1250 elevar har helsesjukepleiar ein halv dag i veka – nokre må reise to kilometer

Kristiansund kommune har flytta skulehelsetenesta for to vidaregåande skular til sentrum. Det er ope fire timar éin dag i veka.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det kom som eit sjokk for dei fleste, seier Marius F. Ringstad (16) på telefon til Framtida.no.

Då leiaren for ungdomsrådet i Kristiansund og resten av elevane starta på Atlanten vidaregåande skule i Kristiansund denne hausten fekk dei informasjon på skjermane om at skulehelsetenesta ikkje lenger var tilgjengeleg på skulen.

– Kutt som rammar unge

Som leiar av ungdomsrådet i Kristiansund kommune fekk han ein e-post før sommaren om at kommunen ville flytta skulehelsetenesta ved to vidaregåande skular til eit helsehus i sentrum.

Det betyr at elevar ved Atlanten og Kristiansund vidaregåande skule ikkje lenger har tilgang på helsesjukepleiar på skulen, men må reise om lag to kilometer til helsehuset i sentrum.

Det nye tilbodet skal dekkja 1250 vidaregåandeelevar i Kristiansund og er berre ope onsdagar mellom kl. 13 og 17.

– Me i ungdomsrådet meiner at dette ikkje er ei styrking av tilbod, men kutt som rammar dei unge, seier Ringstad.

Høgare terskel

Leiaren i ungdomsrådet peikar på at unge treng trygge vaksne å snakka med, og fryktar at terskelen for å reisa ned til sentrum for å snakka med helsesjukepleiar vert høg for mange.

– Det vert ei større belastning for unge som har vanskeleg for å snakka med folk. Dei er veldig flinke å snakka med folk, men når det vert flytta frå skulen er det mange som vil droppa det fordi det tek lang tid, trur 16-åringen.

Han meiner det er problematisk at ein ikkje lenger kan stikke innom skulehelsetenesta i eit friminutt, og at terskelen kan vera høg om ein anten slit psykisk eller fysisk.

– Elevane treng noko som er nær dei. Då krev det ikkje ekstra planlegging for elevar og lærar, om ein kan gå inn i eit friminutt. No må ein ta turen heilt inn til sentrum når opningstidene er på onsdagen. Det kan bli litt problematisk, seier 16-åringen.

Han fryktar at elevane fort kan risikera mykje fråvær når dei må gå eller ta buss for å rekkja opningstida over to kilometer frå Atlanten vidaregåande skule. Frå Kristiansund vidaregåande skule er det 1,3 kilometer avstand.

Helsesøster reagerer

Lokalavisa Tidens Krav har skrive fleire saker om kutta, som mellom anna har fått reaksjonar frå helsesjukepleiarprofilen Tale Marie Krohn Engvik, kjent som Helsesista.

Tale Maria Krohn Engvik, kjent under namnet Helsesista fotografert i 2019. Arkivfoto: Ingvild Eide Leirfall

– Når helsetenesta blir flytta ut av skulen, aukar terskelen dramatisk for å søkja hjelp. Når dei må oppsøkja eit helsesenter i sentrum på ein bestemt vekedag, i eit veldig avgrensa tidsrom, vil mange la vera å ta kontakt. Det betyr at psykiske vanskar, mobbing, vald, overgrep og andre alvorlege utfordringar kan bli verande skjult og ubehandla, seier ho til avisa.

Utdanningsforbundet i Kristiansund peikar på at lærarar vil få meir ansvar for å ta opp tema knytt til rus, seksualitet, prevensjon, psykisk helse og kosthald, og åtvarar om at lærarane vil stå meir åleine i saker som er skule- og helserelaterte.

– Når ein ser stor auke i ufrivillig skulefråvær, er helsesjukepleiarane ei viktig støtte i å førebyggja at elevar får fråvær eller fell ut av vidaregåande, skriv leiar Hege Henden Nørbech i eit innlegg i Tidens Krav.

Involverte ikkje ungdomsrådet

Ungdomsrådet fekk ikkje saka til behandling og leiar Ringstad er kritisk til både avgjerda og at ungdomsrådet ikkje vart involvert i prosessen.

– I lovverket er det fastslått at skulane skal ha eit helsetenestetilbod. Kvifor stiller dei seg ikkje spørsmålet om det er lovleg å flytta det såpass langt unna, spør Ringstad.

Marius F. Ringstad (16) er sjølv elev ved Atlanten vidaregåande skule. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Kommunen er lovpålagt å tilby skulehelseteneste, i tillegg til helsestasjon til barn og ungdom i alderen 0–20 år.

Kristiansund kommune la nyleg fram strategien «Vi skal være der barna er – Forebyggende plan for barn- og unge i Kristiansund 2025-2029». Måla er mellom anna «tidleg innsats for å førebyggja eventuelle utfordringar» og «flytta og byggja opp kompetanse og ressursar der borna faktisk er, som i helsestasjon, barnehagar og skular». 

