Lukt på rosene – redd livet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I Chicago har dei utført eit litt dystert forskingsprosjekt. På 3005 menneskjer mellom 57 og 85 år testa dei luktesansen på fem ulike odørar – roser, appelsin, lær, fisk og peppermynte.

Etter det målte dei kor lang tid det tok før dei døydde. Resultatet?

Over 40 prosent av dei som ikkje kjende igjen luktene døydde innan fem år, skriv Science Daily.

LES OGSÅ: Har du sprøyteskrekk?

Luktestift

Jayant M. Pinto, ein av hovudforfattarane i studien, viser ein av luktestiftane som vart brukt. Foto: Robert Kozloff/Universitetet i Chicago

Eit tidleg varsel
Det er kjend frå før at luktesansen blir dårlegare med alderen. Men manglande luktesans var og avgjerande for levetida hos dei yngre deltakarane.

– Det forårsakar ikkje døden direkte, men det er eit varsel, ei tidleg åtvaring om at noko er alvorleg feil, seier Jayant M. Pinto, som er hovudforfattaren av studiet. Han samanliknar luktesansen med kanarifuglen som vart brukt i gruver før i tida for å varsla om at lufta byrja å bli farleg dårleg.

Resultata vart målt opp mot mange andre faktorar, som kjønn, alder, røyking, utdanning, fedme osb – men i denne studia var det berre alvorleg leverskade som var ein sterkare indikator enn luktesansen på dødsfall innan fem år.

Så lukt på rosene medan du kan – og sei ifrå til ein lege om du ikkje kan det lenger.

LES OGSÅ: Hopp gjerne over frukosten