«AUF roper høgt, men Arbeidarpartiet elskar olje like mykje som oss»
Noreg er ein stabil energileverandør til Europa, og vår olje og gass bidrar til energi-sikkerheit i ei uroleg verd, skriv Mathias Heian Ræmisch frå FpU.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Julie Trengreid Gruer meiner at FrP si haldning til olje og gass er uansvarleg, men ho gløymer ein viktig detalj: Arbeidarpartiet er like glade i olje som oss. Dei sit åleine i regjering, og om dei verkeleg meinte alvor med å stenge oljekrana, kunne dei gjort det for lengst. Men kvifor gjer dei ikkje det? Fordi dei veit, akkurat som oss, at norsk olje og gass er nødvendig.
Noreg er ein stabil energileverandør til Europa, og vår olje og gass bidrar til energi-sikkerheit i ei uroleg verd. Å kutte ut norsk produksjon vil ikkje stoppe etterspurnaden, det vil berre flytte han til land som Russland og Saudi-Arabia, som har langt dårlegare klimarekneskap enn oss. Skal vi redde klimaet, må vi sjå på dei globale utsleppa, ikkje berre kva Noreg gjer i seg sjølv.
Ho skriv også at kjernekraft tek fleire tiår å bygge ut. Dette er rett og slett feil. Moderne reaktorar kan byggjast ut på mellom tre til ti år, avhengig av kor store dei er. Hadde Arbeidarpartiet vore villige til å stemme for kjernekraft, slik FrP har gjort, kunne vi allereie vore i gang med utbygging. Men i staden blir det berre prat om ei «fjern framtid», medan dei faktisk saboterer moglegheitene for ei rein og stabil energikjelde.

Skal vi redde klimaet, må vi sjå på dei globale utsleppa, ikkje berre kva Noreg gjer i seg sjølv

Gruer meiner at vi bør kutte norsk olje og gass fordi klimakrisa er global. Nettopp derfor må vi tenke globalt. Om vi legg ned norsk industri, forsvinn ikkje utsleppa – dei berre flyttar seg til andre land med mindre klimavennleg produksjon. Løysinga er ikkje å strupe norsk energiproduksjon, men å finne realistiske løysingar som sikrar trygg energiforsyning og samtidig reduserer utsleppa internasjonalt.
Realiteten er at Arbeidarpartiet veit dette godt, men i staden let dei AUF halde på med symbolpolitikk utan grunnlag i verkelegheita. Dersom vi verkeleg vil satse på ei berekraftig framtid, må vi satse på kjernekraft og vidareutvikle norsk olje- og gassindustri i takt med teknologiutviklinga. Det er den einaste realistiske vegen vidare.
Har du fått med deg debatten?
- «Me må slutte å snakke om kor deilig det er at våren og det varme vêret kjem tidleg» av Ingvill Mathilde Torgersen, leiar i Troms Natur og Ungdom
- «Noreg treng både olje, gass og kjernekraft!» av Mathias Heian Ræmisch, Nestleiar Bergen FpU
- «Drill, baby, drill» er ein blindveg for framtida av Julie Trengreid Gruer, fylkesstyremedlem i AUF i Akershus