2,2 millionar til Nynorsk avissenter
Men Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum er ikkje heilt nøgd med det nye statsbudsjettet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nynorskrørsla var slett ikkje nøgd med Høgre og Frp sitt framlegg til statsbudsjett for 2014. Dei kravde 10,5 millionar meir til ulike nynorsktiltak.
I det blåblå budsjettet var all støtta til Nynorskavissenter og Landssamanslutninga for nynorskkommunar kutta.
I tillegg frykta fleire for nynorskavisene med det planlagde kuttet i pressestøtta. Regjeringa føreslo å kutte 50 millionar kroner.
LES OGSÅ: LNK: – Regjeringa utraderer nynorsken
Jublande journalistlag
Særleg støttepartiet Venstre har sett krav om meir pengar til nynorsken. No kan Sveinung Rotevatn (V) jubla for å ha sikra støtte til Nynorsk avissenter i heimfylket Sogn og Fjordane.
I budsjettforliket har partia gått inn for å løyva 2,2 millionar til det eitt år gamle opplæring- og kompetansesenteret i Førde.
Det er i tråd med Venstre sitt budsjettforslag.
Ei prioritering Sogn og Fjordane journalistlag er nøgd med.
– Dette utdanningstilbodet er svært viktig med tanke for ei vidare utvikling av journalistikk med nynorsk språkbakgrunn, og det er svært gledeleg at regjeringa no går inn for å gje 2,2 millionar, skriv Geir Bjarte Hjetland, leiar Sogn og Fjordane journalistlag i ei pressemelding.
– I den situasjonen mediebransjen står i, er satsing på profesjonelle utdanningar med basis i språk og kultur enda viktigare enn tidlegare. Det vil også vere med å gje eit godt rekrutteringsgrunnlag for aviser og andre medier i framtida, held Hjetland fram.
–Viktig pluss for nynorskbrukarane
Venstre føreslo òg å løyve 1,1 millionar til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Dette har ikkje kome inn i det reviderte budsjettet.
Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum meiner det er små, men viktige språkpolitiske endringar i budsjettet.
– Budsjettforliket inneber 2,2 millionar kroner til Nynorsk avissenter i Førde. Saman med endringane i pressestøtta, innkjøpsordningane for barnelitteratur og NRK-lisensen er dette ein viktig pluss for nynorskbrukarane, seier Grepstad i ei pressemelding.
Grepstad set sin lit til at kulturkomiteen i Stortinget følgjer opp med fleire betringar.
– Komiteen har pengar å handle for. Me vil særleg arbeide for at det årlege tilskotet til Landssamanslutninga av nynorskkommunar kjem inn att, og vonar komiteen vil vere med og løfte Det Norske Teatret, seier Ottar Grepstad.
Ifølgje Nynorsk kultursentrum er endringane i budsjettforliket er for små til at dei slår ut på nynorskindeksen for statsbudsjettet. Nynorskindeksen viser at den samla satsinga på nynorsktiltak utgjer ein mindre prosentdel av kulturbudsjettet enn nokon gong før på 2000-talet.
Letta mållagsleiar
Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø er likevel letta for at Venstre og Krf fekk inn pengar til Nynorsk Avissenter.
– Det er viktig å lesa nynorsk kvar dag, og lokalavisene er store tekstprodusentar. Nynorsk Avissenter vil syta for at desse avisene lett kan finna kvalifiserte journalistar, på same måte som Nynorsk Mediesenter har levert nynorskjournalistar til etermedia i ei årrekkje, seier Tennø til NRK Sogn og Fjordane.
Mållagsleiaren er òg glad for at støttepartia fekk reversert dei budsjetterte kutta i pressestøtta.