Oliver (22) vil lære seg eit språk berre ti andre i Noreg kan
Oliver Bjørnstad Ivanowitz vil ta tilbake det skoltesamiske språket for familien sin. Eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Finland gjer det enklare.

– Mitt favorittord er rääʹǩǩes, som tyder kjærleik. Det kan bety jentekjærast, gutekjærast, eller kjærleik generelt ut frå kva kontekst du har det i.
Det seier Oliver Bjørnstad Ivanowitz (22) på telefon til Framtida.no. Han er ein av dei rundt 400 skoltesamane som bur i Noreg. I likskap med dei fleste av dei, lærte han ikkje språket i oppveksten.
Olderfaren hans, Jogar Ivanowitz, var den siste i Neiden-området i Noreg som kunne språket, og Ivanowitz ønsker å ta språket tilbake for familien.
Det er ikkje så lett, men eit prosjekt mellom Noreg og Finland som starta i fjor, har gjort det litt enklare.
Kva er skoltesamisk?
Skoltesamane er ei austsamisk gruppe som historisk har budd i Russland, Finland og heilt aust i Nord-Noreg.
Folket vart splitta då den siste statsgrensa i Sapmi vart trekt i 1826.
Ifølgje ein rapport frå 2021 bur det rundt 400 skoltesamar i Noreg, men berre 10 til 12 av dei kan språket. I Finland er talet høgare, med rundt 300 som snakkar språket av 600 til 700 skoltesamar. I Russland er det omtrent 500 skoltesamar, og 15 til 20 av dei kan skoltesamisk.
Samarbeider med Finland
Skoltesamisk er på Unesco si raudliste over truga språk.
– For å bevare språket er det avgjerande å auke antalet som snakkar skoltesamisk.
Det skriv Maria Dianova på e-post til framtida.no. Ho jobbar ved Ä´vv Skoltesamisk Museum (Ä´vv Saa´mi Mu´zei) i Neiden i Sør-Varanger, og er prosjektleiar på norsk side for prosjektet «Oummu rââst raaj – Folk over grenser».
Prosjektet starta opp i september i fjor, og varer til 2026. Målet er å styrke det skoltesamiske språket og kulturen, spesielt gjennom samarbeid med kommunen Inari i Finland.
– Våre naboar i Nord-Finland ligg framfor Noreg i denne prosessen, og deira systematiske språkrevitaliseingsarbeid har allereie vist gode resultat, skriv Dianova.
I Noreg har ikkje skoltesamisk offisiell status, slik det har i Finland. Sametinget er ein av få stader i landet som har byrja å bruke språket.
– Men det trengst mykje meir innsats for å halde språket i live. Språket er ein viktig det av kulturen, og utan det er det vanskeleg å behalde skoltesamisk kultur i same grad, skriv Dianova.
Samiske språk i Noreg
Dei tre offisielle samiske språka i Noreg, og kor mange som snakkar språket totalt i verda:
- Nordsamisk (rundt 20 000–30 000 språkbrukarar)
- Lulesamisk (rundt 500–600 språkbrukarar)
- Sørsamisk (rundt 2000 språkbrukarar)
Andre samiske språk som framleis er i bruk i Sapmi (Noreg, Sverige, Finland og Russland):
- Umesamisk
- Pitesamisk
- Enaresamisk
- Skoltesamisk
- Kildinsamisk
- Tersamisk
Kjelde: SNL
Språk og samhald
Ivanowitz var med på ei av dei første samlingane til prosjektet i fjor, og synest det var fint å kjenne på eit fellesskap med andre skoltesamar.
– Det er første gong eg har sett så mange skoltesamar samla på ein stad. Sjølv om eg ikkje kjenner dei noko særleg, fekk eg kjensla av samhald. Eg fekk kjenne på at det ikkje berre er eg som brenn for det her, det er mange andre.
Han er oppvaksen og bur i Oslo, og kjenner ingen andre skoltesamar i hovudstaden. Det gjer språklæringa vanskeleg. Familien hans kjem frå Neiden, og lenger tilbake indikerer Ivanowitz-namnet at dei har russisk tilknyting.
