Ungdomsråda får gjennomslag i mindre enn fire prosent av sakene

I mange kommunar kan det ikkje dokumenterast at ungdomsråda har klart å påverka ei einaste sak. Forskar Sveinung Legard tipsar om tre tiltak som kan gjera ungdomsråda meir verknadsfulle.

Magnus Rotevatn
Publisert

Ungdomsråda i Noreg får gjennomslag i mindre enn fire prosent av sakene dei behandlar. Det slår forskarar ved OsloMet fast i ein rapport som blir lansert i dag under Arendalsuka.

– Me har gått gjennom 3230 saker der ungdomsråda tek stilling i ei politisk sak, og i under fire prosent av sakene er det nokon samanheng mellom utsegna frå ungdomsrådet og avgjersla frå politikarane, seier Sveinung Legard på telefon til Framtida.no.

Han er ein av forskarane bak rapporten.

Legard forklarar at nokre få kommunar står for mesteparten av dei fire prosentane.

I meir enn halvparten av kommunane som er med i undersøkinga, finn ikkje forskarane ei einaste sak der det kan dokumenterast påverknad frå ungdomsråda.

– Det er jo ting som tyder på at ungdomsråda ofte ikkje funkar så bra, seier Legard.

Sveinung Legard | Foto: OsloMet

Eit viktig atterhald er at eit ungdomsråd potensielt kan påverka politikken på måtar som ikkje let seg dokumentera.

📌 Kva er eit ungdomsråd?

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha eit ungdomsråd. Medlemmane kjem typisk frå elevråda, men i nokre kommunar kan ein til dømes senda inn ein søknad for å bli ungdomsrådsrepresentant.

Ungdomsrådet skal få uttala seg før ei sak som angår ungdom blir behandla av kommune- eller fylkesstyret. I dei aller fleste saker er det kommune- eller fylkesstyret som tek den endelege avgjersla.

Sakspapir kan vera heilt gresk

– Mange ungdomsråd blir bombarderte med mange saker, og dei blir sette til å behandla sakene som om dei hadde eit parti eller ein svær organisasjon i ryggen, seier Legard.

At delar av arbeidet i eit ungdomsråd kan vera vrient, stadfestar Danial Jaferi på telefon til Framtida.no. Han er leiar i Ungdommens bystyre (tilsvarande ungdomsråd) i Kristiansand.

– Sakspapir har stort sett eit altfor avansert språk, det er heilt gresk.

Jaferi fortel at mange av dei vaksne politikarane også er samde i dette.

– Eg har høyrd frå fleire unge at dei ikkje har sjanse til å setja seg inn i sakene, fordi det blir brukt så vanskeleg ord. Då finst det ikkje nokon reell medverknad, seier Jaferi.

– Mange kommunar burde nok eksperimentera med andre måtar å driva ungdomsrådet på, meiner Legard.

Ynskjer eigne pengar

Eit anna problem er at ungdomsråd ofte blir kopla ganske seint på dei politiske prosessane.

Trym Nybø, som er leiar for ungdomsrådet i Sogndal, kan kjenna seg att.

– Det er jo viktig at me ikkje får saker som eigentleg allereie er avgjorde. Då har me jo ikkje moglegheit til å påverka, seier Nybø på telefon til Framtida.no.

Sjølv om Nybø opplever at ungdomsrådet blir lytta til, er han innforstått med at utfallet av ei sak ikkje alltid blir som dei håpar på. Han trur at eigne middel som ungdomsrådet sjølv kan fordela, ville gjeve dei meir makt.

– Det handlar ikkje om at me skal ha masse pengar, men at det då blir lettare å gjennomføra ting som er viktige for ungdomane i kommunen.

Trym Nybø | Foto: Privat

Tre tiltak som funkar

Ifylgje forskar Sveinung Legard tyder forskinga på at tre tiltak kan få ungdomsråda til å funka betre.

1️⃣ Ungdomsråda må få tilbakemeldingar på kva som skjer med innspela deira. I dag skjer ikkje det i mange kommunar.

2️⃣ Den i kommuneadministrasjonen som har ansvaret for ungdomsrådet, bør sitja tett på kommunedirektøren eller politisk sekretariat. Mange ungdomsrådskoordinatorar jobbar til dømes i ei kultur- eller oppvekst-avdeling og har dimed lite oversikt over den politiske saksgangen i kommunen.

3️⃣ Politikarar bør sjølv dukka opp på ungdomsrådsmøta og lytta til kva ungdomane seier.