Breva til dei unge kvinnene Tala Albanna og Michelle Amzalak gjev eit vindauge inn til både Palestina og Israel. Boka Vi er oppdratt til å hate hverandre er ein god plass å starta dersom du vil forstå Gaza-krigen betre.
Tala Albanna og Michelle Amzalak har vakse opp berre ei mil frå kvarandre. Båe er jusstudentar, elskar klassiske russiske romanar og har røter frå byen Jaffa. Likevel manglar dei føresetnadane for å førestilla seg kvarandre sine liv.
Albanna er nemleg frå Gaza, medan Amzalak er jødisk og bur på den andre sida av muren i den israelske byen Sderot.
Journalisten Dimitri Krier set desse to i kontakt med kvarandre, og dei byrjar å brevveksla. Resultatet har blitt boka Vi er oppdratt til å hate hverandre.
Fakta om boka
Tittel: Vi er oppdratt til å hate hverandre. To studenters brevveksling mellom Gaza og Israel
Forfattarar: Tala Albanna og Michelle Amzalak
Forlag: Kagge
Omsetjar: Agnete Øye
Omsett frå fransk. Breva er originalt skrivne på engelsk.
Originaltittel: Nos cœurs invincibles
Utgjeven: Januar 2025
Sjanger: Sakprosa
Personleg
Gjennom brevvekslinga blir me kjende med dei to kvinnene og samfunna dei lever i. Boka er ikkje ei fullstendig innføring i konflikten mellom Israel og Palestina.
Albanna og Amzalak skriv frå kvar sine personlege perspektiv.
Særleg Amzalak er medviten om at ho ikkje er representativ for befolkninga i Israel, men i opposisjon til storsamfunnet. Ho gjekk på den einaste skulen i Israel der jødar og palestinarar får undervisning saman, avskyr Netanyahu og er aktiv på den politiske venstresida.
Trass blindsonene til boka, er eg heilt sikker på at dei fleste vil ha stort utbytte av å lesa ho, uansett kor lite eller mykje ein kan om Midtausten frå før.
Innsiktsfull
Det er særleg forfattarane sine evner til å formulera seg tydeleg og tenkja klart som gjer denne boka leseverdig. Det er lett å forstå kva dei meiner – og kvifor dei gjer det.
Dei unngår klisjear og har eit jordnært språk. Enten har både Albanna og Amzalak eit naturtalent til å skriva, eller så har dei fått særs bra redaksjonell hjelp.
Skildringane frå innsida av både det israelske og palestinske samfunnet er innsiktsfulle. Dei får godt fram kompleksiteten og dei interne motsetnadane blant høvesvis israelarane og palestinarane. I tillegg er det personlege utgangspunktet til Albanna og Amzalak ei sterk påminning om at det står ekte menneske på båe sidene.
Boka er også eit prov på at ein kan – og bør – formidla israelske perspektiv sjølv om ein ikkje deler dei. Premissen for dette bokprosjektet er at ein må kjenna alle partane i ein konflikt for å kunna forstå og løysa ho.

Altfor kort
Det mest negative eg har å seia om denne utgjevinga er lengda – ho er for kort. Breva som dei to kvinnene har skrive, utgjer berre hundre sider. Elles er boka ispedd eit kjedeleg forord og ei tidslinje
Eg skulle gjerne høyrt meir frå Albanna og Amzalak.
Fordelen med at boka er kort, er at du har ei unnskyldning mindre for å ikkje lesa ho. Om du ynskjer betre innsikt i Gaza-krigen, bør Vi er oppdratt til å hate hverandre stå øvst på leselista di.






