Mobbinga flyttar seg til nettet
Etter kvart som ungar blir eldre, flyttar mobbinga seg frå den verkelege verda over til nettet, viser ny forsking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Science Daily skriv om forskargruppa som har fulgt over 1000 femte- til åttande-klassingar gjennom tre semester. Jobben er gjort av forskarar frå universiteta i California, Virginia og Nebraska-Lincoln.
LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett
Fire grupper
Elevane i undersøkinga som vart mobba vart delt i fire undergrupper – dei som ofte vart mobba utgjorde 11 prosent av gruppa, dei som av og til vart mobba på tradisjonelt vis utgjorde 29 prosent, medan dei som av og til vart mobba både på nett og tradisjonelt utgjorde ti prosent. 50 prosent havna i gruppa som sporadisk vart mobba.
Det synte seg at mobbinga sank over tid, men at det var ei lita auke frå femte- til sjetteklasse – når elevane går opp til ungdomsskulen i USA.
LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat
Jenter brukar ord
Det synte seg og at jentene opplevde mest verbal mobbing og nettmobbing, medan gutane vart utsett for fysisk mobbing, noko som bekreftar gamle det ein lenge har sett føre seg er tradisjonelt.
LES OGSÅ: Verst på å oppsøkje skadelege nettsider
Andelen aukar
Tidlegare har forskarar funne ut at den tradisjonelle mobbing framleis dominerte. Ei undersøking i USA viste i 2012 at berre fem prosent sa dei hadde blitt mobba på nett. Ei liknande undersøking gjort i Noreg mellom 2006 og 2010, den gongen sa berre eitt prosent av deltakarane at dei hadde blitt mobba på nett. Det skreiv og Science Daily.
Tala frå den ferske undersøkinga kan difor tyda på at nettmobbinga aukar.