemokratiske krefter

Det grøne søsterpartiet vårt i Frankrike har allereie fått gjennomslag for at retten til abort skal inn i grunnlova. Eitt av argumenta for dette, er at antidemokratiske krefter veks fram. Rettane våre, tryggleiken vår og demokratiet vårt kan ikkje lengre sjåast som ei sjølvfølge.

I lang tid har liberale verdiar vunne fram i verdispørsmål, noko som har gjort verda både tryggare og meir rettferdig. I Noreg har det vore stor konsensus rundt utvikling mot eit meir likestilt og sosialt rettferdig samfunn. Då er det urovekkande at norske parti som KrF og FrP kopierer både politikken og retorikken til høgreekstreme krefter. Dette gjeld også fleire politikkområde, som klima og innvandring, men ekstra spesielt er det i spørsmålet om abort, når vi allereie ser konsekvensane det har for så mange kvinner.

Tida er derfor overmoden for at norske politikarar begynner å verne om ein av dei mest utsette rettane til norske kvinner, ved å grunnlovsfeste retten til abort.

Grøn Ungdom kjem til å halde fram med å jobbe for rettferd, for at Noreg skal sikre grunnleggande rettar, både her heime, men også verda over. Vi heiar på alle som følger etter i kampen om varig fridom, tryggleik og rettferd for menneskeslekta.