«Gjer det du kan. Boikott Eurovision»
Når Israel blir handsama annleis, sender det eit tydeleg og uroande signal: Nokre liv er verd mindre enn andre, skriv Mattias Eikeland (18).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eurovision elskar å framstille seg sjølv som ei upartisk, upolitisk feiring av musikk, mangfald og fellesskap. Men når Israel igjen får delta som om alt er normalt, kjem dobbeltmoralen i Vesten tydeleg fram.
Verdispørsmål
For oss i AUF handlar dette ikkje lenger om musikk, mangfald eller fellesskap – det handlar om verdiar.
Det handlar om verdiar fordi fakta er at Israel i dag fører ein brutal krig mot palestinarane, med store sivile tap, øydeleggingar og brot på folkeretten.
Folkeretten er dei mest grunnleggjande reglane for korleis statar skal handle, og er særs viktig for små land som Noreg. Internasjonale menneskerettsorganisasjonar, FN og Den internasjonale domstolen i Haag har alle slått alarm. Likevel vel EBU, arrangørane av Eurovision, å lukke auga for det som skjer i Gaza og gje Israel ei scene framfor millionar av sjåarar.
Uroande signal
Dette er ikkje nøytralt. Det er eit tydeleg politisk val.
Då Russland invaderte Ukraina, vart landet raskt utestengt frå Eurovision. Det var heilt rett, fordi det viser at grove brot på folkeretten får konsekvensar.
Når Israel blir handsama annleis, sender det eit tydeleg og uroande signal: Nokre liv er verd mindre enn andre, og når våre allierte bryt folkeretten, er det heilt greitt. Det er det ikkje, og det kjem det aldri til å bli. Som eit lite land som er avhengig av handel, må vi stå sterkt for folkeretten – uansett.
Stillheit er òg eit standpunkt
Å kjempe for å halde Eurovision «upolitisk» er lett når du ikkje er den som blir bomba. Stillheit er òg eit standpunkt, og akkurat no står stillheita på feil side av historia.
Menneskerettane gjeld for alle, og som forbrukar har du som les dette stor påverknadskraft. Difor er dette ei oppmoding til deg som ønskjer å gjere ein forskjell:
Bruk moglegheita di til å påverke.
Gjer det du kan.
Boikott Eurovision.






