Fleire dødsfall på lønningsdagen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette aukar faren for å døy

Nye funn tyder på at lønnsutbetaling kan vere farleg for helsa. Rett og slett dødsfarleg.

Dette kom forskarar ved Sveriges arbeidsmarknads- og utdanningspolitiske institutt (IFAU) då dei tok for seg offentleg tilsette i perioden 1995 til 2000.

LES OGSÅ: Opnar for dårlegare løn for vikarar

Hjarteproblem auka mest
På lønningsdagen til offentleg tilsette i Sverige auka nemleg talet på dødsfall med heile 23 prosent. Ei auke som utgjer 96 dødsfall årleg.

Hjarteproblem og slag var dei vanlegaste dødsårsakene. Talet på dødsfall knytt til hjarteproblem auka med heile 67 prosent på lønningsdagen.

– Me tolkar mønsteret me ser som ein effekt av generell auka aktivitet i befolkninga ved lønningsutbetaling. Me ser ingen auke i alkoholrelaterte dødsfall, og det er heller ingen forskjellar om løna vert betalt ut tysdag eller fredag, seier forskar Johan Vikström, i ei pressemelding frå IFAU.

LES OGSÅ: Løn viktigare for utdanningsvalet til menn

Verst for unge med låg løn
Forskarane fann liten forskjell på kvinner og menn.

Risikoen for å døy på lønningsdagen auka for alle aldersgrupper, men auken var størst blant arbeidstakarane mellom 18 og 35 år.

Personar med låg inntekt har betydeleg høgare risiko for å døy på lønningsdagar enn elles, medan effekten er svært liten på dei med høg inntekt.

Forklaringa kan vere at unge med låg inntekt ikkje har sparekonto og at lønningsdagen difor inneber ei auke i forbruksaktiviteten.  

LES OGSÅ: Desse studiane gir best løn