Brynjulf Jung Tjønn og Heidi Furre nominert til Brageprisen

Nynorskforfattarane Heidi Furre og Brynjulf Jung Tjønn er begge nominert i kategorien skjønnlitteratur.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

I dag vart nominasjonane til den høgthengande norske Brageprisen annonsert.

I kategorien for skjønnlitteratur er det to nynorskforfattarar som kan få den gjæve prisen.

Brynjulf Jung Tjønn har tidlegare vunne Brageprisen for ungdomsromanen Så vakker du er (2013), og er i år nominert for diktsamlinga Norsk kjærleik.

Dei nominerte i kategorien skjønnlitteratur er: 

  • Kathrine Nedrejord: Sameproblemet (Oktober)
  • Heidi Furre: Technotika (Flamme)
  • Malin C.M. Rønning: Det tolvte huset (Oktober)
  • Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik (Cappelen Damm)

Dei nominerte i kategorien barne- og ungdomsbøker er:

  • Tyra Teodora Tronstad: Løgner som lyser (Aschehoug)
  • Kjersti Synneva Moen: Selma gjør så godt hun kan (Aschehoug)
  • Per Dybvig: De står i kø (Aschehoug)
  • Kristine Rui Slettebakken og Nora Brech (ill.): Billie og Bo og den heidundrandes jula (Gyldendal)

Dei nominerte i kategorien sakprosa for barn og unge er:

  • Kristina Quintano: Flukt (Vigmostad & Bjørke)
  • Reidar Müller og Sigbjørn Lilleeng (ill.): Livet er livsfarlig! (Aschehoug)
  • Kari Saanum og Signe Torp (ill.): Barna i fabrikkbyen – Arbeiderliv i Kristiania 1890 (Orkana)
  • Sarah Herlofsen og Fredrik Edén (ill.): En dag i ungdomskroppen (Herosa AS)

Dei nominerte i kategorien sakprosa er:

  • Ayesha Wolasmal: Tusen dager med Taliban (Kagge)
  • Inger Skjelsbæk: Sarajevos Roser (Press)
  • Terje Øiesvold: Fra Nord. Nordkalottens billedhistorie (Orkana)
  • Marit Beate Kasin: Naturparadokset. Om naturen vi mister og hvordan vi kan få den tilbake (Res Publica)