Simen Velle siktar på Stortinget: – Mange av problema vi unge står overfor, kan berre løysast av oss

Åtte av dagens ungdomspartileiarar står på liste i årets stortingsval. Simen Velle (FpU) er den med best sjanse til å komme inn, ifølge målingane.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.

– Eg har lyst til å gjere ein skilnad, og ikkje berre snakke om ein skilnad, seier Simen Velle (24) på telefon til Framtida.

Leiaren av Framstegspartiets Ungdom står på 2. plass på stortingslista til Oslo FrP. Ifølge målingar frå i sommar, kan han ha ein god sjanse til å få fast plass på Stortinget.

– Det er veldig motiverande. Det understrekar viktigheita av prosjektet FpU har kjempa for over lang tid, seier Velle.

Åtte på listene

Nesten alle leiarane av ungdomspartia stiller til stortingsvalet i år. Berre AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø – som har sete som vara på tinget i to periodar – har trekt seg.

– Sjølv om eg veit at Svenneby og Velle gjerne vil på Stortinget, så ønsker eg å prioritere AUF, sa Skjervø til Framtida.no tidlegare i sommar.

Av alle ungdomspartileiarane er det Simen Velle, Ola Svenneby (28) og Hadle Rasmus Bjuland (25) som ligg best an til å få fast plass på Stortinget.

Bjuland, som står på 2. plass på stortingslista til KrF i Rogaland, treng at KrF gjer det godt i heimfylket i valet. Ifølge den siste målinga frå Rogaland ligg KrF an til å få éin representant inn på Stortinget frå dette valdistriktet. Det er det same talet som KrF har frå Rogaland i dag.

Svenneby og Bjuland har også møtt som vara på Stortinget denne perioden.

Lengre perspektiv

Simen Velle meiner det er viktig med unge politikarar på Stortinget.

– Vi unge har lengre perspektiv på livet enn mange vaksne. Mange av dei utfordringane vi unge står overfor, kan berre løysast av oss. Eit storting der ingen er på leigemarknaden, kjem neppe til å løyse bustadkrisa. Menneske som ikkje kjem til å leve i ei verd med klimaendringar, kjem ikkje til å løyse klimakrisa, seier han.

Han legg til at det er utruleg viktig at unge menneske røystar i valet, som vert veldig jamt.

– Vi unge vil ha utruleg stor påverknad på kva retning landet vert teke i.

Sjølv håpar han å kunne verte ei liberal stemme blant mange byråkratar. Hjartesaka hans er å kutte i statleg byråkrati og sløsing.

– I eit vakkert demokrati som Noreg er det mogleg for unge menneske å engasjere seg i parlamentet. Det ville vore ei veldig givande oppgåve å få gjennomføre det prosjektet eg har snakka om i så mange år, seier han.

Meir praktisk politikk

Velle er inne i sitt siste år som leiar av FpU, og han tar ikkje attval til våren. Han spår at vervet som stortingsrepresentant byr på meir praktisk, politisk saksarbeid, og mindre debattar.

– Men viss eg får den tilliten, er det ei oppgåve eg tar fatt på med stort engasjement, seier Velle.

– Vert det vlog frå Stortinget på TikTok om du kjem inn?

– Eg kjem nok ikkje til å slutte å vere meg sjølv. Men det er klart ei anna rolle å sitte på Stortinget enn å leie eit ungdomsparti. Men eg har ei kjensle av at lesarane til Framtida ikkje har sett det siste av meg, seier han.

Bromance

Velle og Unge Høgre-leiar Ola Svenneby diskuterte stortingskandidaturet på debatten mellom ungdomspartileiarane under Arendalsveka. Det som vart introdusert som ein hanekamp, enda opp som ein «bromance» mellom dei to, som var einige i at dei jobba for mykje av den same politikken, samanlikna med politikarane på venstresida som kjempar om dei same mandata.

– Eg gler meg til ein god kamp i Oslo, og har trua på at Høgre skal klare å løfte seg, og slå til i hovudstaden, sa Svenneby i debatten.