Få har helsegevinst av alkohol

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fåtalet har godt av vin

Berre 15 prosent har den spesielle genvarianten som gir alkohol denne godgjerande effekten, viser ein studie som er gjort ved Universitetet i Göteborg.

– Det betyr sannsynlegvis at det vi har fått høyre i mange år, nemleg at litt alkohol er godt for hjartet, berre gjeld for nokre få av oss, seier ein av forskarane bak studien, professor Dag S. Thelle, til Forskning.no.

LES OGSÅ: – Ungdom fortener betre råd

Eit glas vin gagnar ikkje alle
Studien stadfestar det franske forskarar fann allereie i 1995, at folk som har dette spesielle genet og drikk moderate mengder alkohol, har mykje mindre hjarteproblem enn andre.

Men det er altså ikkje grunnlag for å seie heilt generelt at eit glas vin eller to om dagen er godt for hjartet.

– Somme er så heldige at dei har arva denne mekanismen frå foreldra sine. Andre får nyte raudvinen sin utan å unnskylde seg med at det er for å ta vare på helsa, seier Thelle. (©NPK)