Losa «søringan» gjennom «snykaos» på dialekt i VG
– Morosam gimmick, seier mållagsleiaren.
Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
– Eg har aldri skrive dialekt i VG før og eg vart vel eigentleg ganske overraska over at me fekk lov til det, seier Marius Medby på telefon til Framtida.no.
Då innbyggjarane i hovudstaden sto i eit nytt snøkaos denne veka, føreslo nyheitssjefen at to nordlendingar i redaksjonen skulle trø til for å hjelpa søringane i nyheitsstraumen til VG.
– Føltest veldig rart
Marius Medby stilte opp saman med kollega Preben Sørensen Olsen. Dei to kunne skilta med 32 og 21 års erfaring med «sny», og stilte opp med «dårlige råd – og godt humør».
Den 24 år gamle tilkallingsvikaren i VG skriv dialekt til vanleg, men synest det kjentest unormalt å få skriva det på jobb.
– Når eg er i VG-lokalet skriv eg berre bokmål til alt og alle. Difor føltest det veldig, veldig rart ut, forklarar Medby, som har jobba der i over to år.
Håpar på reprise
På klingane tromsødialekt forklarar han at han tok seg sjølv i å plutseleg skriva bokmål, fordi det var så uvant å skriva på dialekt på jobb.
Medby føler han kan vera litt meir seg sjølv når han skriv dialekt, samanlikna med bokmål.
– Eg sit med inntrykk av at det ikkje noko som skjer så ofte i VG, og så er det jo morosamt å gjera noko heilt annleis. Så eg håpar at dette ikkje er siste gongen, småler Medby.
Morosam gimmick
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, har ikkje fått med seg stuntet når Framtida.no ringjer, men etter ein kort introduksjon er han seld.
– Det synest eg er litt morosamt, i alle fall som ein gimmick og eit eingongstilfelle, seier Lofnes Hauge.
Han reknar ikkje med at dette er eit redaksjonelt skifte frå VG si side, men synest det er ein fin måte å visa fram dialekt til lesarane.
– Synest du det burde vera meir skriftleg dialekt i media?
– Eg synest vel skriftlege medium bør halda seg til bokmål og nynorsk, og då helst nynorsk, svarar Lofnes Hauge, og legg til:
– Men det å visa fram dialektmangfald er kjempeviktig og kjekt kvar gong det skjer.
● Les også: Dialektquiz: Forstår du nordnorsk?
– Viktig mangfald
– Det er ingen planar om å endra den praksisen me har no, der nynorsk og dialekt kan brukast når det er naturleg, eller når det kan vera eit eige journalistisk poeng.
Det stadfestar nyheitsredaktør i VG, Tora Bakke Håndlykken, i ein e-post til Framtida.no.
VG opna opp for nynorsk i 2017, og frå tid til anna dukkar det ein nynorskartikkel opp i Noreg mest lesne avis.
– I tillegg har me mange journalistar som snakkar dialekt, og som i meir munnlege format nyttar dialekta si også i skrift, slik me såg under snøkaoset. Og sjølvsagt snakkar journalistane våre fritt dialekt på TV eller i podkast. For VG bidreg både nynorsk og dialektbruk til eit viktig mangfald, samtidig som me er opptekne av å formidla journalistikken vår på ein måte som er tilgjengeleg og forståeleg for flest mogleg, understrekar ho.
Ifølgje nyheitsredaktøren kom det ei mengde positive tilbakemeldingar på dei to engasjerande nordlendingane, som gav søringar råd i snøkaoset.
– Det skuldast nok både dialektbruken og dei snøkompetente råda dei kom med.
Dialekt privat
For Medby er tromsødialekta ein viktig del av identiteten, men han merkar at han har endra litt på den munnlege dialekta etter han flytta til Oslo for tre år sidan.
Han har òg eit prinsipp om å berre skriva dialekt på fritida, men kan oppleva at han må moderera seg litt for å bli forstått av alle. Eit av dialektorda han har måtte ofra skriftleg er spennanes.
– Det er vel eigentleg berre til kjærasten at eg skriv på bokmål, avslører han.
– Kvifor skriv du på bokmål til kjærasten din?
– Det er eigentleg eit ganske godt spørsmål, ler Medby, og forklarar:
– Eg har skrive litt på dialekt til dei austlendingane eller søringane som eg har blitt kjent med sidan eg flytta og det er ikkje alle som er like glade i det. Så då eg først vart kjend med dama så byrja det på bokmål, og så har det vel eigentleg berre fortsett slik.