Ei tøff pollen-framtid
Pollen-allergikarar kan ha grunn til å skjelva. Blir det meir CO2 i lufta, følgjer pollenet etter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fryktar pollen-eksplosjon
Forskning.no skriv om det som truleg kan skje – om mengden av karbondioksid aukar kraftig, vil plantene produsera endå meir pollen enn dei gjer no.
LES OGSÅ: Lukt på rosene, redd livet
Fotosyntesen
Årsaka er eigentleg ganske naturleg, og kan knytast til noko me alle lærte om på ungdomsskulen – fotosyntesen. Ei plante veks seg større og produserer oksygen på grunn av dette, men då trengs sol, vatn og karbondioksid. Og når planter veks, då produserer dei pollen, for å bringa slekta vidare.
Med meir karbondioksid i lufta som følgje av utslepp frå til dømes industri og bilar, vil det og følgja med meir pollen, meiner amerikanske forskarar.
LES OGSÅ: Få har helsegevinst av alkohol
Timotei
Studia som er publisert i PLOS One, tek føre seg korleis grastypen Timotei blir påverka av større mengder CO2 – då auka pollenproduksjonen.
Forskning.no spurde pollenanalytikar ved Astma- og Allergiforbundet, Hallvard Ramfjord, om kva dette kunne ha å seia for allergikarane. Han lot seg ikkje skremma, og meinte det var litt modig å konkludera med ei slik auke i pollenmengden det neste hundreåret.
– Produksjonen av graspollen er berre ein av faktorane som vil påverka kva allergikarane vil bli utsett for, sa Ramfjord til forskning.no.
LES OGSÅ: Fleire dødsfall på lønningsdagen