Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar spesielt ein serie bøker om andre verdskrig i Finnmark: Sofie og Kathrine-bøkene. Dei elska eg. Og dessutan føregjekk dei jo ikkje så langt frå der eg vaks opp, minnest Kathrine Nedrejord.

33-åringen frå Kjøllefjord i Finnmark minnest at både mor og far las mykje. Difor har ho varme minner om den historiske bokserien for barn som Grete Haagenrud gav ut på 90-talet.

Berre 22 år gamal bokdebuterte Kathrine Nedrejord med romanen Transitt, og har seinare skrive fleire romanar og teaterstykke. I 2018 gav ho ut den svært personlege Forvandlinga, som ho skreiv etter ho vart offer for ei overfallsvaldtekt i Paris.

På same måte som Haagenrud har Nedrejord no lete seg inspirera av heimdistriktet Finnmark. Hennar siste bok Lappjævel! handlar nemleg om fornorskinga av samane på 50-talet og er nominert til Kulturdepartementet sin litteraturpris for barn og unge.

Me har teke ein kikk i bokhylla hennar:

Kathrine Nedrejord kan grina av novellene til Alice Munro, le av skodespela til Fredrik Brattberg, bli så sint at ho måtte ta pasar av Steve Sem-Sandberg og bli takksam over å vere kvinne av å lesa «Hendelsen» av Annie Ernaux,

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Akkurat no er det ei bok av den franske forfattaren Ivan Jablonka, som heiter «Histoire des grands-parents que je n’ai pas eus», eller omsett til norsk noko sånt som «Historia om besteforeldrene jeg aldri fikk».

Kva bøker les du helst?

Eg prioriterer bøker med same tematikk som det eg held på å skrive om sjølv. Det vil seie at eg for tida les mange bøker om brotsverk frå verkelegheita, mykje som ligg og vippar mellom skjønnlitteratur og sakprosa.

Kor les du?

Heime, på bussen eller banen, på biblioteket, på flyet, medan eg et – eg har vanskeleg for å leggje frå meg ei bok når eg først er fanga inn i den.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Det var mange. Eg las mykje ungdomsbøker i tenåra, men det var kanskje særleg då eg byrja å bevege meg over i vaksenlitteraturen at eg fekk nokre store aha-opplevingar. Mellom anna «Ulysses» av James Joyce, opna opp nokre dører. Eg skjønte at ein har lov til å bryte reglar når ein skal skrive skjønnlitterært, og då eg skjønte det, blei det òg mykje gøyare å skrive.

«Ulysses» av James Joyce av James Joyce gjorde inntrykk i tenåra og Assia Djebar si refleksjonsevne imponerer stadig. Foto: Alex Ehrenzweig og Michel-Georges Bernard

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Det er fleire bøker av Marguerite Duras som eg synest er så steingode at eg blir misunneleg, men samtidig veit eg at eg ikkje sit på dei erfaringane som gjorde at dei blei så gode, som «Smerten» eller «Elskeren», at eg tenkjer at eg er takknemleg for at akkurat ho skreiv desse bøkene.

Òg «Slottet» av Franz Kafka synest eg er så frykteleg god og vond at den gjer meg misunneleg. Og «Dobbeltgjengeren» av Dostojevskij er så elegant og sterk at eg gjerne skulle hatt den evna. Og til sist misunnar eg Assia Djebar refleksjonsevna ho viser i samtlege bøker.

Det er mange bøker og forfattarar eg beundrar veldig!

Det er mange bøker Kathrine Nedrejord skulle ha skrive, men er glad andre har gjort.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det synest eg er vanskeleg å svara på. Dei bøkene eg ramsa opp i førre spørsmål er jo veldig ulike, i tematikk og form, så det finst store moglegheiter for å skriva ei god bok om nesten kva som helst. Dessutan har eg nok endra meining, påverka av mitt eige liv, opp gjennom åra på kva som er interessant og relevant litteratur.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Dette trur eg endrar seg frå dag til dag. Akkurat i dag kan eg ikkje koma på ein spesifikk karakter, dessverre.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Kanskje Annie Ernaux, det er mykje eg ville spurt ho om, og det verkar som ho har mykje å fortelje.

Annie Ernaux vert rekna som ein av Frankrike sine fremste samtidsforfattarar. Foto: Babsy

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Å, nei. Dette synest eg er vanskeleg! Eg elskar jo nettopp det å skifte perspektiv, så det hadde vore frykteleg trist berre å lesa frå eitt anna perspektiv enn mitt eige. Då måtte det i så fall blitt ein med eit rikt forfattarskap, eller i alle fall mange sider å lesa. Kanskje Annie Ernaux som eg nemnde rett over her, fordi eg er i gang med hennar forfattarskap for fullt no. Nei, uff, eg synest det er vanskeleg å velje.

Omslag: Aschehoug

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Det trur eg faktisk ville vore den siste, «Lappjævel!».

Den er i alle fall full av action, men sidan den handlar om ein ung, samisk gutt, så kunne jo ikkje hovudrolla vore spelt av nokon kjent skodespelar, men heller ein ung, ukjent, samisk gut. Og det passar meg i grunnen bra!


Les også: Zeshan Shakar las ikkje ei einaste bok frivillig som tenåring

Zeshan Shakar gjorde braksuksess med debuten «Tante Ulrikkes vei» (2017), som har vorte sett opp på teater og no skal filmatiserast. Her er han plassert framfor omslaget til andreboka «Gul bok». Foto: Julie Pike, Gyldendal

Kathrine Nedrejord

Alder: 33

Frå: Kjøllefjord

Utdanning: Bachelor i litteraturvitskap, master i teaterstudier

Yrke: Forfattar og dramatikar

Tal på lesne bøker i året: Anar ikkje, eg les ikkje nødvendigvis alle bøkene frå perm til perm, men eg les kvar dag. Så langt i år har eg vel lese rundt 20 bøker.