Nynorsk stavekontroll for skular er full av feil
«Gåtteri» gjekk fint, men «ikkje» fekk raud strek i det nynorske retteprogrammet til Google.
I haust lanserte Google sin eigen nynorske stavekontroll som skal brukast for skuleelevar i undervisninga. Resultatet er nedslåande.
Det viser ei undersøking Språkrådet har gjort, og som NRK har fått tilgang til.
Språkrådet la inn tekstar fulle av feil for å teste programmet. Omtrent tre av fire feil vart ikkje oppdaga, deriblant ord som «klær», «ikke» og «ødeleggelsene».
– Det er rett og slett så dårleg at det nesten ikkje går an å setje ord på, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet til NRK.
I opplæringslova står det at skulen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.
No skrur skular heller av det nye verktøyet enn å bruke det då det opplevast som villeiande.
Sondre Ronander, kommunikasjonssjef i Google skriv i ein e-post til NRK at dei anerkjenner behovet for kontinuerleg forbetring, og stadfestar at Google jobbar med å gjere nynorsk meir presist gjennom oppdateringar.
– Det er akkurat no planlagde oppdateringar for nynorsk rett rundt hjørnet, skriv Ronander.