Kjendisfaktor, politikar-konfrontasjon og minner – slik er det på AUF sitt Utøya

I 75 år har AUF eigd Utøya, og nesten kvart einaste år har ungdomspartiet hatt sommarleir der. I år var det kampstemning før stortingsvalet i haust.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.

– Det har vore mykje bra på programmet i år. Vi hadde Marstein-konsert i går, det var veldig bra stemning. Så kjem Jens i dag, og Jonas kom i går.

AUF sin sommarleir på Utøya er den største og mest kjente politiske ungdomsleiren i Noreg. Konsertar, ministerbesøk og turneringar er blant tinga Sindre Bjerkås (17) frå AUF i Akershus kan ramse opp når vi spør han om kva som er det beste på leiren.

Han er ein av over 1000 deltakarar som vart frakta over med MS Torbjørn for å møte andre AUF-arar som teltar, debatterer, speler fotball og utfordrar politikarar frå moderpartiet. Han har ei klar oppmoding til Arbeidarpartiet:

– Lytt meir til AUF! Lytt meir til dei unge og høyr på oss, vi har mange bra løysingar.

Eigen radio og teltplass

Når Framtida møter opp fredag 1. august for å finne ut av korleis det er på AUF sin leir, er det ei ganske søvnig øy som ventar.  Båten er litt forseinka, dei fleste har ikkje stått opp, og kleskoden i frukostsalen er ganske avslappa.

Saman med brødskiver med ost og skinke kan ein høyre spekulasjonar og spøkar om korleis det er på FpU sin sommarleir, og om ein kan infiltrere opposisjonen for å samle inn strategisk valkampinformasjon.

Utøya Radio har starta opp for å prate om programmet for dagen, jamlege observasjonar av deltakarar dei tydelegvis er godt kjent med, med følgjande brainrot-lydar for å illustrere poenga.

– AUF-arar varierer veldig, seier Leon Aleksander Solbakken Bauman (18) frå Lier. Han er nettopp ferdig med frukosten sin, og viser fram høgda der Buskerud slår leir.

Det er deira lokallag som har hovudansvar for øya, og det gir dei eigne privilegium når det kjem til teltplass.

– Dei ser vanlegvis ikkje ut som meg, smiler han.

Dei forskjellige teltplassane er delt etter fylker, men det er mykje blanding blant deltakarane. | Foto Åshild Slåen

– Glade sosiale typar, ganske intelligente, flinke …

Vi får ikkje teke ein skikkeleg titt inn i teltet, sidan kameraten framleis søv, men Bauman kan fortelje at han har trivest på leiren så langt. Politiske aksjonar og fotballkampen der dei gruste Innlandet er høgdepunkt.

– Og vi skal vinne seinare.

Det radikale ungdomspartiet

Første post etter frukost er at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun skal bli utfordra på skulepolitikk. Radioen spelar «Forelska i lærer’n» mellom observasjonar av deltakarar som er treige med å kome seg til bakken.

– Det er viktig med hydrering når ein skal i bakken, roper den eine radioverten ut i det ein leirdeltakar i hettegenser med ei stor vassflaske går forbi.

Kari Nessa Nordtun hugsar sjølv korleis det var på Utøya då ho var i AUF:

– Den gongen var ein av dei store tinga vi snakka om det å anerkjenne Palestina som ein sjølvstendig stat. Det var allereie tidleg på 2000-talet, og no ser vi at det er politikk. Det tok 20 år pluss, men til slutt fekk vi fullt gjennomslag for det, seier ho til Framtida like før ho skal reise att.

– Kva er det beste minnet frå Utøya?

– Det var å bade i vatnet her og ikkje minst ha gode samtaler med folk som er like politisk engasjert som deg sjølv og bli kjend med nye folk frå heile landet.

Etter å ha dansa seg inn til popmusikk frå 80-talet, blir ho konfrontert av elevar som set spørsmålsteikn ved kor mange helsesjukepleiarar som er tilgjengeleg, manglande læreplassar, og den alltid kontroversielle fråværsgrensa.

Det siste er eit av punkta der Arbeidarpartiet ikkje er samde med AUF, som vil fjerne ordninga fullstendig.

At ungdomspartiet har sine usemjer med Arbeidarpartiet, ser ho på som ein styrke.

– Det er heilt avgjerande for eit politisk parti, og for eit demokrati i Noreg, at dei unge er aktive i politikkutviklinga, seier ho.

Linda Aideen Mølmen vil fjerne fråværsgrensa. | Foto: Åshild Slåen

Linda Aideen Mølmen (18) frå Agder er ein av dei som konfronterte kunnskapsministeren om fråværsgrensa, og ho har same oppfordring som Sindre Bjerkås frå Akershus til Arbeidarpartiet:

– Høyr meir på AUF. Sjølv om vi kan verke litt radikale, så har vi mange bra punkt.

Ho trur utanrikspolitikken vil bli avgjerande i det komande valet.

Volleyball og usemje

Mølmen sitt høgdepunkt er at Agder har vunne alle volleyballkampane til no, og ho har trua på at sørlandsfylket kan ta sigeren i år også.

Det gjer Finnmark AUF alt i si makt for å hindre. Dei stiller opp på volleyballbana med høgtalar, allsong og kamprop mot Vestfold.

