Regjeringa utset ny husleigelov: – Leigemarknaden er i krise

Fredag legg eit utval fram ein rapport med forslag til ny husleigelov, men regjeringa har bestemt at dei ikkje vil behandle den før neste stortingsperiode. – Nok ein rapport som rotnar i ein skuff, fryktar Spire.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Leigemarknaden er i krise. Det er på høg tid å gjere noko med den enormt skeive maktbalansen mellom utleigarar og leigetakarar, og sikre at bustadhaiar ikkje kan halde fram å utnytte oss som leiger, uttalar Elise Åsnes i ei pressemelding sendt til Framtida.

Ho er leiar i ungdomsorganisasjonen Spire, som har følgt prosessen med ei ny husleigelov tett. Det vart i 2022 sett ned eit husleigelovutval som skulle kome med tilrådingar for å betre situasjonen til leigetakarar. I januar la dei fram den første delrapporten sin.

– Vi skal sikre trygge leigeforhold for dei om lag ein million nordmennene som leiger bustaden sin, sa kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) då han fekk delrapporten.

Fryktar at det ikkje blir noko av

Fredag 18. oktober legg utvalet fram del to med forslag til endringar i husleigelova i ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar).

Men i regjeringas forslag til statsbudsjett som vart lagt fram førre veke, skriv regjeringa at dei vil vente med å kome med lovforslag til neste stortingsperiode, fordi dei vil sjå forslaga til utvalet i samanheng. Ei ny lov skulle opphaveleg behandlast i inneverande stortingsperiode.

Erling Sande (Sp) er kommunal- og distriktsminister. | Foto: Stortinget

Åsnes fryktar at tilrådingane til utvalet ikkje vil bli noko av.

– Eg er kjempebekymra for at dette skal bli nok ein rapport som rotnar i ein skuff. Ved å utsetje behandlinga til neste stortingsperiode, og kanskje ei ny regjering, risikerer vi at ingen av tiltaka kjem igjennom, utdjupar ho på telefon til Framtida.no.

Dette skriv regjeringa i forslaget til statsbudsjett:

Dette står i forslaget til statsbudsjett for 2025 (Prop. 1 S(2024 –2025)):

Husleigelovutval

Vedtak 88, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sette ned et Husleielovutvalg som går gjennom Husleieloven for å vurdere hvordan den kan styrke leietagernes rettigheter, sikre grunnleggende botrygghet og at loven samsvarer bedre med dagens situasjon på leiemarkedet. Utvalget settes ned våren 2023, og en ny lov skal behandles i inneværende stortingsperiode.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 og Innst. 2 S (2022–2023).

Husleigelovutvalet vart sett ned i juni 2023. Utvalet skal levere arbeidet sitt i to leveransar. Fyrste leveranse, om kontraktslengde og oppseiingsvern, vart levert 31. januar 2024, og har vore på høyring. Den andre leveransen skal utvalet levere 18. oktober 2024.

Departementet ser behov for å sjå alle lovforslaga til utvalet i samanheng. Dette er viktig for å forstå verknadane dei har på marknaden og for butryggleika til leigarane. Ein samla lovproposisjon vil derfor bli lagd fram i neste stortingsperiode.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.

Påverkar unge

Husleigeutvalet sine forslag kunne gjort mykje for å sikre unge sin plass på bustadmarknaden, meiner Spire-leiaren.

– Eg, som dei fleste andre unge, leiger. Tidlegare budde eg i ei SiO-leilegheit som ikkje var heilt heldig. Eg opplevde veldig dårleg standard, med mugg og dårleg ventilasjon, men hadde ikkje råd til å seie opp leilegheita sjølv om ho ikkje var bra for helsa. Det er ein situasjon eg trur veldig mange er i.

Elise Åsnes har sjølv dårlege erfaringar som leigetakar. Ho meiner ei ny husleigelov er spesielt viktig for unge. | Foto: Frida Myklebust Amdahl/Spire

Åsnes meiner unge blir pressa inn i helsefarlege busituasjonar, og dessutan dyre kontraktar. Ein får mindre og mindre, samstundes som prisane stig.

– Maktforholdet som i dag er mellom dei som eig og leiger, er veldig skeivt. Vi treng å styrke rettane til leigebuarane, slår Åsnes fast.

Ho minner om at nesten alle unge leiger, og at regjeringa må hugse at også dei skal stemme til neste år.

– Dei seier dei skal sikre ei trygg framtid, at det er eit trygt budsjett, men å ikkje vite at ein skal få ein trygg bustad, er det motsette. Regjeringa må gjere det å leige til eit reelt, godt og trygt alternativ.

Nye tiltak

Åsnes synest det var mykje bra som blei lagt fram i første delrapport frå husleigelovutvalet. Mellom anna føreslo utvalet å endre minstetid for kontraktar frå tre til fem år, å gje leigetakarar rett til å krevje forlenging av avtalen, og ein utfråvikeleg rett til å seie opp leilegheita.

