Jordas ressursar er brukte opp for i år

Verdas overforbruksdag blir markert torsdag. Noreg er blant verstingane, men er litt betre enn Danmark, Sverige og Finland.

NPK-NTB
Publisert

Earth Overshoot Day er dagen då verda har brukt opp ressursane som naturen sjølv klarer å gjenopprette på eitt år. Etter dette lever befolkninga på lånte ressursar.

– Vi forbruker som om vi hadde nesten to jordklodar. Når rekninga kjem, som ho alltid gjer, er det mellom anna i form av meir ekstremvêr og større uvisse for mat, vatn og økonomi, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdsnaturfondet i ei pressemelding.

Menneskeslekta forbruker no naturen 73 prosent raskare enn økosystema klarer å fornye, ifølgje berekningane. Det svarer til 1,73 jordklodar og er det høgaste globale overforbruket som er målt.

Med andre ord forsyner vi oss av jordas ressursar på kreditt.

Fossile utslepp er verstingen

Fossile utslepp, altså utslepp frå kol, olje og gass, utgjer heile 61 prosent av det totale økologiske fotavtrykket.

Generalsekretær i WWF, Karoline Andaur, meiner Noreg må fase ut fossil energi raskare og at regjeringa må føre ein politikk som gjer ombruk og reparasjon enklare. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Ei halvering av fossile CO2-utslepp vil ifølgje Global Footprint Network flytte overforbruksdagen omtrent tre månader seinare på året.

– Så lenge dei fossile utsleppa held fram, vil vi stå overfor stadig meir dramatiske verknader som kjem til å overgå den klimasommaren vi ser i år. Dette peikar også rett mot norsk oljepolitikk. Verda er i full gong med energiomstillinga, og Noreg må ta steget ut av oljealderen, seier Andaur.

Ho peikar på tre omfattande tiltak som kan avgrense overforbruket.

– Folk skal ikkje bere ansvaret åleine. Politikarane må endre kva som lønner seg. Vi må slutte å leite etter meir olje og gass, omstille oss til fornybar energi og gjere det enklare å bruke ting lenger. Slik kan Noreg bidra til å flytte datoen, seier Andaur.

Dårlege tal for Noreg

Noreg er blant landa som forbrukar aller mest per capita. I år er det ikkje berekna nokon eigen norsk overforbruksdag, ifølgje Earth Overshoot Day. Det kjem for lite av og for dårlege bakgrunnsdata, men i fjor kom den allereie 16. april.

Til samanlikning viser tala frå i år at overforbruksdagen kom 29. mars i Danmark, 1. april i Finland og 4. april i Sverige. Verst er Qatar, der overforbruksdagen kom allereie 4. februar.

Ifølgje Andaur ville vi trengt ressursane frå 3,6 jordklodar om alle levde som nordmenn.

– Vi er blant verstingane i verda. Om nokon skal gjere ein innsats her, så er det i alle fall oss, avsluttar ho.