Svak norsk krone: – Utanlandsstudentar hoppar over måltid
Utvekslingsstudent Andrea Victoria Horne merkar på lommeboka at euroen er dyr for nordmenn. Ansa-leiar Øyvind Bryhn Pettersen meiner skiljet mellom kven som har råd til å dra på utveksling, eller ikkje, aukar.
Den norske krona er svak for tida. Ein euro kostar opp mot 12 norske kroner. Eit britisk pund kostar over 14 kroner.
For norske studentar i utlandet kan det byrje å svi i lommeboka.
Andrea Victoria Horne merkar det godt. Ho er på utveksling i Aix-en-Provence i Sør-Frankrike i haust.
– Eg merkar at det er mykje dyrare, seier ho.
– Sinnssjukt
Horne kan hugse då ho var på ferie til kontinentet då ho var yngre, og euroen låg på mellom 8 og 10 kroner.
– Då heldt det å legge på ein null på enden av prislappen for å rekne om prisen. No har euroen vore over 12 kroner. Det er heilt sinnssjukt!
Horne trekker fram at Noreg eigentleg er eit temmeleg dyrt land, og at mange land i Europa vanlegvis har lågare prisar på mellom anna matvarer. Ein er van med at ein kjem langt med norsk lommebok i utlandet.
– No er studentøkonomien trong, og eg merkar at pengane går utruleg fort. Eg har sagt ifrå til familien at dei ikkje skal vente seg julegåver i år! seier ho.
Ho merkar særleg den svake krona på matbutikken, barar og restaurantar, men ho legg til at ho var ganske førebudd på dette før ho reiste ned.
– Hoppar over måltid
Øyvind Bryhn Pettersen er president i Association of Norwegian Students Abroad (Ansa).
Han slår fast at det er ein krevjande situasjon for norske utanlandsstudentar, nesten uansett kor i verda dei er.
– Det vi har merka i haust, er at når studentane skal betale skulepengar og dei første månadene med husleige, er det mange som sit att med nesten ingenting å leve av, fortel han.
– Vi har høyrt forferdelege historier om at studentar hoppar over måltid.
Særleg Storbritannia skil seg ut som eit utfordrande land å vere norsk student i, fortel Pettersen. Pundet har styrkt seg, skuleavgiftene er høge, og mange utleigarar krev at leigetakarar betalar husleige for eit halvt år om gangen.
– Det gjer at mange opplever veldig stort press på økonomien, seier han.
Han fortel at Ansa ser eit aukande skilje mellom dei som får hjelp heimanfrå, og dei som er prisgitt studiestøtta åleine.
– Vår realitetsoppfatning er at studium i utlandet diverre ikkje er ein moglegheit for alle, den dag i dag. Vi meiner at lik rett til utdanning også skal inkludere utdanning i utlandet, og alle skal ha same moglegheita til å ta det valet, seier han.
Anbefaler å dra – og å lage budsjett
Likevel meiner Pettersen at det er verdt det å reise på utveksling, sjølv med den svake krona.
– Vi vil alltid anbefale å dra. Det er ei kjempeerfaring, og ein utruleg god personleg læringsarena. Eg plar kalle det «eksamen i sjølvstende». Ein veks utruleg som person, får veldig mange nye inntrykk, og lærer studiestaden å kjenne på ein heilt annan måte enn ein gjer som turist, seier han.
Men med dagens situasjon gjeld det å planlegge budsjettet ekstra godt, meiner han.
– Først og fremst må utanlandsstudentane tenke langsiktig. Studiestøtta vert betalt på starten av semesteret, og pengane må vare. Då må ein lage budsjett, og vite kva du kan bruke i månaden for å framleis ha pengar i på slutten av opphaldet, seier han.
Brukar meir pengar
Sjølv om økonomien er trong, legg ikkje Andrea Victoria Horne skjul på at pengebruken er meir liberal på utveksling enn heime i Noreg. Mellom anna går ho meir ut og et eller drar på reiser.
Horne får eit vanleg studielån og -stipend frå Lånekassen, men får i tillegg eit utvekslingsstipend frå Erasmus. Det kjem godt med.