– I dag er det lett å kaste ut folk, men vanskeleg for oss som leiger å kome ut av det.

Dette tilrår utvalet å endre i husleigelova i første delrapport:

  • Gjere leigetakaren sin rett til å seie opp ufråvikeleg, altså å fjerne moglegheita for bindingstid
  • Auke minstetida for tidsbestemte avtaler frå tre til fem år (gjeld ikkje for dei som leiger ut der dei sjølv bur)
  • Gi leigetakar rett til å forlenge tidsbestemte avtaler
  • Avgrense høve for utleigar til å endre grunngjeving for å seie opp nokon etter oppseiinga er sendt

Du kan lese heile rapporten her.

Kjelde: Kommunal- og distriktsdepartementet

Spire vil òg kome med krav til bukvalitet og standard.

Leieboerforeningen: – Bryr seg ikkje om leigebuarane

Leieboerforeningen er representert i utvalet. Som Spire, reagerer dei òg sterkt på at regjeringa i forslaget til statsbudsjett vil utsetje behandling av eit nytt lovforslag til neste stortingsperiode.

– Lovutvalet har jobba intenst og med svært korte fristar for å lukkast med å få eit forslag til lovendringar klart. Lovutkastet skulle etter planen bli sendt til Stortinget i løpet av kort tid. Ikkje på noko tidspunkt har det kome signal om tidsnaud eller at departementet likevel ikkje ville fremje forslag til lovendringar, uttalar representant i utvalet for Leieboerforeningen Lars Aasen på nettsidene deira.

Han meiner det ikkje er mogleg å tolke det på ein annan måte enn at kommunalministeren og departementet har valt å ta ein siste omkamp med Stortinget.

– Regjeringa vil ikkje ha noka ny husleigelov – dei bryr seg ikkje om leigebuarane, konstaterer Aasen.

Håper på SV-redning

Elise Åsnes frå Spire har eit håp om at regjeringas budsjettpartnar SV, som var dei som fekk gjennomslag for husleigelovutvalet i første omgang, skal få endra utfallet. Ho synest likevel det er dårleg behandling av eigen samarbeidspartnar frå regjeringa si side.

– Det er òg elendig bruk av pengar å avlyse NOU-en før vi i det heile tatt har fått han.

Framtida har kontakta SV, men dei har ikkje høve til å kommentere før etter utvalet har lagt fram rapporten sin grunna førebuing til budsjettforhandlingar med regjeringa.

Departementet: Ikkje tilstrekkeleg tid

Framtida har sendt spørsmål til kommunal- og distriktsdepartementet og bede dei svare på kritikken frå Spire og Leigeboerforeningen.

I ei uttale via kommunikasjonsavdelinga svarar statssekretær Nancy Charlotte Porsanger Anti (Sp) at regjeringa har forståing for at mange vil ha nye tiltak på plass så raskt som mogleg, men at det ikkje er tilstrekkeleg tid i inneverande stortingsperiode til å ferdigstille lovarbeidet.

Ho understrekar at forslaga ikkje blir lagde bort.

Regjeringa vil arbeide vidare med forslaga frå utvalet. Målet vårt er å fornye husleigelova og å styrkje og tryggje leigetakarane, skriv ho.

Statssekretær ved kommunal- og distriktsdepartementet, Nancy Porsanger Anti (Sp). Foto: Trond A. Isaksen

Etter at utvalet har levert utgreiinga 18. oktober, blir NOU-en sendt på høyring. Samstundes vil departementet starte arbeidet med eit lovforslag, uttalar Anti.

Les heile svaret frå departementet:

«Regjeringa har forståing for at mange vil ha dette på plass så raskt som mogleg. Husleigelova er viktig for mange. Ein god og grundig prosess er tidkrevjande og nødvendig, og det er dessverre ikkje tilstrekkeleg tid i inneverande periode til å ferdigstille lovarbeidet. Vi meiner det er naudsynt å sjå på forslaga samla, både dei Husleigelovutvalet la fram i fyrste delrapport tidlegare i vår og dei forslaga som ligg i den endelege utgreiinga vi mottek fredag 18. oktober. Presset i leigemarknaden er høgt fleire stader i landet. Store lovendringar på kort tid kan gi store utslag i leigemarknaden. Vi må sørgje for ein grundig lovprosess.

Det betyr ikkje at forslaga blir lagde bort. Regjeringa vil arbeide vidare med forslaga frå utvalet. Målet vårt er å fornye husleigelova og å styrkje og tryggje leigetakarane.

Etter at utvalet har overlevert utgreiinga si 18. oktober, blir NOU-en sendt på høyring. Det er viktig at alle aktørane i leigemarknaden blir lytta til i det vidare arbeidet med lova, og vi legg opp til ein tett og god dialog med aktørane. Departementet vil parallelt med høyringa starte arbeidet med eit lovforslag.»