Sjølv om fylket definitivt vinn når det kjem til volum, blir det dessverre eit sportsleg nederlag for Finnmark, trass i ein tapper innsats frå Lisa K. Mikalsen (17) frå Porsanger. Ho er skuffa, men skiftar raskt trøye for å prate med Framtida.

Ho kan informere om at ein må vaske seg i innsjøen, for dusjane er ganske dårlege, men at det berre er artig.

– Eg har jo vore på sommarleir før, og då er det utruleg gøy å møte på gamle venar som eg såg her før, for det er veldig mange gjengangarar.

Ho vart verva inn i AUF av ei veninne, og sit no i fylkesstyret til Finnmark. Det har gitt ho eit utløp for trongen til å debattere og engasjere seg, og ho har sett hjartesaka si, samtykkelov, bli regjeringspolitikk.

– Kva er den største oppfordringa til moderpartiet?

– Dei må høyre på oss, og dei må skjønne kva vi meiner. Eg synest dei er veldig flinke til det, men dei kunne vore betre, seier ho.

Lisa K. Mikalsen (17) frå Porsanger gjorde alt ho kunne for Finnmark i volleyballturneringa. | Foto. Åshild Slåen
Ap-nestleiar Tonje Brenna får latterkrampe mid i YMCA, før Jens Stoltenberg skal kome. | Foto: Åshild Slåen

– Eg synest dei kunne teke våre saker meir seriøst, for no er det ofte sånn att vi kjem med eit innspel, også endrar dei alltid på det på eit vis, slik at det ikkje blir heilt slik vi ville.

Stoltenberg og oljefondet

Dersom ein skal gå etter stemning og volum er det besøket frå Jens Stoltenberg som toppar dagen for mange.

Ingen har teke seg ein ekstra tur i vaffelboden eller ein ettermiddagslur i teltet når finansministeren skal kome.

Alle saman stiller seg i bakken og er med på å danse Macarena og YMCA i oppvarming (inkludert Ap-nestleiar Tonje Brenna).

Engasjementet er på topp.

Plutseleg blir det meir stille, og eit refreng av «no kjem han» spreier seg frå dei som har best utsikt ned mot kaia.

Det blir raskt erstatta av kampropet «Fire nye år!» etter kvart som den tidlegare AUF-leiaren, statsministeren og Nato-sjefen finn vegen til scena.

Jens Stoltenberg har vore på Utøya kvar sommar sidan 1974, men kan informere om at han ikkje har vore der som finansminister sidan 1997.

– Eg går baklengs i karrieren min, spøker han, og åtvarar AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø om at han er klar for ny innstilling i ungdomspartiet.

Etter ei tale om verda, Arbeidarpartiet, og kor glad han er for å vere tilbake på det politiske laget etter fleire krevjande år i utlandet, er det på tide med spørsmål og utfordringar frå AUF. Dei er innom skatteregister, toll og Trump, men blant årvakne lyttarar og palestinaskjerf er det ei dagsaktuell sak som interesserer meir enn andre:

Oljefondet ut av Israel.

Stoltenberg forklarer at Statens pensjonsfond, som er det korrekte namnet på fondet, ikkje skal vere investert i selskap som bidreg til folkerettsbrot.

– Okkupasjon er folkerettsbrot, så viss det er eit selskap vi meiner medverkar til okkupasjon, skal vi ut av det.

Han presiserer at det å vere til stade på til dømes Vestbreidda, som Airbnb eller Booking.com, ikkje er det same som å medverke til okkupasjon, og at viss det er eit selskap som medverkar til ulovleg krigføring, skal Noreg ut av det selskapet.

– Derfor er vi ute av mange selskap, og det kan hende at vi kjem til å trekkje oss ut av fleire selskap.

Fire dagar seinare, tysdag 5. august, kom Aftenposten med avsløringa om at oljefondet var investert i eit selskap som hadde vedlikehald av israelske bombefly.

Gjennomslag for politikk

– Eg valde AUF fordi eg meiner AUF er den beste organisasjonen for å få til ei meir rettferdig verd.

Det seier Johannes Hembre-Ingul (22) frå Levanger til Framtida.

– Organisasjonen bryr seg både om det nære og det store ute i verda. Om Palestina, og dei store konfliktane som finst, men som framleis har moglegheit til å påverke eit parti der ein faktisk får gjennomslag for politikken sin. Får ein gjennomslag hjå Arbeidarpartiet, då får ein endra norsk politikk, og det er eg utruleg stolt over å vere ein del av ein organisasjon som får til.

Hembre-Ingul står som 5.-kandidat på partiet si stortingsliste i Nord-Trøndelag.

Johannes Hembre-Ingul (22) har vore mange somrar på Utøya. | Foto: Åshild Slåen

Kontrastane på Utøya

Om han er veldig heldig, får han kanskje møtt som vara eit par gongar på Stortinget i løpet av den neste perioden, men mest sannsynleg blir han verande på heimstaden.

Han har vore ein del av AUF sidan han var 14 år, og har mange somrar på Utøya. Når samtala beveger seg vekk frå politikk, kjem han inn på minnesmerka som vitnar om terroåtaket 22. juli 2011. Lokallaget hans er alltid innom for å minnast Emil Okkenhaug frå Levanger, som var 15 år då han mista livet.

– Det er det som er fint med Utøya. Du har kontrasten mellom det å sitje stille der ei stund, gå ned til fotballbana for å spele, og spurte opp hit att for å krangle om politikk.