FN-rapport: Klimakatastrofar har fordrive 250 millionar menneske dei siste ti åra
Changemaker meiner rapporten understrekar at klimafinansiering og tryggleikspolitikk går hand i hand, og at klimatilpassing ikkje kan ofrast for opprusting.
Klimarelaterte katastrofar har drive 250 millionar menneske på flukt dei siste ti åra, ifølgje ein ny rapport frå FNs høgkommissær for flyktningar.
Det betyr at 70 000 menneske dagleg vert drivne bort frå heimane sine. Tala inkluderer dei som vert fordrivne av gjentekne klimakatastrofar.
FN anslår at minst 117 millionar er på flukt frå vald, krig og forfølging. Tre av fire av desse lever i land som er utsette for klimakatastrofar.

FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi. Foto: Ministerie van Buitenlandse Zaken/Flickr (CC BY-SA 2.0)
Farleg ekstremvêr
Dei siste åra har det til dømes vore store flaumar i Sør-Sudan og Brasil, vassmangel i Tsjad og Etiopia og hetebølgjer i India og Pakistan.
– Verda over set ekstremvêr folks tryggleik i fare. Det forstyrrar tilgangen til grunnleggjande tenester, øydelegg heimar og levebrød, og tvingar familiar, som i mange tilfelle allereie har flykta frå vald, til å flykta igjen, seier FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, i ei pressemelding.
Menneske på flukt er gjerne hardast råka av alvorleg tørke, dødelege flaumar og hetebølgjer, og har færrast ressursar til å takla utfordringane.

Ragnhild Bergli er leiar i Changemaker.
Leiar i Changemaker Ragnhild Bergli tykkjer tala er brutale.
– Me ser at dei som lever i krig og konflikt vert råka hardare av klimakrisa. Det brenn varmare i helvete enn nokon gong for dei menneska som er på flukt i dei områda, seier ho på telefon til Framtida.no.
Ifølgje rapporten er over halvparten av flyktningar og internt fordrivne i Afrika plassert i pressområde, som minskar tilgangen til mat, vatn og inntekt.
Klimafinansiering vs. tryggleikspolitikk
I flaumråka Tsjad får flyktningar frå krigen i Sudan under ti liter vatn dagleg, noko som er mykje mindre enn dei treng.
Både Tsjad og Sudan er ein del av Sahel-området, der lokalsamfunn fortel at tap av inntekt knytt til klimaendringar er ein drivar for rekruttering til væpna grupper.
Bergli meiner samanhengen mellom klimakrisa og væpna konfliktar er viktig.
– Dette viser at det å nedprioritera klimafinansiering og klimatiltak til fordel for opprusting eller liknande fordi at me ser at verda er meir konfliktfylt, er heilt feil. Klimafinansiering og tryggleikspolitikk går hand i hand, og denne rapporten beviser det.
– Stort gap
Kor mykje rike land skal betala for klimatilpassing i fattige land, som ber eit mindre historisk ansvar og er hardare råka, har vore eit stridsspørsmål gjennom dei ulike klimaforhandlingane.
I fjor vart FNs klimatoppmøte (COP) einige om at rike utsleppsnasjonar skal donera 300 milliardar til klimafinansiering, noko som er langt under dei 1300 milliardane dei råka landa meiner er naudsynte.
Samstundes har mange velgjerdsorganisasjonar måtta kutta i tilboda sine etter at Donald Trump har fryst utbetalinga av rundt 50 milliardar norske kroner i bistand.
Òg FNs høgkommissær for flyktningar opplever finansieringskutt som går ut over moglegheita til å hjelpa flyktningar frå vald og klimarelaterte katastrofar.
– Om me vil ha stabilitet må me investera der folk er mest i utsette. For å hindra framtidig fordriving må klimafinansieringa nå dei områda som allereie lever på kanten. Dei kan ikkje bli overlatne til seg sjølve. Dette COP må levera reell handling, ikkje tomme løfte, seier Grandi i pressemeldinga.
Bergli peikar på klimafinansiering som ei heilt essensiell løysing.
– Me veit jo at det er eit enormt finansieringsgap på klimafinansiering. Rike land har eit historisk, moralsk og juridisk ansvar til å bidra meir, og difor tenkjer me at rike land, som til dømes Noreg, må bidra meir. Noregs rettvise del er 67 milliardar kroner årleg, og årets statsbudsjett og nivået me er på i dag er langt unna det. Så det første me kan gjera er å nytta høvet til å mobilisera meir finansiering, understrekar leiaren i Changemaker.






