Helsesjukepleiaren hjelpte Noel ut av ein vanskeleg heim – no vil fylket kutte i tilbodet
Det tok 16 år før Noel oppsøkte hjelp. Utan eit lågterskeltilbod hadde han kanskje aldri gjort det.
– Det var ein augeblink då eg kjente meg veldig låg. Eg snakka med miljøarbeidaren på skulen, og fortalde han situasjonen. Han viste meg vidare til helsesøster, fortel Noel (17).
Han er elev på Roald Amundsen vidaregåande skule.
16-åringen fortel om ein vanskeleg heim med utfordrande tilhøve. Han fortel at det prega han i nesten 16 år før han endeleg tok grep. Då hadde situasjonen kome til eit alvorleg punkt.
– Eg tenkte lenge at eg ikkje hadde eit så stort problem, at det finst folk med større vanskar enn meg. Om vi ikkje hadde tilgjengeleg helsesjukepleiar på skulen, ville eg nok ikkje ha prøvd å få hjelp i det heile, seier han.
Hos helsesjukepleiaren fann han hjelpa og støtten han trong. Ho hjelpte han med å ta kontakt med dei rette personane, og no har han flytta ut heimefrå.
– Eg har fått ei stor vekt av skuldrene. Presset eg har kjent på heile livet er nesten borte. Det er mykje lettare å leve livet og fokusere på skulen, fortel han.
Framtida.no har ikkje snakka med familien til Noel, og har valt å omtale han berre ved fornamn av omsyn til tredjepart.
Vart sinte
Den hjelpa Noel fekk på skulen, er no i ferd med å forsvinne.
Fylkestinget i Akershus har føreslått å redusere tilskotet til helsesjukepleiarar i vidaregåande skule med nærare 12 millionar kroner. Fylkesråden viser til at kommunane ikkje har følgt opp tilskotet slik det var tenkt – sjå svaret frå fylkeskommunen lenger nede i saka.
– Med ein gong vi fekk høyre det, vart vi sinte, fortel Celin Strøm-Fredriksen.

Celin Strøm-Fredriksen. Foto: Privat
Ho starta eit opprop i lag med Noel og Lina Martinsen. Det vart snart underteikna av så godt som heile skulen. Oppropet har i skrivande stund fått 560 signaturar. Det er nok til å få eit innbyggarforslag lagt fram for fylkestinget.
– Når alle på skulen signerer med ein gong, ser vi at det er noko alle elevar brenn for. Det viser noko om kor ille det er. Engasjementet hadde ikkje vore så stort om det ikkje var viktig, seier Martinsen.
Fylkestinget skal behandle budsjettet for 2026 torsdag.
Vanskeleg å søke hjelp
Dei tre ungdommane slår fast at terskelen for å oppsøke hjelp aukar betydeleg dersom elevane ikkje har ein tilgjengeleg helsesjukepleiar på skulen. Alternativet vert då å få time hos helsestasjonen. Då må ein gjere ein avtale, legge inn reisetid, og møte ein framand i døra. Det kan kjennest utrygt for mange.
Å dra til helsestasjonen gir ikkje godkjent fråvær og har avgrensa opningstider som i stor grad kolliderer med skulekvardagen.
Helsesjukepleiaren på skulen har derimot presentert seg sjølv for alle elevane på skulen. Dei kjenner fjeset hennar godt, og ho har tid til å følge opp elevane.
– Det er allereie vanskeleg å søke hjelp, spesielt når det gjeld psykisk helse. Mange unge kan lure på om dei eigentleg har eit problem, eller om det berre er i hovudet deira. Det å kunne gå ut frå timen, rett bort på eit kontor på skulen og spørje om hjelp, er mykje lettare enn å gjere alt det ekstra, seier Strøm-Fredriksen.
Ny strategi
I haust vedtok fylkestinget i Akershus ein ny ungdomshelsestrategi for «et samfunn der unge mestrer, deltar og blir inkludert». Strategien dreier seg om å hindre at unge mellom 15 og 24 år fell utanfor utdanning, arbeid og fritidstilbod.
Angst, depresjon eller stress kan føre til at unge hamnar utanfor arbeid og utdanning, slår strategien fast. Han viser til at ungdomstida er ein sårbar periode. Strategien peikar mellom anna tidleg innsats som eit verkemiddel for å hindre utanforskap.
Strategien rettar seg særleg mot ungdom som har falle ut av skulen, eller som står i fare for å gjere det. Eit viktig tiltak her er ei satsing kalla «Mestringsverkstedet», som rettar seg mot ungdom som slit med til dømes skulevegring, angst eller konsentrasjonsvanskar.
– Startar i det små
Elevane ved Roald Amundsen v.g.s. meiner det ikkje held å satse på dei som er i fare for å droppe ut av skulen.