På samlinga var det folk frå både Noreg og Finland, men det var ingen russiske skoltesamar. Den russiske invasjonen av Ukraina gjer det vanskeleg å samarbeide over grensa. Ivanowitz skulle gjerne hatt meir kontakt med dei lenger aust.
– Eg har jo russisk etternamn, så eg har jo sikkert nokre skoltesamiske gen frå Russland, seier han.
Han har også blitt fortald at ei skoltesamisk lue som han har arva frå farfaren har typiske russiske fargar, som gjer at han knytast litt nærare dei.
Større i Finland
Skoltesamisk museum fortel at det har vore mykje interesse for både språket og kulturen sidan prosjektoppstart.
– Vi merkar at barn og unge har høg interesse for mange aktivitetar som prosjektet føreslår: handverk, dans og musikk, fiske osv. I fleire familiar snakkar ein skoltesamisk heime og skoltesamisk kultur er ein viktig del av kvardagen, kan prosjektleiar Joni Gauriloff og prosjektarbeidar Lempi Lehtinen stadfeste frå finsk side via e-post.
På grunn av fornorskinga er situasjonen meir utfordrande i Noreg, skriv Maria Dianova.
– Men vi merkar også at den yngre generasjonen viser interesse for sine skoltesamiske røter.
Eit vanskeleg språk å lære seg åleine
Ivanowitz skulle gjerne vore på fleire samlingar gjennom prosjektet, men det har vore lite tid, og det er dyrt med flybillettane nordover. Førebels kan han nokre ord og uttrykk, men han kan berre éi heil setning på skoltesamisk: «Gratulerer med samanes nasjonaldag!» eller «Šiõǥǥ saa´mi meersažpeei´v!»
Ambisjonen er at det skal bli fleire setningar etter kvart, men sjølv med gode hjelpemiddel er det eit vanskeleg språk å lære. Setningsoppbygginga er blant anna heilt annleis.
– Og spesiell uttale og visse bokstavar som vi ikkje har i det norske alfabetet.
Han er ikkje framand for å lære seg nye språk, og akkurat no prøver han å lære nepalsk, sidan kjærasten er frå Nepal.
– Eg føler det er mykje enklare, for det er mange fleire hjelpemiddel ute på nettet.
Fellesskap inn i framtida
Ivanowitz føler mest tilknyting til det skoltesamiske når han er i Neiden, og når han er med familien sin i Oslo.
Han kan også føle på større kameratskap med andre samiske, når han er på Samisk hus i Oslo, sjølv om dei han treffer der ikkje er skoltesamar.
– Sjølv om dei er ein annan type minoritet i minoriteten, er eg ikkje åleine i det eg vil oppnå. Uansett om ein er sørsame, lulesame, pitesame eller skoltesame, så sit vi i same båt når det kjem til å lære språk og kultur.
Draumen er å ein dag kunne lære enkle ord og uttrykk vidare til andre i familien.
– Og så er det ein fin tanke at den dagen eg får mine eigne barn, så har eg lyst til å lære dei språket eg kan, så det ikkje forsvinn heilt.
Ressursar for deg som vil lære skoltesamisk
- Sámi Education Institute i Inari i Finland har opplæring i skoltesamisk, med digitalt kurs frå oktober til mai. Ta kontakt for meir informasjon.
- Ä’vv Skoltesamisk museum i Neiden har eit kortare kurs for nybyrjarar.
- Prosjektet har også eit samarbeid med UiT om skoltesamiske ordbøker.
- Nytt læringsmateriell til skoltesamisk førskuleopplæring og omfattande skuleopplæring vart publisert tysdag.
Kjelde: Prosjektleiarane i Oummu rââst raaj – Folk over grenser
Vil du også lære deg meir samisk i høve den samiske språkveka? Vi har dessverre ikkje ein quiz for skoltesamisk, men vi har fleire andre samiske quizar!
- QUIZ: Kor god er du i nordsamisk?
- QUIZ: Kor god er du i sørsamisk?
- QUIZ: Kor god er du i lulesamisk?
Var alle desse for lette? Då kan du prøve deg på denne:
- QUIZ: Er du ein samiskekspert?