Nederland: Under halvparten av unge vaksne vil ha born

Praktiske årsaker og økonomisk usikkerheit er blant grunnane til at nederlendarar får færre born.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

53 prosent av nederlendarar mellom 18 og 35 år svarar at dei ikkje har lyst på born, eller at dei er usikre, ifølge ei nederlandsk undersøking.

Dei spurde oppgir ulike grunnar til at dei ikkje ønsker born, mellom anna praktiske årsaker og personleg fridom.

Økonomisk usikkerheit, mangel på bustader, global ustabilitet, klimaendringar, helsemessige årsaker og mangel på ein partnar er andre årsaker.

Den nasjonale fødselsraten i Nederland har sokke frå 1,8 born per kvinne i 2010 til 1,4 i 2024. Fødselsraten bør ligge på rundt 2,1 for å oppretthalde befolkinga i eit land, sett vekk frå innvandring.

Den nederlanske økonomen Jona van Loenen fryktar at ei raskt minkande befolking vil forverre mangelen på arbeidskraft, særleg innanfor helse, byggebransjen og teknisk sektor, medan talet pensjonistar vil auke, seier han til den nederlandske kringkastaren RTL.

Økonom Jan-Pieter Peijs, på den andre sida, meiner det er positivt med låge fødselsrater når den globale befolkinga ligg an til å vekse mot 11 milliardar. Han meiner færre folk vil lette på trykket på bustadmarknaden, infrastruktur og miljøet.

– Jorda slit allereie med å bere dei noverande tala, seier han til RTL.