Vekas viktigaste: Dødeleg snøfall, grense på gløtt og eit kongehus i krise
Rettssaka mot Marius Borg Høiby og Epstein-avsløringane har prega nyheitsbiletet denne veka. I Gaza har grensa mot Egypt opna på gløtt. | Canva/International Peace Institute via Wikimedia Commons/Norges FN-delegasjon/Florida Department of Corrections/World Economic Forum/Eric Miller/Estonian Foreign Ministry via Wikimedia Commons/Magnus Buer/Nordic Innovation/Jehad Alshrafi/AP. Teikning: Ane Hem/NTB
Det har storma i nyheitene denne veka. Har du fått med deg dei viktigaste punkta?
Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Epstein-avsløringane: Økokrim etterforskar eks-statsminister for grov korrupsjon
Fleire norske samfunnstoppar er innblanda i dei såkalla Epstein-filene. Ei rekke dokument fortel om korleis den overgrepsdømde finansmannen har pleidd kontakt med mektige menneske verda over.
Kronprinsesse Mette-Marit har hatt mykje meir omfattande kontakt med Epstein enn kva ho tidlegare har hevda. Det kjem fram av filene at ho har vore i huset hans og hatt ein venskapeleg tone med han. I ein e-post frå 2011 skreiv ho til Epstein at ho hadde googla han, og la til: «Agree didn’t look too good : )». På dette tidspunktet var Epstein allereie dømt for å ha kjøpt seksuelle tenester av jenter som var ned til 14 år gamle.
Då Epstein-saka kom opp i 2019, sa Mette-Marit at ho aldri ville ha hatt noko med Epstein å gjere dersom ho var klar over alvorlegheitsgraden av dei kriminelle handlingane hans.
Tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland har hatt omfattande kontakt med Epstein. Epstein skal ha gjort tenester og tilbydd dyre gåver til Jagland medan han var generalsekretær i Europarådet og leiar av Nobelkomitéen. Økokrim har no opna ei etterforsking mot Jagland etter mistanke om grov korrupsjon. Både Økokrim og regjeringa ber Europarådet om å oppheve den diplomatiske immuniteten til Jagland. Stortinget ønsker ei gransking av Utanriksdepartementet.
Diplomat-paret Mona Juul og Terje Rød-Larsen, kjende for å vere sentrale i Oslo-avtalen mellom Israel og Palestina frå 1993, skal ha fått hjelp av Jeffrey Epstein til å kjøpe ei leilegheit på Frogner. Eigaren hevdar å ha blitt utsett for trugslar og «mafiametodar», og dermed pressa til å selje leilegheita for 14 millionar, noko som kan ha vore halvparten av kva ho var verd. Epstein skal også ha testamentert 10 millionar dollar til borna til Juul og Rød-Larsen.
Børge Brende, tidlegare utanriksminister i Solberg-regjeringa og noverande leiar for Verdas Økonomiske Forum (WEF) i Davos, har også hatt brevveksling med Epstein. Brende nektar overfor NRK for at han kjente til fortida til Epstein.
Thorbjørn Jagland var statsminister i Noreg frå 1996 til 1997, og Ap-leiar i 10 år. I seinare tid har han vore generalsekretær i Europarådet. | Foto: Stortinget
Marius Borg Høiby i retten
Rettssaka mot Marius Borg Høiby (29), son til kronprinsesse Mette-Marit, starta i Oslo tingrett denne veka.
Han er tiltalt for 38 lovbrot, mellom anna fire valdtekter (tre av dei utan samleie), grov kroppskrenking, mishandling i nære relasjonar, trugslar, grovt narkotikalovbrot og køyring utan gyldig førarkort. Høiby erkjenner straffskuld for nokre av tiltalepunkta, men nektar skuld for dei mest alvorlege lovbrota.
I det eine tilfellet av valdtekt utan samleie, som har vore tema i retten denne veka, har han hevda at kvinna samtykka til sex, medan kvinna sjølv hevdar at ho var utan medvit og kanskje neddopa.
Eit enormt, internasjonalt pressekorps har møtt opp til rettssaka. Høiby har i rettssalen kritisert pressa for å «trakassere» og «forfølge» han. Prinsesse Ingrid Alexandra gjekk torsdag ut på sin private Instagram-konto og spurde «Når er det nok?».