– Men eg merkar at med pengane eg får frå Noreg, vert det trongt.
Uansett slår studenten fast at opphaldet er verdt det.
– Eg får opplevingar eg aldri kjem til å gløyme. Det er 100 prosent verdt det, seier ho.
Horne fortel at ho laga budsjett før ho reiste, for å få oversikt over kor mykje lommepengar ho hadde igjen etter at husleiga var betalt. Ho legg til at dei same sparetipsa som heime, også fungerer i utlandet: Lage middag i store porsjonar til fleire dagar, ha matpakke med på skulen, og å unngå små, spontane kjøp.
– Men eg har vore mykje dårlegare på dette i Frankrike enn eg vanlegvis er i Noreg. Ein må heller ikkje gløyme at ein reiser på utveksling for å få ein ny og kanskje litt friare studiekvardag. Ein del av opplevinga er å ete god mat og møte vener ute på bar! Økonomisk fornuft handlar hovudsakleg om balanse. Et du middag ute ein gong i veka, tar du resten av måltidene heime dei andre dagane.
Etterlyser politiske grep
Pettersen i Ansa understrekar at regjeringa har eit mål om at halvparten av norske studentar skal dra til utlandet. Likevel meiner han at regjeringa gjer lite for å innfri dette målet.
– Regjeringa har kutta i finansieringa av utanlandsstudium og gitt ein beskjeden auke i studiestøtte som knapt veg opp for den svake krona, seier han.
Ansa meiner studiestøtta bør ligge på fattigdomsgrensa til EU, som i 2022 var på 264 800 kroner. Det var over 113 000 kroner meir enn basisstøtta for neste studieår.
Ansa meiner også at stipendandelen av støtta til skulepengar bør aukast til 70 prosent for alle utanlandsstudentar. I fjor vart delen kutta til 40 prosent. Før det var han på 50 prosent for bachelorgrad og 70 prosent for master- og doktorgrad.
Pettersen forklarar at utveksling gir heilt nødvendig kompetanse til Noreg, når studentar kjem heim med nye perspektiv, kulturforståing, språkkunnskapar og internasjonale nettverk.
– Vi treng internasjonalisering om universiteta skal oppfylle samfunnsansvaret om å skape kandidatar til å ta del i den globaliserte arbeidsmarknaden. Om det ikkje blir gjort grep snart, vil vi ikkje klare å følge opp dei internasjonale forpliktingane våre og ta del i globale løysingar på globale problem, seier Ansa-leiaren.
– Staten tek større risiko
Signe Bjotveit, politisk rådgivar i Kunnskapsdepartementet, skriv i ein e-post til Framtida.no at den sittande regjeringa har hatt ei historisk god satsing på studentane.
– Sidan denne regjeringa tiltredde i 2021, har studentane frå neste studieår av fått over 25 000 kroner meir å rutte med i året.
Ho skriv at ordningane for studentar i utlandet er rause frå før, og ho meiner studentar i utlandet har komme godt ut av styrkingane regjeringa har gjort.
– Ikkje berre kan ein ta med seg heile støtta ein ville fått ved å studere i Noreg – ein får til og med meir støtte nettopp for å mogleggjere utdanning i utlandet, skriv ho.
Bjotveit viser til at lån og stipend til skulepengar utanfor Norden vert valutajustert for å kompensere for valutasvingingar. Denne utrekninga skjer like før utbetaling.
– Slik tek staten ein større del av risikoen når den norske krona er svak, skriv ho.
Bjotveit legg til at norske studentar kan ta ulike grep for å få ekstra støtte til å studere i utlandet, mellom anna å dra gjennom Erasmus +-samarbeidet til EU, eller å dra til særleg prioriterte samarbeidsland. Studentar som reiser til Brasil, India, Kina, Japan, Sør-Korea eller Sør-Afrika, får nemleg 4277 kroner ekstra i stipend.
Frå neste studieår vert stipendet for desse seks landa auka, og det vert utvida til å gjelde studentar som både tar utveksling og heil grad.