Amsterdam forbyr reklame for fossil energi og kjøt
Den nederlandske hovudstaden forbyr all reklame for fossilt brensel – og for kjøt.
Ifølgje Nationen vil reklameforbodet bety at byen ikkje lenger vil tillata reklame for flyreiser, cruiseskip, bensinbilar eller kjøtprodukt. Fleire andre kommunar i Nederland har innført liknande forbod, men Amsterdam vert den fyrste hovudstaden i verda som gjer slike tiltak.
Allereie frå 2020 byrja byen å avgrensa slik reklame, gjennom avtalar med annonsørar. No vert desse reglane altså allmenne, og ein del av det lokale regelverket.
Det har vore noko bekymring rundt korleis ein skal handheva forbodet, men det finst presedens. Etter at Haag innførte eit liknande forbod for ei stund sidan, gav den nederlandske høgsteretten medhald til byen.
I Noreg har det vore somme forsøk på å innføra slike forbod, for det meste framsette av MDG, men desse har ikkje ført fram, og vanlegvis vorte nedstemde av både Høgre og Arbeidarpartiet.








