Dialektquiz: Forstår du nordnorsk?

Test kor godt du kjenner til meir nordlege dialektord!

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor fekk Ove Arild Ovik eit stipend frå Noregs Mållag for å jobbe med Nordnorsk ordbok. Boka er ei vidareføring av arbeidet til Hallfrid Christiansen, som samla inn ord og uttrykk frå den nordlege landsdelen vår fram til ho døydde i 1964.

Framtida.no har fått ein sniktitt på desse orda, og laga ein quiz du kan bryne deg på:

Quiz: Nordnorsk-quiz

  1. Spørsmål 1 av 10

    1.

    Kva betyr det når nokon er avbala eller abala?

    • Rett!

      Ein person som er avbala er sliten, utmasa eller trøytt.

      Wildlife gif. Sleepy monkey rests on a tree branch and opens its mouth in a huge yawn, dark hand scratching its eyes and head.

    • Feil!

      Ein person som er avbala er sliten, utmasa eller trøytt.

      Wildlife gif. Sleepy monkey rests on a tree branch and opens its mouth in a huge yawn, dark hand scratching its eyes and head.
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  2. Spørsmål 2 av 10

    2.

    Dersom du høyrer om ungdom som likar å lode, kva driv dei med då?

    • Rett!

      Ein kan lode gjennom sentrum eller på landevegar, for å lode tyder å råne. Altså å sige sakte rundt (i bil), dersom begge desse orda var vanskelege for deg.

      Gone to the Snow Dogs GIF
    • Feil!

      Ein kan lode gjennom sentrum eller på landevegar, for å lode tyder å råne. Altså å sige sakte rundt (i bil), dersom begge desse orda var vanskelege for deg.

      Gone to the Snow Dogs GIF
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  3. Spørsmål 3 av 10

    3.

    Når ein pratar om ein av dei unge karane som likar å lode, så kan han gjerne bli kalla ein gjæving eller jæveng. Kva tyder det?

    • Rett!

      Ein gjæving er ein flink eller kjekk kar. (Heilt motsett frå ein jævel.)

      Walt Disney Love GIF
    • Feil!

      Ein gjæving er ein flink eller kjekk kar. (Heilt motsett frå ein jævel.)

      Walt Disney Love GIF
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  4. Spørsmål 4 av 10

    4.

    Nordlendingar har ikkje berre midnattssol, mørketid og vind, dei har også snø (kanskje meir enn mange andre stader i Noreg). Kva omgrep har dei for å vasse i snø?

    • Rett!

      Å grynne eller å grynnj er det same som å vasse i snø.

      Snow Swimming GIF
      (Det er uvisst kva det nordnorske ordet for å symje i snø er.)

    • Feil!

      Å grynne eller å grynnj er det same som å vasse i snø.

      Snow Swimming GIF
      (Det er uvisst kva det nordnorske ordet for å symje i snø er.)

    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  5. Spørsmål 5 av 10

    5.

    Det er mykje sjø og hav i heile Noreg, inkludert Nord-Noreg, men kva tyder heimsjø eller heimsjy?

    • Rett!

      Heimsjø eller heimsky er fiskeområde nær heimplassen.

      How It Feels To Be Lost Sumerian Records GIF by Sleeping With Sirens
    • Feil!

      Heimsjø eller heimsky er fiskeområde nær heimplassen.

      How It Feels To Be Lost Sumerian Records GIF by Sleeping With Sirens
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  6. Spørsmål 6 av 10

    6.

    Kva tyder pie?

    • Rett!

      Ei pie er rett og slett ei lita jente.

      Little Girl Love GIF
    • Feil!

      Ei pie er rett og slett ei lita jente.

      Little Girl Love GIF
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  7. Spørsmål 7 av 10

    7.

    Kva tyder det å vere pusken?

    • Rett!

      Å vere pusken er rett og slett ganske likt det å vere pjuskete, altså småsjuk eller ikkje i form.

      Sick Mean Girls GIF
    • Feil!

      Å vere pusken er rett og slett ganske likt det å vere pjuskete, altså småsjuk eller ikkje i form.

      Sick Mean Girls GIF
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  8. Spørsmål 8 av 10

    8.

    Kva tyder snop?

    • Rett!

      Snop kan sjølvsagt vere godteri, men akkurat her tyder det rett og slett at ein er rask eller snar i snuinga.

      Speeding Evan Peters GIF by 20th Century Studios
    • Feil!

      Snop kan sjølvsagt vere godteri, men akkurat her tyder det rett og slett at ein er rask eller snar i snuinga.

      Speeding Evan Peters GIF by 20th Century Studios
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  9. Spørsmål 9 av 10

    9.

    Pie er jente, men kva for eit av desse alternativa tyder gut?

    • Rett!

      Ein gut er altså ein strik.

      Will Truman Nbc GIF by Will & Grace
    • Feil!

      Ein gut er altså ein strik.

      Will Truman Nbc GIF by Will & Grace
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt
  10. Spørsmål 10 av 10

    10.

    Kva tyder tytte eller tøtta?

    • Rett!

      Ei tytte eller tøtta er ei lita jente, men blir ofte brukt negativt om ei kvinne (Ja, den tøtta veit æ om!).

      Girl Smile GIF
    • Feil!

      Ei tytte eller tøtta er ei lita jente, men blir ofte brukt negativt om ei kvinne (Ja, den tøtta veit æ om!).

      Girl Smile GIF
    Neste spørsmålSjekk svaret mitt

Resultat:  

Vurdering:  

● Les også: Kva betyr dialektorda?