I bokhylla: Agnes Nordvik elska bøkene om Ruffen

Agnes Nordvik (24) las Tonje Glimmerdal for søskena sine.

Einar Nygaard
Publisert

– Eg les ei bok eller to i veka no. I fjor las eg veldig mykje. I år er det litt mindre, for eg er så inne i skrivinga. Men det er kjempeviktig for meg å lese ved sidan av heile tida.

Det skriv Agnes Nordvik (24) i ein e-post til Framtida. Ho er aktuell med boka «Kyssemerket».

På nattbordet nett no har Nordvik Olavs hus av Kim Leine, Ulvespor av Ingeborg Arvola og Nikola fra Tuzla av Bruno Jovanović.

– Dei gler eg meg til!

 

Fakta

Namn: Agnes Nordvik

Alder: 24

Frå: Oslo

Utdanning: Internasjonale relasjonar og litterär gestaltning

Ho møtte forfattarane førre veke, på «Bokbar» hjå Cappelen Damm.

– Det var ein utruleg fin gjeng å få vere ein del av den kvelden, skriv ho.

Ei god bok kan opne rom

Aller helst les Nordvik skjønnlitteratur, og gjerne romanar og noveller.

– Eg les der eg er! Veldig gjerne på eit svaberg, i ein solvegg, på ein benk i parken, på bibliotek eller kafé. Men oftast ved kjøkkenbordet og i sofaen.

Ei god bok kan opne opp rom i hennar eige liv, skriv ho.

– Ho kan gi meg nye tankar og idear. Eller ho gjer at eg kan leve meg inn i erfaringar og stader som er framande.

– For meg er boka god når eg tek ho med meg vidare, og hugsar den.

Las for søskena

Som liten elska Nordvik å bli lesen for av foreldra sine.

– Spesielt bøkene om Ruffen! Foreldra mine las mykje for søskena mine og meg. Og då eg blei litt eldre, ville eg gjerne lese for dei andre på sengekanten.

Då hugsar ho spesielt godt at ho las Tonje Glimmerdal av Maria Parr høgt.

Seinare, i tenåra, var det eit trekløver av norske bøker som gjorde inntrykk.

– Berge av Jan Kjærstad, Ildverket av Joachim Førsund og Arv og miljø av Vigdis Hjorth. Eg klarte ikkje å leggje dei frå meg.

Ville ikkje skrive andre sine bøker

– Kva bok meiner du er undervurdert?

– Ikkje undervurdert, for ho har fått fantastiske meldingar og reaksjonar, men Og forresten heter jeg Leah av Elida Karo bør halde fram å bli plukka opp av nye lesarar. No er det eit år sidan eg las romanen, og eg tenkjer framleis ofte på Leah og hennar liv.

Likevel ville ikkje Nordvik skrive hennar eller nokon andre sine bøker.

– Det er mange fantastiske bøker der ute, med heilt spesielle blikk, historier og språk, som eg elskar å få ta del i som lesar, skriv forfattaren.

Når det kjem til eiga skriving, er det sjølve prosessen, altså det å skrive, og å nytte tid på å undersøke kva det ho skriv er og kan bli, som ho likar best.

– Eg vil prøve å gjere det på min eigen måte.

Har eit nært forhold til Ella

Nordvik skriv at ho kan kjenne seg igjen i nesten alt ho les.

– Ikkje nødvendigvis i ein spesiell karakter, men i kjensla, tankar, lyster, draumar, i spørsmål som dukkar opp.

Likevel er det noko spesielt med Ella, hovudkarakteren i hennar eigen roman.

– Eg har «laga» henne. Ho kjem frå ein stad i meg, sjølv om vi er ulike personar.

Nordvik har lært mykje om sitt eige liv av å dikte fram Ella.

– Så ho er den eg har eit nærast forhold til.

Og skulle Ella blitt hovudkarakter i ein film, veit Nordvik kven som skulle spelt ho.

– Kanskje Ella kunne blitt spelt av Elli? Elli Müller Osborne er ein dyktig skodespelar eg har merka meg.

  • Les også: Framtida.no sin bokmeldar trilla ein seksar på terningen til Og forresten heter jeg Leah. Les bokmeldinga her!

Middag med Vigdis Hjorth

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Forfattaren eg har følgt tettast gjennom livet mitt er Vigdis Hjorth. Eg gløymer aldri då eg las Jørgen + Anne er sant som barn, Arv og miljø på ungdomsskulen, Hjulskift på vidaregåande, Gjentakelsen då eg begynte å studere. Tekstane hennar betyr mykje for meg, og eg vil halde fram å lese det ho skriv!

Då er det kanskje ikkje overraskande at ho gjerne ville invitert Hjorth med på middag. Men dei skulle ikkje vore åleine.

– I vinter høyrde eg Tove Nilsen, Vigdis Hjorth og Dorthe Nors snakke om Tove Ditlevsen sitt forfattarskap. Bøkene til alle dei nemnde er fantastiske, og det gjorde inntrykk å høyre dei snakke om Ditlevsen. Ein middag med dei fire hadde vore spennande, avsluttar ho.