Solidaritet, skeiv frigjering og samtykkelov – dette er hjartesakene til AUF

På AUF sin sommarleir står rettferdig fordeling sentralt for mange deltakarar.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.

– Det er ganske mange saker eg er oppteken av, men akkurat no trur eg det er bustadkrisa.

Det seier Sindre Bjerkås (17) til Framtida på AUF sin sommarleir på Utøya.

Når over 1000 ungdommar er samla, er det mykje forskjellig politikk som deltakarane er opptekne av. Ein ting har dei likevel til felles: Dei er unge og engasjerte.

Bjerkås meiner bustadmarknaden er ei stor utfordring for hans generasjon, og generasjonen over. Han er frå Akershus, og peikar på at det er for mange barrierar som hindrar unge i å få seg ein bustad på sentrale stader i Noreg.

– Der meiner eg dagens generasjon politikarar, tverrpolitisk, har svikta litt, og latt det problemet oppstå utan å ta kontroll over det. Eg meiner vi er heilt avhengige i tida framover av å ta kontroll over bustadmarknaden, og sjå på moglegheiter som ein tredje bustadsektor for å sikre at våre generasjonar kjem inn på bustadmarknaden. Bustad er kjempeviktig for tryggleiken din.

Internasjonal solidaritet

– Mi hjartesak trur eg er internasjonal solidaritet.

Nora Jæger Thorland (15) er nestleiar i AUF Vestland, og Framtida treff ho like ved fotballbana.

Medan vi pratar startar resten av fylkeslaget å synge «Vestlandet» av Anna og Vilde, medan dei heier på laget sitt.

Thorland er oppteken av at det skal vere ei rettferdig fordeling av gode, både i Noreg og i utlandet. AUF sin omfordelingspolitikk er éin av grunnane til at ho vart med i ungdomspartiet.

– Kva vil internasjonal solidaritet seie?

– Når Noreg er eit rikt land, så har vi eit ansvar for å ta vare på dei landa i verda som treng hjelpa vår.

Johannes Hembre-Ingul (22) har vore mange somrar på Utøya. | Foto: Åshild Slåen

Betre vilkår for helsearbeidarar

– Mi hjartesak er tryggleik for helsa.

Johannes Hembre-Ingul (22) er frå Levanger, og er 5.-kandidat for Arbeidarpartiet frå Nord-Trøndelag. Han meiner det er viktig å gjere noko med arbeidsmiljøet for tilsette i helsesektoren, dersom ein skal betre helsetilbodet.

– Vi skulle hatt eit helsevesen der det er fleire dyktige fagpersonar på jobb kvar dag, som klarar å sjå kvar einaste pasient. Som har færre tidstjuvar i kvardagen sin, og som då faktisk har moglegheit til å bruke tida si på dei pasientane, i staden for på unødvendig journalføring.

Eit samfunn for alle

Leon Aleksander Solbakken Bauman (18) er lokallagsleiar i Lier AUF.

– Eg har alltid vore veldig oppteken av eit samfunn der alle kan lukkast, seier han.

Det er noko han meiner AUF er gode på.

– AUF, som er ein organisasjon som ønsker å omfordele, som ønsker å ta kampen mot fascisme, kampen for likestilling, er eit veldig fint parti, i motsetning til korleis eg forstår dei borgarlege partia i kontrast.

Det er likevel nokre saker som er nærare hjartet hans enn andre:

– Om vi skal vere meir spesifikke så er skeiv frigjering ei av mine viktigaste saker.

Nokre hjartesaker blir gjennomført

Lisa K. Mikalsen (17) frå Porsanger er ei av dei heldige med ei hjartesak som ganske nyleg vart realisert:

– At vi skal ha ei god og sikker samtykkelov i Noreg, for eg synest det er så viktig at berre eit ja er eit ja.

Den nye samtykkelova tredde i kraft 1. juli, og ifølgje den nye lovteksta kan den som har seksuell omgang med ein person som ikkje samtykker med ord og handling, straffast med fengsel i inntil 6 år.

– Eg synest det er så viktig at berre eit ja er eit ja, og eg er så nøgd med at vi endeleg har fått gjennomslag for det.

Kampen for samtykkelov var ein del av grunnen til at ho engasjerte seg i ungdomspolitikken.

– Det er altfor mange valdtektssaker som blir lagde bort på grunn av manglande bevis, og eg trur verkeleg dette kjem til å hjelpe samfunnet på ein positiv måte.

Lisa K. Mikalsen (17) frå Porsanger har hatt samtykkelov som si hjartesak i fleire år. | Foto. Åshild Slåen