Kommunane vil ikkje fjerne buplikta

Dei fleste kommunane går imot forslaget frå regjeringa om å fjerne konsesjonslova og buplikta. Dei trur det vil svekkje busetjing og matproduksjon i distrikta.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunane vil ikkje fjerne buplikt

Høyringsfristen for forslaget er 15. januar, men allereie før jul hadde over 80 kommunar sendt inn sine syn. Berre ei handfull støttar forslaget, skreiv Klassekampen nyttårsaftan.

Blant dei som går imot, er store landbrukskommunar som Gausdal, Meldal, Alvdal, Vågå, Vestre Slidre og Nome. I Nome og Meldal har til og med dei lokale Frp-representantane vore med på å seie nei til forslaget frå regjeringa. (©NPK)