Romanserykte, nazihelsing og Lothepus – dette er dei mest lesne sakene på Framtida i 2025

Lothepus, festrøyking og romanserykte var nokre av sakene som trakk flest lesarar til Framtida.no i 2025.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

10. MDG-Frøya om romanserykte: – Tar det som eit stort kompliment

MDG-politikar Frøya Skjold Sjursæther og Frp-politikar Simen Velle koste seg på slottsmiddag med det nye Stortinget. Foto: Instagram: Simen Velle og Frøya Sjursæther

Etter stortingsmiddagen spekulerte enkelte på Instagram i om i om MDG-Frøya og FRP-Simen kunne vere Noregs neste «power couple». Frøya Skjold Sjursæther tok det heile med eit smil og avkrefta rykta til Framtida.no.

Les saka her!


9. Draumeleilegheit til låg pris – mot å vente til eigaren døyr før du kan ta over?

Fristar det med leilegheit i Paris? Biletet er teke frå ei leilegheit i Rue La Fayette, men det er uvisst om eigaren har nytta seg av viager-ordninga for å skaffe seg den. Foto: Isaiah B / Unsplash

I Frankrike kan du gjennom viager-ordninga kjøpe bustad rimeleg mot at du må vente til eigaren er død før du får ta over bustaden. Kan dette vere ei løysing på bustadkrisa?

Les saka her!


8. Fleire unge «festrøyker» – Kreftforeningen skuldar på sosiale medium

Artisten Charli XCX, norske SA_G og påverkar Frida Marie Grande, er blant dei som har fyrt opp ein sigarett i sosiale medium. Foto: Instagram

Ein av dei nominerte påverkarane til «Årets influensar helse» under Vixen Awards er blant dei som fyrar opp i sosiale medium. Andelen unge i alderen 16–24 år som røyker aukar. Kreftforeningen meiner utviklinga er eit argument for aldersgrenser i sosiale medium.

Les saka her!


7. Dottera om Elon Musk-gest: – Definitivt ei nazi-helsing

Elon Musk fotografert i det ovale kontor med president Donald Trump 11. februar 2025. Foto: AP Photo/Alex Brandon

Etter presidentinnsettinga i januar diskuterte heile verda om Elon Musk gjorde ei nazihelsing frå scena.

Dottera Vivian Jenna Wilson (20) var ikkje i tvil om kva den mykje omtala gesten var.

– Den driten var definitivt ei nazi-helsing. Publikum er like skuldige og eg føler folk ikkje snakkar nok om det, sa ho til Teen Vogue.

Les saka her!


6. Amrit Kaur etter debatten: – Openbert at eg vert forskjellsbehandla

Amrit Kaur trekker seg som leiar i Raud Ungdom. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur var einaste kvinne på podiet og reagerte på lite taletid i ungdomspartileiardebatten under Arendalsuka.

– Eg var litt sur då det var ferdig fordi eg hadde førebudd mange gode innlegg og poeng eg ville få fram. Så skjønar eg at eg ikkje får inn alt det eg vil, men eg synest eg fekk ordet ganske lite, sa Amrit Kaur på telefon til Framtida.no.

Ho fekk støtte av Grøn Ungdom-leiaren.


5. Då Lothepus var 20 gjekk han med hårnett for å trasse forsvaret

Cowboyhatten er framleis på plass for Lothepus, fleire tiår seinare. Foto: Privat og Åshild Slåen

– Eg vart jo teken framfor tusen mann som eit eksempel på korleis folk ikkje skal kle seg. Eg vart jaga ut av leiren då vi skulle få besøk, fortalde Leif Einar «Lothepus» Lothe om opplevinga i førstegongstenesta.

Les saka her!


4. Oslo kommune ber partia halde seg unna stemmekøane

Her deler ein representant frå Høgre ut brosjyrar i stemmekøen på Egertorget. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

I september var det val og Oslo kommune vart kontakta av veljarar som synest det var plagsamt med pågåande listeberarar når dei skulle stemme. Saka vart først omtala av Framtida.no og plukka opp av NTB, VG og NRK.

Les saka her!


3. Elevar frå ulike delar av Oslo gjekk i same klasse: – Folk kan ha fordommar

Victor Flygind og elleve andre elevar frå Uranienborg ungdomsskole tok buss i 14 kilometer til Bjøråsen skole på Romsås. Foto: Espen Solli/TV 2

I to veker gjekk 24 elevar frå Oslo vest og aust i same klasse. Resultatet av eksperimentet kan du sjå i TV 2-serien Skolebytte.

– Folk kan ha fordommar om at ein er litt bortskjemte og sånn. Det er ikkje alle som er det, men sikkert nokon, fortalde Victor Flygind som gjekk på Uranienborg ungdomsskole under innspelinga.

Les saka her!


2. AUF-leiaren: – IKKJE ta q-tips i øyret!

– Når det kjem ein sterk høgrevind som det gjorde i fjor, så veit eg at han går over. Det er fordelen med å ha vore med ei stund, seier AUF-leiar Gaute Skjervø, som er blant dei eldste i ungdomspolitikken i Noreg. Foto: Mathea Kulbotten

I forkant av valet satsa Framtida.no på ungdomspolitikk og portrettintervjua ungdomspartileiarane.

– Eg har nesten døydd av ein q-tips. Eg var for hardhendt, fekk ei rift, og enda sju dagar på sjukehus, med alvorleg infeksjon i hovudet. IKKJE ta q-tips i øyret er eit godt råd! avslørte AUF-leiar Gaute Skjervø.

Les saka her!


1. Lothepus (56) er ikkje feminist – dottera Ida (21) er ueinig

Ida Lothe (21) og Leif Einar Lothe (56) er eit naturleg lag i Oslo. Foto: Åshild Slåen

– Han har funne ut at han er feminist, hevda Ida Lothe om far Leif Einar Lothe (56), men fekk motstand:

– Nei, eg er jo ikkje feminist! kontrar Lothepus, som likevel har endra seg mykje gjennom livet.

– Eg har endra masse meiningar. Eg har jo innrømt at eg har teke masse feil. Eg trudde jo at eg var kjempetøff, men eg har jo sett at det å vere best er at alle er gode på sin måte.

Les saka her!