Marius Borg Høiby er i retten denne veka. | Teikning: Ane Hem/NTB
Grenseovergangen i Rafah opnar – så vidt
Fem sjuke og skadde palestinske born vart frakta ut frå Gaza via grenseovergangen i Rafah måndag, skriv The Guardian. Dei fekk følge av to slektningar kvar.
Det var første gongen grenseovergangen har vore open på over 20 månader.
Det var opphavleg planlagt at rundt 150 menneske skulle krysse grensa frå Gaza til Egypt, ifølge egyptiske styresmakter. Palestinske talspersonar skuldar på at israelske sikkerheitssjekkar var forseinka.
Om lag 30 pasientar har totalt vorte førte ut av Gaza denne veka. Helsestyresmakter på Gaza opplyser at rundt 20 000 pleietrengande palestinarar ønsker å forlate territoriet via grenseovergangen.
Samstundes har nokre titals palestinarar som flykta frå territoriet etter at åtaka frå Israel starta, fått sleppe inn igjen på Gaza via Rafah.
Rafah, på grensa mot Egypt, er Gazas einaste grenseovergang som dei ikkje deler med Israel. Israelske styrkar tok kontroll over grenseovergangen og stengde han for over 20 månader sidan. Dei meinte det var naudsynt for å hindre våpensmugling til Hamas. Samstundes kutta dei av forsyningar av medisinar og andre varer til Gaza.
Amani Abu Talha fekk krysse grensa inn til Gaza med dei seks borna sine natt til onsdag. | Foto: AP Photo/Jehad Alshrafi
Menneske har vorte nedgravne av snø i heimane sine, utsette for dødelege uhell eller vorte stranda medan dei var på reise, skriv avisa.
Den japanske rikskringkastaren NHK fortel om ein mann i 60-åra som døydde då huset hans kollapsa under vekta av snøen. Ein annan stad vart ei 91 år gammal kvinne funnen gravlagd under snøen med ein spade i nærleiken.
Dei japanske styresmaktene opplyser at over 200 menneske har vorte skadde og har åtvara mot takras og huskollapsar.
Snøvêret kjem i forkant av sundagens val til Representantanes hus i Japan, og det er varsla om meir snø i helga.
Valdsamt snøfall har prega Japan dei siste vekene. | Foto: Chiaki Ueda/Kyodo News via AP
Over 160 døde etter angrep i nigerianske landsbyar
Amnesty International melder om 170 drepne i landsbyane Woro og Nuku i staten Kwara vest i Nigeria. Mange vart skotne på nært hald, og nokre vart brente levande. Åtakarane skal også ha tent fyr på butikkar og heimar.
President Bola Tinubu hevdar at den militante islamistiske gruppa Boko Haram står bak åtaka, medan lokalpolitikar Mohammed Omar Bio rettar skulda mot Lakurawa, ei væpna gruppe som er assosiert med IS. Ingen av gruppene skal ha teke ansvar for angrepa, skriv AP.
Åtaka kjem etter ei rekke dødelege åtak og kidnappingar frå islamistiske militantar i Nigeria dei siste månadane. Militæret i landet har slite med å halde kontroll på tryggleiken, skriv AP.
Guvernør Abdulrahman AbdulRazaq meiner angrepet truleg kom som respons på nylege anti-terror-operasjonar i regionen. USA har nyleg sendt militære offiserar til Nigeria.
Nigerianske soldatar stod vakt etter eit angrep av ei væpna gruppe i Nord-Nigeria i juni i fjor. | Foto: AP
Vekas lyspunkt: Ein månad utan dødeleg skyting i Sverige
Svenske Expressen og Aftonbladet melder at ingen har vorte drepne av skotskadar i Sverige i januar.
Det er første månad på åtte år utan dødeleg våpenvald.
Sidan 2018 har 382 personar vorte drepne med skytevåpen i Sverige. I 2024 og 2025 vart 44 menneske drepne i året.
– Det har vore ein minkande trend, seier kriminolog Manne Gerell til Aftonbladet.
Han peiker på at både den noverande og den førre regjeringa, så vel som politiet, har teke kraftige grep med gjengkriminaliteten.
– Eg trur, med trykk på trur, at det faktum at ein har tatt mange av toppane utanlands, kan spele inn. Dei har finansiert mange av dei konfliktane som har rasa i Sverige, og mange av dei har vorte tatt det siste året, seier han.
Stortorvet i Malmø. | Foto: Christian Beiwinkel via Wikimedia Commons
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.