Klima og miljø

«Vi toler vêret, men ikkje likegyldigheit»

Vi har inga god unnskyldning for å ikkje gjere det vi kan for å bidra til ei meir klimavenleg og rettferdig verd, skriv Sigrid Bjerke i AUF.

Sigrid Bjerke (25)
Leiar av AUFs klima- og naturutval
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ekstremvêret Amy råka oss nyleg hardt igjen. Forsikringsselskapa i landet fortel om over 16 000 skademeldingar, og det er god grunn til å tru at det vil ende opp med å bli svært dyrt, særleg når vi veit at dei samla kostnadene etter ekstremvêret Hans i 2023 kom på opp mot 7 milliardar kroner.

Klimaforskarane er tydelege på at vi må førebu oss på meir ekstremt vêr i framtida. Det har vi heldigvis høve til her i Noreg, men vi må hugse at fleirtalet av verdas befolkning ikkje har det.

Vi toler vêret, men vi kan ikkje tole likegyldigheit.

Livsgrunnlag blir øydelagde

For når forskarane er samde om at menneskeskapte klimaendringar, i hovudsak skapte av utslepp frå fossil energi, fører til meir ekstremt vêr, kan vi ikkje late som om det ikkje vedkjem oss. Når vi kjenner korleis naturkreftene herjar med oss og vi har lite å stille opp med, kan vi ikkje unngå å erkjenne at dette rammar andre land endå hardare.

International Rescue Committee (IRC) har peika på korleis dei mest sårbare folkegruppene i verda allereie står i frontlinja av klimakrisa. Dette er menneske frå land der ein ikkje har dei same moglegheitene til å verken reparere eller førebu seg på meir tørke, flaum og ekstremvêr. I staden opplever folk at heimar, arbeidsplassar, matjord, vasskjelder og livsgrunnlag blir øydelagde.

Det påverkar òg oss. Flyktninghjelpen fortel at eitt menneske blir tvinga på flukt frå heimen sin på grunn av klimarelaterte katastrofar kvart einaste sekund. Ekstremvêr kan skape endå større konkurranse og konflikt om avgrensa ressursar. Nato har òg vore tydeleg på at klimakrisa er ein tryggingstrussel, fordi ho gjer verda meir ustabil. Og når verda blir meir uroleg, rammar det òg oss.

Dårlege unnskyldningar

Det er eigentleg eit paradoks at ikkje FrP er dei største forkjemparane for ein tydelegare klimapolitikk, all den tid vi er i ferd med å få ei heilt ny, stor flyktninggruppe i klimaflyktningar.

Vårt svar på dette kan ikkje vere likegyldigheit, men handling.

For det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede, har vi sikkert alle høyrt ein gong. Kanskje finst det heller ikkje dårleg vêr, berre dårlege unnskyldningar.

Noreg har blant verdas aller beste føresetnader for å gjere meir for å avgrense menneskeskapte klimaendringar. Vi har eit enormt pensjonsfond, og det er ikkje olje- og gassinntektene vi først og fremst lever av, men finansinntektene. Vi har ein sterk velferdsstat, sterke fagforeiningar og ei høgt utdanna befolkning. Vi har inga god unnskyldning for å ikkje gjere det vi kan for å bidra til ei meir klimavenleg og rettferdig verd.

Vi kan påverke

Når vi no igjen har fått kjenne korleis dei sterkaste naturkreftene kan herje med oss, burde det vere sjølvsagt at vi gjer meir for både å støtte andre land i kampen mot klimakatastrofar og for å omstille oss sjølve vekk frå fossil energi til fornybar kraft på ein rettferdig måte.

For å arbeide mot menneskeskapte klimaendringar er ikkje eit prosjekt vi kan utsetje eller velje bort. Vinden vil treffe oss uansett kva vi gjer, men vi kan påverke kva det vil bety.

Når klimamotstandarar som FrP sår tvil om klimavitskap og vel å gå imot gode klimaløysingar, er det politikk for meir ekstremvêr, konflikt og flyktningar over heile verda. Det er politikk for å la stadig meir ekstremvêr herje med oss alle utan å kjempe imot.

Vi må heller arbeide for ei rettferdig omstilling til eit lågutsleppssamfunn der vi legg ein plan for korleis vi kan omstille oss frå olje og gass til ny industri, og korleis vi kan finne gode, berekraftige løysingar for liva våre. Det er mogleg, men det vil aldri skje av seg sjølv.