KI tvingar fram slutt på skriftleg ex.phil.-eksamen

– Radikalt men nødvendig, seier instituttleiar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Kunstig intelligens og språkmodellar som ChatGPT gjer at UiT Noregs arktiske universitet droppar skriftleg eksamen i examen philosophicum frå hausten.

1700 studentar skal i staden vurderast berre gjennom munnleg eksamen, melder Khrono.

I ein kronikk skriv instituttleiar Melina Duarte at mange studentar opplever eit press til å bruke KI for å oppnå betre karakter på skriftlege oppgåver.

– Det er eit radikalt steg å ta, men det er nødvendig, seier Duarte.

Den aukande arbeidsbelastninga for dei tilsette er også ein viktig faktor, ifølgje instituttleiaren; Stadig meir tid har gått med til å vere «kjeldedetektivar» for å avdekkje spor frå språkmodellane i eksamensoppgåver.

– I staden for meir overvaking og kontroll, der lærarar blir til politi, vil me ha vurderingsformer med menneskeleg dømmekraft i sentrum, seier Duarte.

Universitetet vil behalde essayskriving som del av kurset, men frikopla det frå karakter.

Også ved Universitetet i Oslo ligg det an til endringar i eksamensforma for ex.phil., skriv Khrono.

Ein gjennomgang som utdannings- og forskingsavisa gjorde sist haust, viser at universiteta har færre heimeeksamenar og fleire munnlege eksamenar og skuleeksamenar.