BBC har dei siste dagane fått kritikk for dokumentaren Panorama, som dei gav ut i 2024.
I dokumentaren har dei sett saman to sitat frå ein tale Donald Trump heldt før storminga av Kongressen i 2021. Det fekk det til å sjå ut som han eggja opp tilhengjarane sine på ein måte han ikkje gjorde.
NRK Supernytt har òg endra eit innslag dei har laga, der dei har gjort ei liknande klipping i talen til Trump.
Det kvite hus har no saksøkt BBC. I programmet The Ingraham Angle på Fox News sa han at «Eg trur eg må [saksøke dei]», og heldt fram: «Dei endra talen min frå 6. januar, som var ein nydeleg tale, som var ein veldig roande tale, og dei fekk han til å høyrast radikal ut».
Justisministeren i Ukraina, Herman Halusjenko, er suspendert medan det blir etterforska om han er involvert i ei stor korrupsjonssak, melder NRK.
Halusjenko seier på X at det er «sivilisert og riktig» at han blir suspendert.
Til no har myndigheitene i Ukraina tiltalt sju personar for korrupsjon. Fleire av dei er leiarar i atomkraft- og energibransjen.
Dei tiltalte skal ha tileigna seg verdiar for rundt éin milliard norske kroner, mellom anna ved å gi byggjekontraktar til selskap dei sjølv hadde interesser i. Fleire av dei tiltalte har rømt landet.
Foto: Efrem Lukatsky/AP File
Demonstrantar braut seg inn på COP30
COP30, klimatoppmøtet til FN, begynte denne veka i Belém i Brasil. Tysdag braut demonstrantar seg inn i bygget, og ropte mellom anna «Dei kan ikkje bestemme for oss, utan oss», skriv Deutsche Welle.
Demonstrantane var mellom anna medlem av ulike brasilianske urfolk. Raoni Metuktire, leiaren for Kayapo-folket, sa til Reuters same dag at fleire urfolkssamfunn var opprørte over infrastruktur-prosjekt i regnskogen.
Ifølgje ein talsperson frå FN fekk to sikkerheitsvakter mindre skadar.
Foto: AP Photo/Fernando Llano
Nav-direktøren går av
Hans Christian Holte trekker seg som Nav-direktør, skriv NRK. Riksrevisjonen, som har i oppgåve å kontrollere at statens pengar blir brukt på ein forsvarleg måte, har kome fram til at Nav ikkje har hatt god nok internkontroll og loggføring.
– Dette må Nav rette opp i snarast, sa riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen på ein pressekonferanse på tysdag.
Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) seier ho ikkje lenger har tillit til Holte som leiar, og det er etter samtalar mellom dei at Holte no går av.
Holte seier at han ikkje kan gjere anna enn å trekke seg, men at han gjerne skulle ha halde fram som leiar.
Foto: Amanda Pedersen Giske/NTB
FN vil etterforske det som skal vere massedrap etter protestar i Tanzania
Ønsket om ei etterforsking kom etter at myndigheitene i Tanzania sikta fleire hundre menneske for forræderi etter demonstrasjonane.
Politiet i Tanzania har sendt ut ein arrestordre på fleire av leiarane i opposisjonen, som enda ikkje er pågripne. Sikkerheitsstyrkar skal òg ha frakta bort drepne demonstrantar frå likhus til ukjente stader.
Leiar for menneskerettar i FN, Volker Türk, ber om at regjeringa no frigir kroppane til familiane, slik at dei kan bli gravlagde.
Foto: AP/File
Lyspunkt: Å snakke fleire språk kan sinke elding
I ein studie av meir enn 80 000 menneske i 27 europeiske land, frå alderen 51 til 90, har forskarar sett på kva som påverkar elding.
Funna tyder på at det å kunne fleire språk gjer at ein er mindre utsett for akselerert elding, og at effekten aukar jo fleire språk ein kan.
Forskarane trur at å snakke fleire språk trener hjernen, i tillegg til at det gjer det enklare å henge med sosialt og kulturelt, og at det difor har ein positiv effekt på kroppen.
Sjølv om tidlegare studiar har sett på fleirspråklegheit og elding, har ingen brukt så store data, ifølgje forskarane. Difor seier dei at denne studien gir ei betre og breiare oversikt.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.