– Kanskje færre vel å droppe ut av skulen, men resten av oss kjem til å prestere dårlegare, fordi vi ikkje får hjelpa vi treng til alt det andre. Alle som slit med småting i kvardagen får finne ut av det sjølv, seier Strøm-Fredriksen.
Noel understrekar at det er viktig å hjelpe dei som er i fare for å droppe ut av skulen.
– Men det startar ofte med dei små tinga, som veks seg så store at du på eit tidspunkt ikkje klarar å gjere noko med det. Eg heldt sjølv på å droppe ut i fjor, seier han.
Dei påpeiker at det er eit stor spenn mellom dei som har ein uproblematisk kvardag og dei som held på å droppe ut av skulen.
– Eg trur ikkje politikarane ser kva effekt dette faktisk kjem til å ha. Eg trur fråværet vil bli høgare og karakterane dårlegare. Skulehelsetenesta er så utruleg viktig, og det viktigaste er at ho vert heldt så lågterskel som ho er no, seier Strøm-Fredriksen.
– Brukte ikkje tilskotet som tenkt
Lise Hagen Rebbestad er fylkesråd for opplæring og kompetanse i Akershus fylkeskommune.
Helsesjukepleiarane er tilsette i kommunane. Rebbestad skriv i ein e-post til Framtida at fylkeskommunen har gitt eit tilskot til kommunane, for å auke talet på helsesjukepleiarar i dei vidaregåande skulane.
Kommunane har ikkje levert på dette, skriv Rebbestad. Ho opplyser at 29 av dei vidaregåande skulane i Akershus ikkje har fått fleire ressursar.
– Vi har avdekka av tilskotet diverre ikkje blir brukt på å gi elevane våre fleire helsesjukepleiarar. Difor prioriterer vi heller å bruke pengar på å styrke ordningar som vi veit har ein effekt på den psykiske helsa til unge, og fullføringsgraden i den vidaregåande skulen, skriv ho.
Ho legg til at regjeringa har kutta 250 millionar kroner til Akershus fylkeskommune i statsbudsjettet.
Styrkar skreddarsydd tilbod
Rebbestad trekker fram at fylket vil sette av 10 millionar kroner til å styrke det nemnde Mestringsverkstedet.
Rebbestad vedgår at god tilgang på miljøarbeidarar og helsesjukepleiarar kan bidra til at utfordringane til elevane kan bli fanga opp før dei blir for store. Likevel understrekar ho at årsakane til at nokon fell utanfor, er komplekse, og at det difor er viktig med tilbod som er skreddarsydde etter behova til elevane.
– I Mestringsverkstedet kan elevane vere anten kort eller lenge, og få eit løp som passar til deira situasjon. Dette bidrar til at fleire opplever meistring og finn vegen tilbake til det ordinære skuleløpet, skriv ho.
Ho avsluttar:
– Helsesjukepleiarane i Akershus-skulane gjer ein utruleg god jobb. Difor har vi tillit til at kommunane som er arbeidsgivarane deira, framleis vil halde oppe stillingane og gi elevane det dei har krav på.
Ungdommane på Roald Amundsen v.g.s. er ikkje nøgde med forklaringa frå fylkeskommunen.
– Kanskje har ikkje alle kommunane brukt tilskotet rett, men det å fjerne det heilt er berre tull. Det er oss elevar som blir straffa, seier Celin Strøm-Fredriksen.
– Kan få alvorlege konsekvensar
Turid Korsbø Undset, leiar for skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom i Nordre Follo kommune, skriv i ein epost til Framtida at tilskotet frå Akershus fylkeskommune er viktig for ungdommane.
Dersom det fell bort, må kommunen finne kreative løysingar for å halde oppe eit forsvarleg tilbod.
– Skulehelsetenesta er ein viktig del av førebyggande arbeid og fysisk, psykisk og seksuell helsehjelp for ungdom. Reduksjon i ressursane kan få alvorlege konsekvensar for elevane, slår ho fast.
Undset opplyser at kommunen har brukt tilskotet frå fylkeskommunen på å styrke skulehelsetenesta over tid.
Kommunen har tre vidaregåande skular, inkludert Roald Amundsen v.g.s., og dei har 3,8 årsverk helsesjukepleiarar knytt til desse skulane. Ho slår fast at tilskotet frå kommunen gir eit betre tilbod til elevane.
– Vi har gått frå rundt 1,3 årsverk til nesten 4 årsverk i dag – ei jamn og målretta styrking av tenesta, skriv ho.
I tillegg til helsesjukepleiarar har kommunen ein mobil fysioterapeut og eit lågterskeltilbod for psykisk helse retta mot elevane.
– Utan tilskotet frå fylkeskommunen ville vi truleg hatt færre årsverk, noko som ville ha svekt tilbodet vesentleg, skriv ho.