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, fortel om knappe ressursar og vanskelege prioriteringar i kommuneadministrasjonen, men at saka vil bli tema i budsjettforhandlingane. Foto: Kristiansund kommune

Kommunen: – Knappe ressursar

Ordførar i Kristiansund Kjell Neergaard har stor forståing for reaksjonane som har kome på flyttinga av skulehelsetenesta frå vidaregåande skular.

– Dette er ei omprioritering som administrasjonen har gjort innanfor knappe ressursar, der ressursar er flytta frå vidaregåande skule til grunnskulen, forklarar ordføraren på telefon til Framtida.no.

Tidlegare var 26 timar i veka fordelt på to vidaregåande skular, der fagfolk var til stades eit par timar kvar dag. No er 14 av desse timane blitt omprioritert til grunnskulen, medan vidaregåandeelevane har 12 timar att. Desse er fordelt på to sjukepleiarar og ein lege, som er tilgjengeleg mellom klokka 13 og 17 på helsestasjonen i sentrum på onsdagar.

Ordføraren forklarar at administrasjonen har høve til å gjera slike omprioriteringar, utan at det er ei politisk sak, noko som er grunnen til at ungdomsrådet ikkje fekk saka til behandling.

Budsjettsak

– Det har skapt stort politisk engasjement og dei fleste partia har sagt at me må sjå på det i budsjettforhandlingane. Einaste løysinga eg ser er at me løyver meir pengar til skulehelsetenesta, men me er som dei fleste kommunar i Noreg i ein omstillingsprosess, så eg kan ikkje lova at me finn ei løysing, seier ordføraren.

Kristiansund kommune slit med økonomien og hadde eit underskot på 66 millionar kroner i fjor.

– Eg har stor respekt for dei menneska som er tettast på ungdommane våre gjennom jobbar i ulike instansar. Me skal sjå på det fram mot budsjettet og tek tilbakemeldingane frå ulike instansar, lærarar og ungdom i media på alvor.

Omprioritert til grunnskulen

Ordføraren meiner lova ikkje seier noko om kva lokale ein tilbyr helsestasjon for ungdom i.

– Eg kan skjøna at det er lettare å stikka innom kontor på skulen, men så kan det vera ein terskel for nokon at andre ser dei går til helsesjukepleiar. Det er rett at tilbodet er redusert og eg er heilt einig i at det beste hadde vore å ha skulehelseteneste på vidaregåande skule, men det er ikkje eit alternativ å flytte ressursar frå grunnskulen, understrekar ordføraren.

Han peikar på at det er faglege vurderingar knytt til tidleg førebygging som ligg til grunn for omprioriteringa, og at helsestasjon for ungdom inntil 25 år er godt besøkt.

– Så er det viktig at me følgjer med på besøkstala, om det er færre som tek kontakt når helsestasjonen er flytta i forhold til dei som oppsøkte helsesjukepleiar på skulen. Det er ein risiko me må ta på alvor.

Han peikar på at kommunen ikkje har oversikt over kvifor unge oppsøkjer helsestasjonen, om det er fysisk eller psykisk helse, og understrekar at Kristiansund vidaregåande skule har ei god oppfølgingsteneste.

– Kamp om ressursane

– Er dette å «vera der borna er», slik førebyggingsplanen dykkar seier?

– Me er til stades der borna er i grunnskulen, men så er me mindre til stades der dei er i vidaregåande skule. Vidaregåande skule er ikkje kommunen sitt ansvar, men kommunen har ansvar for helsesjukepleiarar. Kommunen har vald å flytte meir ressursar til barn i grunnskulen. Det er ei knallhard prioritering i forhold til ressursar, både med tanke på midlar og få tak i folk. I åra som kjem, vil det bli mange tøffe tak og kamp om ressursane, spår Neergaard.

Framtida.no har kontakta Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å få svar på om Kristiansund kommune bryt lova ved å ikkje tilby skulehelseteneste på dei vidaregåande skulane i kommunen.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen svarar via kommunikasjonsavdelinga at dei kjenner til saka gjennom media, men ikkje har nok informasjon til å gjera ei konkret vurdering av om kommunen bryt helselovgjeving eller forvaltningslova.

– Om me ser grunnlag for det, kan me vende oss til kommunen òg av eige initiativ. Det er viktig å ha i bakhovudet at kommunar har sjølvstyre, det vil seia at dei har stor grad av autonomi i korleis dei organiserer ei teneste så lenge tenesta vert gitt i naudsynt omfang og med forsvarleg standard, skriv ho i e-posten til Framtida.no.

– Har de planar om å venda dykk til kommunen på eige initiativ? 

– Me vurderer dette, men har ikkje konkludert, svarar fylkeslegen.