Sebastian Saltrø Ytrevik (23) er ny leiar i FpU
Ytrevik blei røysta fram på ungdomspartiet sitt ekstraordinære landsmøte i helga.
23 år gamle Sebastian Saltrø Ytrevik frå Stavern er vald inn som ny leiar av Framstegspartiets Ungdom. Det melder TV2.
– Eg ønskjer å vidareutvikle FpU som ei tydeleg liberalistisk røyst i norsk politikk, med gode politiske debattar internt og eksternt, og eit sterkt samhald i organisasjonen, seier Ytrevik i ei utsegn til avisa.
Ytrevik blei vald inn på eit ekstraordinært landsmøte denne helga. Det skjer etter tidlegare leiar Lars Barstad Løvold trekte seg tidlegare i sommar, på grunn av ei varslingssak mot han.
Ytrevik er i dag vararepresentant for Vestfold Frp på Stortinget. Han har tidlegare vore nestleiar i FpU, og stilte som motkandidat då Lars Barstad Løvold blei vald som leiar på det ordinære landsmøtet i vår.
Etter det trekte han seg frå FpU, men blei vald inn som medlem av ungdomspartiet sitt organisasjonsutval. Det var dei som skulle behandle varslingssaka mot Barstad Løvold, før han gjekk av som leiar.
– Eg meiner FpU no treng eit leiarskap som både er klare for å ta dei store politiske kampane og for å gjere jobben internt. Vi må stable organisasjonen skikkeleg på beina igjen, skape tryggleik og få tilbake arbeidsroa.
Det skreiv Ytrevik på Facebook då han annonserte at han igjen stilte som leiar.
Ytrevik, som er utdanna elektrikar, sit i dag som vararepresentant for Vestfold Frp på Stortinget. Det vervet vil han ha til neste stortingsval.






