Tobias Stokkeland har sitt siste år som ungdomspartileiar, men før det vil han få miljø tilbake på agendaen og vere showmann på skuledebatt.

Einar Nygaard
Publisert

Når Framtida.no ringer Tobias Stokkeland, går han rundt i den vesle stua si på Grønland i Oslo. Han har tatt seg nokre dagar heimekontor, men eigentleg er han midt i ferien.

– Eg har vore heime i Kristiansand i sommar. Der har eg lese mykje, bada, vore med venane og kjærasten min. Det har vore veldig fint.

– Kva jobbar du med no, då?

– Nei, det er nokre intervju, litt valkampplanlegging. Frå og med sommarleir i slutten av juli er det veldig smekk smekk, heilt fram til valdagen. Så det er greitt å få unna litt jobb.

Det er kanskje ikkje så overraskande at ein politikar får det hektisk før eit val. Og for parti som MDG er det særleg viktig å førebu seg. MDG har gått litt opp på dei siste meiningsmålingane, men framleis ligg dei under sperregrensa på 4 %.

– Ja, eg tenkjer mykje på valet. Det har jo gått ganske dårleg med MDG dei siste par åra, eigentleg heilt sidan 2021. Etter fire år som leiar skal eg gå av i haust, men før det har eg lyst til å få inn ein ekstra «boost».

Stokkeland er óg spent på korleis det vil gå med dei andre partia.

– Og så er eg jo interessert i politikk, så eg synest òg det er interessant å tenkje på kva som skal skje, kven som skal gjere kva. Når skal Frp gå ut og seie snikislamisering igjen? Sånne ting tenkjer eg på.

– Kva gler du deg til?

– Eg gler meg til intensiteten, det er så mykje som skjer. Vere med på debattar, snakke med veljarane. Og så gler eg meg det til det er over.

Har vorte ein gammal travar

– Dette er siste skulevalkampen min, og no som eg har vorte 26 gruer eg meg litt til skuledebattane. Eg klarer ikkje relatere til kidsa lenger!

Men så gler eg meg óg, eg har bestemt meg for at eg i alle fall skal ha minst ein skuledebatt kor eg verkeleg skrur på skuledebatt-modus. Då skal eg vitse og vere litt showmann, og ikkje vere så vaksen-politikar, som mange av oss ungdomspolitikarane blir etter kvart.

Stokkeland har som mange andre ungdomspolitikarar vore engasjert i politikk lenge. Han har vore med i Grøn Ungdom sidan 2015, men den politiske oppvakninga fekk han allereie i 2011. Då det smalt på Utøya, sette det i gang noko i han.

– Eg kjem frå ein familie kor vi har diskutert mykje, men før 22. juli hadde eg ikkje tenkt noko aktivt på politikk og ideologi. Og så vart Utøya angripen og regjeringskvartalet sprengt. Og då var eg akkurat gammal nok til å forstå kvifor det er viktig å stå opp mot dei som vil ta frå oss demokratiet. Og at ein ikkje kan ta demokratiet for gitt. Då begynte eg å følgje med på norsk politikk.

Og etter nokre år bestemte han seg også for at han ville ta aktiv del i politikken, og valet fall på Grøn Ungdom.

– Eg satsa på langrenn før, og så hadde eg nett lagt opp. Det året var det eit valtorg på skulen min. Der prata eg med alle partia, for å gje alle ein sjanse. Men for meg er klimaet den tingen som ikkje kan vente. Enten føkkar vi opp no, for alle generasjonar, eller så klarar vi det no for alle generasjonar.

– Det synest eg var forfriskande, at dei frå Grøn Ungdom var så ærlege om det. Og så var det andre ting og, økonomipolitikk og ruspolitikk. Så då falt valet på det, og eg har ikkje sett meg tilbake sidan.

«Han med jointen»

– Eg har tre hjartesaker. Eg beklagar at eg gjer eit politikarsvar, med det er tre. Miljø og det grøne skiftet. Utviklingspolitikk. Og så har eg ein forkjærleik for ruspolitikk. Det har eg på ein måte alltid hatt. Mindre moralisering og meir skaderedusering.

Stokkeland har for mange vorte eit ansikt for rusdebatten. I 2022 tok han med ein joint på debatt, og i fjor fortalde han om at han tok ein overdose som 19-åring. Han seier det har vore viktig for han å stå fram.

–  Eg har nokre privilegium som andre ikkje har. Ein blir ikkje rik av å vere ungdomspolitikar, men eg kjem nok til å klare meg greitt i livet. Og eg har ein plattform der eg kan skape eit narrativ om meg sjølv som ikkje berre handlar om rus. Slik er det ikkje for andre som har liknande historier. Derfor ville eg nytte den plattforma.

– Og så var det óg ei kjensle av ungdoms-dristigheit, og at eg ville angre om eg ikkje gjorde det.

– Du seier at du kan skape eit narrativ av deg sjølv som ikkje handlar om rus, men i nokre månader vart du han med jointen, kanskje meir enn du var leiaren for eit miljøparti?

– Ja, og på ein måte er eg framleis det. Det er to ting eg blir kjent igjen på gata for, det er jointen og det er at eg har debattert med Baris-Breivik. Men om du søker opp namnet mitt, så står det meir der og.

– Eg trur det stuntet har gitt meg ei plattform til å snakke om andre ting, sjølv om ruspolitikk har vore definerande for min periode som ungdomspartileiar.

– Har det overskygd di rolle som leiar for eit miljøungdomsparti?

– Både ja og nei. Eg skulle gjerne snakka mykje meir om klima. Samstundes forsøkte eg lenge å lage overskrifter og bli ein profil innan klima, men det er veldig vanskeleg. Men no som folk veit kven eg er, opplever eg at det har vorte enklare.

– Hadde eg ikkje dratt opp den jointen, hadde ikkje det gjort meg til nokon meir kjent miljøprofil. Det hadde berre gjort meg meir irrelevant generelt sett. Så eg angrar ingenting.

Vil ha klima tilbake på agendaen

Eg meiner klima har vore heilt ute av dagsordenen ein stund no. Det har vore umogleg å få saker på trykk. Så eg håper eigentleg det er på veg inn.

Etter ein rekordvarm sommar, og no som det snart er val, håpar Sokkeland folk begynner å tenkje meir over klima.

Og sjølv om det kanskje er å gripe etter halmstrå, har vi gått litt fram på meiningsmålingane. Så kanskje er det eit momentum der. Då får vi sjå om vi klarer å utnytte det. Men det ser jo ikkje veldig lyst ut.

Likevel er han ikkje så bekymra for å miste veljarar til andre parti.

– Eg meiner det er utelukkande positivt at vi konkurrerer om både miljøveljarar, men òg i å sette miljøet på dagsordenen. Utan MDG hadde det vore endå vanskelegare enn det er i dag å få store miljøgjennomslag, sjølv hos dei andre partia, fordi både SV og Venstre er livredde for å miste veljarar til oss. Så eg meiner den konkurransen berre er bra.

Foto: Einar Nygaard