Statsbudsjettet 2025:

Regjeringa kuttar i stipendet til studentar som ikkje fullfører graden: – Feil medisin

Studentar får mindre kjøpekraft med statsbudsjettet for 2025. Kaja Ingdal Hovdenak i Norsk studentorganisasjon er provosert og skuffa.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg reagerer på at regjeringa seier at dei skal satse på studentar, men det dei leverer er ingenting, seier Kaja Ingdal Hovdenak, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).

I statsbudsjettet for 2025 vert studiestøtta oppjustert med 2,9 prosent. Samstundes er lønsutviklinga venta å stige med 4,5 prosent, og prisveksten i samfunnet er spådd til 3,2 prosent. I realiteten inneber det ein reell nedgang i studiestøtta og kjøpekrafta til studentane, slår Hovdenak fast.

– Eg er provosert og skuffa, og det får meg til å stille spørsmål ved kva ambisjonar regjeringa har for studentane, seier ho.

Vil at fleire fullfører graden

Fram til 2018 fekk studentar omgjort 40 prosent av studielånet til stipend så sant ein bestod eksamen. I 2018 kom ei endring som slo fast at 15 prosent av lånet berre vert omgjort til stipend ved fullført grad. Dersom du avbryt studiet før du er ferdig, sit du altså att med eit høgare lån.

No vil regjeringa auke denne andelen til 25 prosent. Viss du hoppar av studiet undervegs, vil du altså berre få omgjort 15 prosent av lånet til stipend.

Med dagens satsar vil du sitte att med 37 922 kroner ekstra i lån per studieår, dersom du ikkje fullfører graden (sjå faktaboks under).

Føremålet med endringa er ifølge regjeringa å legge til rette for gjennomtenkte studieval i høgare utdanning, og å stimulere til effektive utdanningsløp.

Samstundes anslår regjeringa at endringa vil spare inn 175 millionar kroner.

Kva betyr det i kroner?

Basislånet frå Lånekassen er på 151 690 kroner i studieåret 2024/2025. Vi tek utgangspunkt i denne summen vidare, og gjer eit forenkla reknestykke:

Dersom du hoppar av studiet før graden er fullført, vil det koste deg 37 922 kroner per år du har studert, som du ville ha fått i stipend dersom du hadde fullført graden. I tillegg kjem ekstra rentekostnader på lånet.

Dersom du tek ein femårig bachelorgrad, vil du etter fem studieår ha studielån på totalt 758 450 kroner. Med ein fullført grad, vil du ha rett på å få 40 prosent av lånet gjort om til stipend. I dette tilfellet vil det utgjere 303 380 kroner.

Dersom du derimot ikkje avsluttar graden din (men står på alle eksamenar), vil du berre få omgjort 15 prosent av lånet til stipend. Det vil koste deg 37 922 kroner i tapt stipend per år du har studert. Før den aktuelle endringa var dette talet på 22 753 kroner.

Kostnaden for å avbryte studieløpet har altså auka med 15 169 kroner per år du har studert.

Dersom du hoppar av studiet etter fire år, vil du ha 151 688 ekstra kroner i lån, som du elles ville ha fått omgjort til stipend etter ein fullført grad.

– Feil medisin

Hovdenak fryktar at grepet kan ha motsett effekt av kva regjeringa ønsker å oppnå.

– Dette er feil medisin. Eg trur det vil gjere at fleire vegrar seg mot å byrje på eit studium, seier ho.

Ho meiner økonomisk press er feil medisin, og seier at ein heller burde innføre tiltak som gjer at økonomien er ein mindre stressfaktor for studentane.

Dårlegare psykisk helse

Ein rapport frå Statistisk sentralbyrå viser at studentar har dårlegare psykisk helse enn jamaldrande i arbeidslivet. Hovdenak viser til at økonomi er ein av dei største faktorane som påverkar psykisk helse.

– Vi veit at veldig mange studentar slit økonomisk, er i ein vanskeleg situasjon, og at dei vert stressa av det. Då er ikkje løysinga å gjere det vanskelegare for studentane. Dei må få gode vilkår til å fokusere på studiet, så dei slepp å jobbe så mykje at dei ikkje har tid til å studere, seier ho. 

Hovdenakk fortel at statsminister Jonas Gahr Støre vitja landsmøtet til NSO i år, og lova at han ville jobbe for ein trygg studentøkonomi.

– Det er ikkje det dei leverer no, slår ho fast.

– Eg blir provosert over at studentane vert oversette, seier Hovdenakk.

Regjeringa føreslår også i statsbudsjettet å opprette 1000 nye studieplassar ved fagskulane, så vel som nye studieplassar i faga IKT (100), arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (165), medisin (50 plassar) og veterinærmedisin (10).

Tøft for utanlandsstudentar

Øyvind Bryhn Pettersen, president i Ansa (Association of Norwegian Students Abroad), seier i ei pressemelding at dyrtida råkar ein allereie sårbar økonomi. Han viser til at den svake kronekursen svekker norske studentar i utlandet, samstundes som verdien av studiestøtta søkk.

Øyvind Bryhn Pettersen er president i Ansa. | Foto: Ansa

– Det er tydelegare enn nokon gong at studiestøtta er for låg, og at studium i utlandet ikkje er ei reell moglegheit for alle, seier Pettersen.

Må få hjelp heimanfrå

56 prosent av norske studentar oppgir at økonomisk byrde er eit stort hinder for å reise til utlandet. Ansa meiner at ei studiestøtte som er i tråd med fattigdomsgrensa til EU er heilt naudsynt for at norske utanlandsstudentar skal klare seg gjennom ein svingande kronekurs.

– Studentar må bruke sparepengar eller få hjelp heimanfrå for å få kvardagen til å gå rundt, for ikkje å snakke om den gjeldsbyrda det framleis er å studere i utlandet, seier Pettersen.

Han viser til at mobilitetsmeldinga frå 2020 trekker fram verdien av studium i utlandet, og poengterer at regjeringa ikkje følger opp med pengar.

Ansa meiner mellom anna at lånekassen bør støtte 70 prosent av skulepengar ved studium i utlandet. I dag får ein berre dekt 40 prosent av dei første 80 000 kronene.