Den bokaktuelle teikneserieskaparen klarar nesten ikkje å leggje frå seg bøkene til Anne B. Ragde.

Edith Meek Allern
Publisert

– Eg er så ekstremt svak for bøker som er morosame og melankolske på same tid, fortel Kjersti Synneva Moen på e-post til Framtida.no.

– Kvardagslege slice of life-historier er det som treffer meg.

Slice of life er ein sjanger der vanlege liv i ei verd lik vår eiga blir skildra. Moen er sjølv rosa for ei eiga evne til å morosamt og uhøgtideleg skildre store og små sider av livet – frå meininga med det heile til einsemd og Twist.

Amalie blir vaksen

Moen si første bok, Grip den føkkings dagen, handlar om Amalie som flyttar på hybel for å studere kunst og bli vaksen. Det viser seg å vere meir forvirrande og overveldande enn ho hadde trudd.

Utdrag frå teikneserieromanen Grip den føkkings dagen av Kjersti Synneva Moen. Illustrasjon: Kjersti Synneva Moen

Ho har illustrert Pappa er dustete av forfattar Alba Shirin Jafari Dannevig og skapt teikneseriar som Koret og Lik hvis du er enig, i tillegg til illustratøroppdrag for Kvinnefronten, Gyldendal og Den norske turistforeining, med vidare.

Som liten las Moen til langt over leggjetid. Mange av desse bøkene skulle forme Moen både i tekst og teikning.

Framtida.no har fått ta ein titt i bokhylla til teikneserieskaparen.

Sengelektyre

– Kor mykje les du?

– 40 bøker i året, pluss minus.

– Kor les du?

– Alltid før eg sovnar. På morgonen i helgene, når eg ikkje har noko eg skal rekke og kan sitje i senga med kaffikopp og bok. Når eg lagar meg tid til å koke ei tekanne og sitje framfor peisen et par timar på kvelden, då kosar eg meg veldig!

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Vi er ikkje her for å ha det morosamt av Nina Lykke. Det er første boka eg les av ho. Eg er spent på korleis dramaet på litteraturfestivalen endar!

Denne boka fekk meg til å …

… gråte: Pappa var nesten på Woodstock av Ane Barmen. Eg er så ekstremt svak for bøker som er morosame og melankolske på same tid. Pappaen i boka er så god skrive, og slutten var så rørande vakker at eg kan få tårer i augekroken berre av å tenkje på han. Om eg får nemne ein til i same kategori – Folk med angst av Fredrik Backman.

… le: Nesten sanne historier av Rune Lisbeth Berg. Ei oppvekstskildring i reine Aukrust-ånd, men likevel med så mykje originalitet, forteljarglede og fantasi om å vekse opp på ein liten stad.

… bli sint: hovudpersonen i Så mye hadde jeg av Trude Marstein provoserte meg verkeleg! Men til gjengjeld var boka vanvitig bra, så då går det fint.

… tenkje: Folk jeg husker av Joakim Kjørsvik. Denne idéen er så god og så meisterleg gjennomført. Tenk så mange folk ein møter i løpet av eit liv! Joakim Kjørsvik skriv både hysterisk morosamt, forferdeleg sørgjeleg, ettertenksamt og vakkert om barndomsvenner, kundar, ekskjærastar og naboar. Eg har lese boka mange gongar og kvar gong får ho meg til å tenkje på at kvart einaste menneskeliv og kvart einaste menneskemøte til saman utgjer eit uendeleg antal historier.

Sven Nordquist sin strek

– Kva bøker blei lesne til deg som liten?

– Mamma har alltid vore ein bokelskar, og introduserte meg for skikkeleg mykje fint då eg var liten. Alle bøkenen til Sven Nordquist, både ei om Gubben og katten, men og Bosses drosje og hattejakten, blei lesne så mykje at dei må ha fått kraftige slitasjemerkar etter kvart. Dei hadde sterk innverknad på teiknestilen min og.

«Gubben og katten»-serien frå svenske Sven Nordqvist vert gjeve ut på norsk av Cappelen Damm. Illustrasjon: sven Nordqvist/Cappelen Damm

– Då eg blei litt eldre viste ho meg Klaus Hagerup, og det blei inngangen min til å lese sjølv. Markus-bøkene gjekk ned på høgkant, men og Landet der tida var borte, som var ein av dei første store lesaropplevingane mine.

–  Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Pelle og Proffen-bøkene til Ingvar Ambjørnsen. Eg er vaksen opp på landet i Trøndelag, og denne byen «Oslo» var ein livsfarleg stad med trøbbel og narkotika på kvart eit gatehjørne – men det skjedde jo og tydelegvis mykje spennande der! Eg låg lenge etter leggjetid og las dei ut.

Hakkespettboken

– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?

– Eg las Naiv. Super for første gong då eg var femten, og sidan har eg lese ho med fem års mellomrom. Det er ein fin tradisjon. Boka har fått nye tydingar for meg kvar enkelt alder eg har lese ho. Kvar gong tenkjer eg, herlegdom – korleis har han fått til dette?! Eit meisterverk.

– Kva bok meiner du er undervurdert?

– Eg fekk akkurat Hakkespettboken i bursdagsgåve. Den burde ein jammen bla litt i gong i blant. Eg har til dømes friska opp mine semafor-kunnskapar og lært å byggje ein ørkenspegel.

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Når ei bok klarar å røre ved det aller mest menneskelege. I mitt tilfelle handlar det ofte om tematikk rundt fellesskap og at andre menneske treng kvarandre. Klarar ho å vere morosam i tillegg, då er eg selt.

Solan og Ludvig

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Kan eg svare to? Eg las nemleg ein gong at Kjell Aukrust har basert både Solan og Ludvig på seg sjølv. Solan sitt humør og positive syn på livet, saman med Ludvig sitt meir nevrotiske vesen.

Ivo Caprino har udødeleggjort Kjell Aukrust sine teikningar i animasjonssuksessen Flåklypa Grand Prix frå 1975. Foto: Caprino Studios

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Då vel eg Kjell Aukrust. Han har eit heilt vanvettig vakkert kunstnarskap som aldri sluttar å inspirere meg. Skulle veldig gjerne diskutert både tekst og teikning med han over nokre glas konjakk!

Heroin-bøker og Lena

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Anne B. Ragde. Lurar faktisk på om det går an å injisere bitte litt heroin inn i bøker. Det trur eg i så fall ho har gjort. Når eg gir meg ut på ei av bøkene til Anne B. Ragde, klarar eg sjeldan leggje ho frå meg.

– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Eg såg akkurat «Døden på Oslo S» på Nationaltheatret (apropos Pelle og Proffen!) og blei heilt oppslukt av Flo Fagerli som speler Lena. Ho kunne vore ei skikkeleg fin Amalie!

Filip Bargee Ramberg, Sjur Vatne Brean og Flo Fagerli blir å sjå i rollene som Pelle, Proffen og Lena når kultklassikaren Nationaltheatret «Døden på Oslo S» blir musikal på Nationaltheatret våren 2023. Foto: Erika Hebbert/Nationaltheatret


Forfattardebutant Robin Van de Walle (28) er oppvaksen i Belgia, flytta til Oslo i 2014 og vidare til Bergen under pandemien. foto: Helge Skodvin

Kjersti Synneva Moen

Alder: 27

Frå: Selbu i Trøndelag

Utdanning: Teiknar frå Einar Granum Kunstfagskole

Yrke: Illustratør og teikneserieskapar