Politikk og samfunn

«Det må bli slutt på at skulen blir snakka om som ei utgift»

Når regjeringa vel å bruke endå meir av fellesskapet sine sparepengar, men ikkje prioriterer utdanning, kjennest det ganske håplaust, skriv fylkesleiar i Elevorganisasjonen Troms.

Christoffer Molaug Winkler (17)
Fylkesleiar i Elevorganisasjonen i Troms
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Regjeringa Støre sitt forslag til statsbudsjett skriv seg inn i historiebøkene som det budsjettet i Noregs historie som ynskjer å bruke mest oljepengar.

Arbeidarpartiet foreslår at me skal bruke heile 579,4 milliardar oljekroner i neste års statsbudsjett, 45,2 milliardar meir enn i fjor, og det heilt utan ei reell satsing på skulen.

Som elev og ungdomsleiar ser eg korleis dette faktisk rammar oss. Skulane slit med for få lærarar, det er for lite tid til oppfølging og me har ei skulehelseteneste som altfor ofte ikkje strekk til.

Når regjeringa då vel å bruke endå meir av fellesskapet sine sparepengar, men berre kjem med små drypp til utdanning, som dei 75 millionane i auke til rettleiing av nyutdanna lærarar, kjennest det framleis ganske håplaust.

Skulen er grunnmuren i samfunnet

For å kunne forsvare å bruke ein slik sum med pengar, må ein kunne vise til at dei faktisk bidreg til å byggje framtida. For meg handlar det om investeringar i kunnskap, ikkje kortsiktige løyvingar som forsvinn i byråkratiet. Skulen er grunnmuren i samfunnet. Det er her me formar framtida sine arbeidstakarar, forskarar og leiarar.

Ifølgje ein ny rapport frå Arbeidsforskningsinstituttet opplever over halvparten av lærarane auka arbeidsbelastning, og fleire melder om at dei får mindre tid til kvar enkelt elev. Vi i Elevorganisasjonen har òg lenge peka på at mange elevar opplever at hjelpa dei treng kjem for seint, eller ikkje i det heile tatt.

Desse funna viser ei utvikling der ressursane i skulen ikkje strekk til og konsekvensane merkar me elevar kvar dag.

Når hundrevis av milliardar kan forsvinne på alt frå skattekutt til symbolske satsingar, medan berre små delar går til å styrke læraryrket, redusere fråfall eller sikre ei skulehelseteneste som faktisk fungerer, sender det eit tydeleg signal: Skulen er ikkje viktigast. Det er eit signal som svir for oss som står midt i det, og som kvar dag kjenner konsekvensane av dårleg prioritering.

Skulen er ei investering

Eg meiner det må bli slutt på at skulen blir snakka om som ei utgift. Skulen er ei investering, den viktigaste me kan gjere. Om me verkeleg meiner alvor med å skape eit grønt, trygt og framtidsretta Noreg, må me starte med å satse på kunnskap, ikkje berre på kortsiktig økonomisk vekst.

«Naud lærer naken kvinne å spinne», seier ordtaket. Men politikarane har aldri lært seg å prioritere, for dei har aldri trunge å prioritere.

Så lenge oljefondet veks, treng dei ikkje kjenne kulda av eigne feil. Me som er unge, veit at den luksusen snart er over. Difor treng me politikarar som vågar å tenkje lenger enn til neste statsbudsjett, som forstår at ekte ansvar ikkje handlar om å bruke mest, men om å satse rett.