Dette blir dei viktigaste sakene på klimatoppmøtet
Noregs ungdomsdelegat til klimatoppmøtet forklarar kva som blir dei viktigaste diskusjonane når verdsleiarane samlast i Baku i Aserbajdsjan.
– Eg skal følge mest med på klimatilpassing. Det gjorde eg i fjor også, fortel Amalie Eikeland Holmefjord (25). Framtida.no snakka med den norske ungdomsdelegaten til FNs klimatoppmøte dagen før ho sette kursen mot Aserbajdsjan.
COP29
- COP29 er FNs 29. klimatoppmøte
- COP viser til «Conference of the Parties»
- Møtet er i Baku i Aserbajdsjan
- Klimatoppmøtet varar frå 11. november til 22. november
I tillegg til klimatilpassing vil Holmefjord følgje punktet «Action for climate empowerment», som handlar om medverknad.
– Det har eit spesifikt fokus på medverknad av barn og unge, men handlar òg generelt om korleis sivilsamfunnet kan ta del i klimadiskusjonane og kome med løysingar.
Vi har spurt Holmefjord kva som blir dei viktigaste sakene på årets klimatoppmøte:
1: Klimafinansiering
– Det desidert største temaet blir klimafinansiering, fortel Holmefjord.
Under klimatoppmøtet i år skal dei bestemme seg for noko som heiter «New Collective Quantified Goal on climate finance» på engelsk. Det er det nye klimafinansieringsmålet.
– Det bygger på at dei tidlegare har hatt eit mål som heiter «100 dollar billion goal», og no er planen å lage eit nytt mål for klimafinansiering. Det er den desidert største diskusjonen som kjem til å føregå på COP i år.
Ifølgje OECD nådde industrilanda målet om å stille med 100 milliardar dollar årleg til klimatiltak i utviklingsland første gong i 2022. Dette nivået gjeld til 2025, og difor skal det lagast eit nytt kollektivt mål som skal erstatte det.
2: Nasjonale klimamål
Holmefjord trur vidare at diskusjonen rundt finansieringsmålet vil bygge opp om dei nasjonale klimamåla som alle land skal levere inn, der dei set mål for utsleppskutt for sitt land.
Dei skal leverast inn våren 2025.
– Så dei nasjonale klimamåla vil nok òg bli eit viktig tema på COP i år. Kor ambisiøst ein klarar å få finansieringsmålet, vil òg kanskje påverke kor ambisiøse land er når dei skal setje dei nye nasjonale klimamåla.
3: Oppfølging av GST frå i fjor
Eit av dei viktigaste punkta under fjorårets klimatoppmøte var Global Stocktake, eller GST. Det er ein statusrapport over kor langt vi er komne og kva som står att for å oppnå måla i Parisavtalen. I sluttdokumentet til Global Stocktake i fjor, kom det inn ei formulering om at verda skal «omstille seg vekk frå fossil energi».
– Ein har nokre mekanismar som jobbar vidare med å følgje opp det som skjedde på Global Stocktake. Det blir òg ganske viktig i år, seier Holmefjord.
Under årets toppmøte vil det vere fokus på å følgje opp det som blei vedteke i GST vidare.
– Ein har til dømes eit arbeidsprogram som fokuserer på utsleppsreduksjonar. Og så er det sjølvsagt at det som kom ut av GST-en skal brukast inn i dei nye nasjonale klimamåla, at land brukar GST som bakgrunn for kor ambisiøse dei skal vere. Så det blir òg viktig.
● Les også: Quiz: Kva kan du om FNs klimatoppmøte?