Titusenvis har søkt om å få sletta studiegjeld
Vestland skil seg ut med talet på søknader.
På to veker har Lånekassa teke imot 37 000 søknader om å få sletta studiegjeld. Den nye ordninga gjeld for 189 kommunar og dessutan Finnmark og Nord-Troms.
Vestland skil seg klart ut med talet på søknader. Her er det nærare 10 000 personar som ber om å få sletta studiegjelda.
Sunnfjord, Sogndal og Kinn, alle i Vestland fylke, ligg på topp blant kommunane der flest innbyggjarar har søkt om studiegjeldsletting. I dei 20 kommunane med flest søkjarar, er det åtte kommunar frå Vestland, seks kommunar frå Nordland, ein kommune frå Troms, tre kommunar frå Trøndelag og to kommunar frå Møre og Romsdal.
– Eg er veldig glad for den store interessa og har tru på at gjeldssletting vil bidra til betre tilgang på heilt nødvendig kompetanse i heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i ei pressemelding.
1,3 milliardar kroner
Ordninga med sletting av studiegjeld gjeld dei minst sentrale kommunane i nivå 5 og 6 i den såkalla sentralindeksen til SSB. Her kan ein få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda, men du må ha budd i den aktuelle kommunen i minst eitt år. Vidare må du vere i jobb.
Dei som både bur og jobbar i innsatssona Finnmark og Nord-Troms, kan søkje om å få sletta 60 000 kroner.
Det er anslått at ordninga totalt vil gjelde for omtrent 66 000 personar med studielån i desse områda og det er sett av 1,3 milliardar kroner til formålet.
I oktober snudde Arbeidarpartiet etter bråk rundt det opphavlege forslaget partiet hadde til statsbudsjett for 2026, der det var foreslått kutt i ordninga med sletting av studiegjeld i distrikta.
Tusen heilt i nord
Frå kommunane i Nord-Troms og Finnmark har det komme søknader frå 1000 innbyggjarar.
Lånekassa varslar også at dei hentar inn opplysningar om bustad og yrkesaktivitet frå offentlege register der det er mogleg. Dersom nødvendige opplysningar ikkje kan innhentast automatisk, blir søkjar beden om å sende inn dokumentasjon.
Så snart ein fyller krava i tolv månader, kan ein søkje om å få sletta delar av lånet.
Dersom du hadde opptening for heile 2025, held det at du søkjer seinast innan utgangen av mars månad.






