Rune Timberlid med krim frå Sognefjorden

«Satans mor» er tittelen på ei ny krimbok av sogningen Rune Timberlid.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny sognekrim

Handlinga er lagt til dei indre delane av Sognefjorden. Etter det forlaget fortel, går det hardt for seg med dramatiske historier frå notid og tidlegare tider vove inn i kvarandre.

LES OGSÅ: Lydbøker meir populært enn e-bøker

Mellom anna misser to ordførar frå distriktet livet i ein eksplosjon midt under ein heftig diskusjon om cruisetrafikken.

– Det dukkar òg opp eit lik under Nigardsbreen, og under riving av det gamle sanatoriet på Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører grufulle overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider, heiter det i omtalen av boka. (©NPK)

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål