I dag er Verdsdagen for psykisk helse. Her er ei liste over kjende menneske som har gjort verda litt opnare ved å snakka om sine eigne utfordringar.
Billie Eilish
Superstjerna Billie Eilish (22) har vore open om at ho har slite med angst og depresjon. Utfordringane starta tidleg. Billie opna i Apple TV+-dokumentaren The World’s a Little Blurry opp om sjølvskadinga og sjølvmordstankane ho sleit med som tenåring.
– Når alle andre tenkjer på Billie Eilish som 14-åring tenkjer dei på alle dei gode tinga som skjedde. Men alt eg kan tenkja på er kor ulukkeleg eg var. Kor komplett fortvila og forvirra. Tretten til 16 var ganske røft, minnest Eilish i dokumentaren.
Felix Baldauf
Brytaren Felix Baldauf (29) har starta konseptet Bror Mental Helse, saman med kameraten Even Karpuz. Målet er å setja fokus på menns mentale helse.
Gjennom prosjektet og føredrag deler han sine erfaringar med å veksa opp med ein alkoholisert forelder, og korleis han sjølv undertrykte kjensler og nytta fest og alkohol for å takla kvardagen.
Etter å ha vorte skadd under meisterskap, kom han heim tomhendt og deprimert, noko han fortel om på Bror Mental Helse:
– Som ein mann utan erfaring med å dela det eg følte, tok einsemda tak i meg, og eg visste ikkje kva eg skulle gjera. Eit samanbrot hjelpte meg med å bestemma meg for å opne opp om fortida mi, korleis eg hadde det og kvifor eg festa og drakk.
Demi Lovato
Allereie som 18-åring stod barnestjerna Demi Lovato fram med at ho var blitt diagnostisert med bipolar liding.
Artisten har fortalt at ho var letta då ho fekk diagnosen, som endeleg gav svar.
– Eg hadde strevd i så mange år, og visste ikkje kvifor eg var på ein viss måte, som hadde depresjon og så ekstreme lågpunkt, når eg tilsynelatande hadde verda framfor meg, fullmoden av moglegheiter, sa stjerna ifølgje People Magazine.
Ho har òg fortalt ope om rusmisbruk og eteforstyrringar.
Magnus Midtbø
Den legendariske klatraren Magnus Midtbø opna i 2021 opp om eteforstyrringar tidleg i karrieren.
Til NRK fortalde Midtbø om at han som ung klatrar svelta seg som straff, og i håp om å verta endå betre i idretten sin.
– Det var vanskeleg å stoppe. Eg tenkte at om eg berre gjekk ned eit par kilo til, så ville eg bli endå sterkare. Slik fungerte det ikkje. Det enda med at eg blei veldig svak utan å innsjå kvifor.
Klatraren innsåg etter kvart at han hadde eit problem som han måtta ta tak i, men oppsøkte ikkje hjelp fordi han ville stå fram tøff og sjølvsikker og syntest det var flautt å snakka om.
Simone Biles
Ein annan verdskjent atlet som har snakka ut om psykisk helse er den amerikanske turnaren Simone Biles.
I 2021 trekte ho seg frå OL i Tokyo for å ta vare på si eiga mentale helse. Biles forklarte at ho opplevde ei sperre der kropp og hovud ikkje lenger kommuniserte når ho skulle gjennomføra vanskelege triks, ein tilstand ho kalla the twisties.
– Det berre kom fram. Du kan ikkje undertrykka traume så mykje lenger, fortalde Biles seinare, som gjekk i terapi og fekk hjelp.
Den unge turnaren var ei av mange som vart utsett for seksuelle overgrep frå den tidlegare landslagslegen Larry Nassar, noko ho har fortalt ope om og vitna om i Kongressen.
Biles har òg vore open om at ho har ADHD og tek medisinar for dette, noko ho understrekar at ikkje er noko å skamma seg over.
André Sødlund
Då André Sødlund (27) valde å leggja opp som profesjonell fotballspelar i ein alder av 25 år var han open om at det var på grunn av depresjon og angst, og at dette var noko han skamma seg over.
Sødlund har likevel valt å vera open, i håp om å kunne hjelpa andre. Tidlegare i år heldt han føredrag om opplevingane sine på Wang Toppidrett i Tønsberg, der han i dag jobbar.
Her fortalde han òg om korleis problema til slutt enda i eit sjølvmordsforsøk.
– Dette er ikkje noko eg skammar meg over lenger, fordi at dette er ein konsekvens av det eg har opplevd. Ein konsekvens av utruleg mykje dårlege tankar om meg sjølv, eit hav av press, prestasjonsangst og alt det fører med, sa han til VG.
Jessica Diggins
Den amerikanske langrennsløparen Jessica Diggins (32) gjekk i 2023 ut på sin eigen Instagram-konto og fortalde at ho hadde opplevd tilbakefall med eteforstyrringar, etter tolv gode år.
– Eg synest det er viktig å dela, fordi dette er ikkje ei perfekt betringshistorie. Det er ekte, og det er rått, og det er rotete, og det er ok. Eg trur me nokre gonger innbiller oss at for å vera suksessfull må du vera perfekt og ikkje slita med noko gonger, og det er berre ikkje livet. Det er ok om du må lena deg på støtteapparatet ditt, som er det eg gjer no, sa Diggins.
Lewis Capaldi
Den skotske artisten Lewis Capaldi (28) opna i dokumentaren How I’m Feeling Now om angst, depresjon og panikkanfall.
Gullstrupen fekk eit brakgjennombrot med balladen Someone You Loved i 2018. Capaldi har òg Tourettes syndrom og ticsa hans ser ut til å verta verre når han skal prestera. Musikaren annonserte difor i 2023 at han skulle ta ein pause for å fokusera på si eiga psykiske helse. Etter eit halvt år kunne stjerna fortelja fansen om framgang.
– Eg har jobba med nokre utrulege fagpersonar for å hjelpa meg å læra å hanskast betre med mine Tourettes- og angstutfordringar. Eg er veldig glad for å seia at eg har merka ei markant betring i begge delar etter at eg bestemte meg for å ta litt fri tilbake i juni, fortalde han på Instagram.
Noah Lyles
Ein annan stor atlet som har vore open om sine eigne diagnosar og medisinbruk er den amerikanske sprintaren Noah Lyles (27)
Etter å ha teke olympisk gull på 100 meter sprint i Paris i sommar, skreiv friidrettsutøvaren på X:
«Eg har astma, allergiar, dysleksi, ADD, angst og depresjon. Men eg seier deg at det du har, ikkje definerer kva du kan bli».
Han har òg vore open om at antidepressive medisinar har vore til hjelp.