Politikk og samfunn

«Inga satsing på skulehelsetenesta – ei ansvarsfråskriving frå regjeringa»

Dersom vi meiner alvor med å satse på førebyggjande helse, tryggare skulemiljø og betre læring, må skulehelsetenesta styrkjast, ikkje svekkjast, skriv leiaren i Elevorganisasjonen.

Martine Løkken Svendsen (20)
Leiar i Elevorganisasjonen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2026 er ei tydeleg ansvarsfråskriving for elevane si helse. Når store delar av midla til fylkeskommunane ikkje lenger er øyremerkte, veit vi korleis dette endar: Pengane forsvinn i «frie pottar» og når ikkje fram til ordningane som treng dei mest.

Ei livline

Skulehelsetenesta er skule-Noreg si livline, men altfor ofte blir ho nedprioritert. Mange elevar møter ein skuledag der éin helsesjukepleiar skal vere tilgjengeleg for fleire hundre elevar. Resultatet er lange ventetider, for lite førebygging og elevar som står åleine med problem dei skulle fått hjelp til tidlegare.

I årets forslag har regjeringa fjerna den øyremerkte støtteordninga på 472 millionar kroner til skulehelsetenesta under Helse- og omsorgsdepartementet, og slått ho inn i ei ny, tverrsektoriell ordning under Barne- og familiedepartementet. Det kan høyrast systemvenleg ut på papiret. I praksis tyder det at ingen pengar lenger er reserverte til skulehelse. Når alt er alle sitt ansvar, blir det fort ingen sitt ansvar.

Vi er oppriktig redde for at fylkeskommunane, pressa av tronge budsjett, no vil bruke desse midla på andre nødvendige føremål. Ikkje fordi dei ikkje vil elevane vel, men fordi det ikkje finst ei forplikting til å prioritere elevane si psykiske helse. Konsekvensen er føreseieleg: færre lågterskeltilbod, mindre førebygging og meir reparasjon. Det er dårleg politikk og dårleg økonomi.

Må styrkjast, ikkje svekkjast

Dersom vi meiner alvor med å satse på førebyggjande helse, tryggare skulemiljø og betre læring, må skulehelsetenesta styrkjast, ikkje svekkjast. Det krev tydelege prioriteringar i statsbudsjettet. Øyremerking er ikkje byråkratisk dill; det er eit styringsverktøy som sikrar at midla faktisk treffer borna og ungdommane som treng dei.

Vi står ikkje åleine i denne uroa. Norsk Sjukepleiarforbund har òg uttrykt bekymring for korleis dette no vil gå med norske elevar.

«Eg er difor djupt bekymra for at tilbodet i helsestasjon- og skulehelsetenesta vil bli svært redusert. Og at det er dei unge som må betale prisen. Det skjer samstundes som vi ser auke i utanforskap, psykisk uhelse og rus», seier nestleiar i Norsk Sjukepleiarforbund Kai Øivind Brenden til Sykepleien.

Regjeringa må ta ansvar

Skulen skal vere ein stad der det er lett å be om hjelp, ikkje vanskeleg. Det føreset at hjelpa er der når du treng ho. Med regjeringa sitt forslag er den tryggleiken i ferd med å bli svekt. Det kan vi ikkje akseptere.

Regjeringa må ta ansvar og sikre at skulehelsetenesta blir prioritert. Det gjer dei ikkje i dette budsjettet. No er det Stortinget sin tur til å stå opp for elevane si helse.