Ny studie: Mindre utanforskap i kommunar med vidaregåande skule
Det å ha ein vidaregåande skule i kommunen er ein viktig faktor for å unngå utanforskap, viser ny forsking.
– Det er ein vernefaktor som er ganske sterk, seier Chris Rønningstad ved VID Vitenskapelige høgskule til Forskning.no.
Han har undersøkt kva som fører til at enkelte ungdommar mellom 16 og 24 år fell utanfor – altså at dei ikkje deltek i utdanning eller arbeidslivet.
Vernar mot utanforskap
Forskaren laga ei oversikt over alle kommunar med og utan vidaregåande skular og samanlikna data frå desse to gruppene.
Resultatet er tydeleg:
– Har du ein vidaregåande skule i kommunen, så har du mykje lågare risiko for utanforskap.
Den generelle risikoen for utanforskap i 2018 var på rundt 14 prosent. Ungdom i kommunar med vidaregåande skular hadde 4 prosentpoeng lågare risiko enn dette.
Ingen faktorar på kommunenivå slo ut på same måte som det å ha ein vidaregåande skule, viser studien.