Fleire grønlandske ungdommar søkjer arktisk «førstegongsteneste»

I år startar det tredje kullet med Arktisk basisutdanning, som er eit tilbod for ungdommar busett på Grønland. Utdanninga har 24 prosent fleire søkjarar til årets kull.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2026 16:02

I 2024 lanserte det danske forsvaret opplæringsprogrammet Arktisk basisutdanning på Grønland. Sidan starten har kulla vorte utvida frå 22 til 30 elevar, og det har vore betydeleg fleire søkjarar enn talet på plassar.

Søknadsfristen for det tredje kullet som startar i juli 2026 gjekk ut 1. desember 2025.

Arktisk basisutdanning (Arktisk basisuddannelse)

  • Eit opplæringsprogram på 6–12 månadar i regi av det danske forsvaret.
  • Utdanninga vart lansert i 2023 og første kull starta i 2024.
  • Kandidatane får 6 månadar basisopplæring og kan utvida med ytterlegare 6 månadar opplæring i ulike avdelingar i det danske forsvaret på Grønland.
  • Kandidatane må vera over 18 år og busett på Grønland.
  • Kandidatane må gjennomføra evnetestar på dansk eller grønlandsk og oppfylla helsekrava til forsvaret.
  • Målet er å styrka beredskapen på Grønland.
  • Etter enda opplæring kan rekruttane søkja seg vidare i forsvaret, politiskulen på Grønland eller brann- og redningstenestene på Grønland.

Kjelde: Sullissivik.gl

24 prosent fleire søkjarar

I ein e-post til Framtida.no opplyser det danske forsvaret at talet på søkjarar har auka sidan starten. 163 ungdommar har søkt om plass til årets kull som startar i juli, noko som er 32 fleire søkjarar enn til førre kull.

Årets kull er ein del av den store øvinga «Arctic Endurance», der Noreg og fleire andre Nato-land deltek med militært personell.

Utdanninga skal styrka beredskapen på Grønland gjennom å gje lokale ungdommar opplæring i militære ferdigheiter. Opplæringa er eittårig, der det første halvåret består av ei grunnopplæring og det andre halvåret er meir praktisk, og er ope for unge over 18 år busett på Grønland.

– Eg er parat til å forsvara mitt land, òg med våpen, om det blir naudsynt. Dette landet betyr mykje for meg, seier ein 24-år gamal rekrutt som vert omtala med etternamnet Platou til danske TV2.

– Styrka samfunnstryggleiken

Kandidatane må gjennomføra evnetestar på anten dansk eller grønlandsk og oppfylla helsekrava til det danske forsvaret. Etter fullført utdanning kan rekruttane søkja seg vidare i forsvaret, politiskulen på Grønland eller brann- og redningstenestene på Grønland.

Opplæringa vert hovudsakleg gjennomført i Kangerlussuaq, som etter den andre verdskrigen husa mange amerikanske soldatar.

Den danske regjeringa inngjekk i oktober ein Arkis-avtale der det er sett av over 27 milliardar kroner til å styrka forsvaret. Å auka opptaket til Arktisk basisutdanning er ein del av dette.

Sjef for Arktisk Kommando, generalmajor Søren Andersen, fortel til den grønlandske avisa Sermitsiaq at utdanninga er under utvikling.

– Me skal styrka samfunnstryggleiken og målet er at det grønlandske samfunn skal vera med å styrka tryggleik, beredskap og robustheit, seier han til avisa.

Til dømes blir rekruttane no òg opplært til å bli droneoperatørar.