79 år med atomvåpen: Vi må ikkje gløyme, vi må handle
Målet må vere total nedrusting av atomvåpen innan vår levetid, meiner skribentane.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Det er 79 år sidan atomvåpen vart brukte mot Hiroshima og Nagasaki. Opp mot 230 000 mista livet på grunn av dei direkte konsekvensane. Tusenvis lever den dag i dag med psykiske og fysiske helseutfordringar som følge av angrepa. Éin av dei er Hiromu Morishita, som i ein alder av 93 år framleis saumfer verda for å dele den hjarteskjerande historia si. I april var Morishita-san i Oslo, der han fortalde om å miste vener og familie, og å leve med traume og arr, 79 år etter angrepet.
«Eg ønsker at leiarane i verda skal fokusere på fred, at dei jobbar saman med eit mål om å skape ei fredeleg og harmonisert verd,» sa Morishita-san under Oslo-besøket.
No er dei siste tidsvitna frå dette forferdelege kapittelet i menneskeslektas historie i ferd med å døy. Men vi skal aldri gløyme. Som representantar for ei brei gruppe ungdomsorganisasjonar i Noreg, ønsker vi å føre bodskapen deira vidare for å hindre at noko liknande skjer igjen.
Ein atomkrig kan ikkje vinnast, og må aldri utkjempast.
For første gong sidan den kalde krigen er vi på veg mot ei kvalitativ og kvantitativ opprusting av atomarsenala. Det finst i dag over 12 000 atomvåpen i verda. Våpena er i ferd med å bli kraftigare og raskare, og dei er umoglege å forsvare seg mot. Samstundes finst det ingen juridiske garantiar for at systema som kontrollerer, oppdagar og utløyser atomvåpen ikkje vert kopla til kunstig intelligens.
Det er uakseptabelt at Vladimir Putins Russland, gjennom sin stadige bruk av atomtrugslar for å halde fram angrepskrigen i Ukraina, eroderer tabuet mot bruk av atomvåpen. Men også Noreg ber eit ansvar. Forskaren Ward Wilson påpeiker at opprustinga i dag får medvind ved at land som Noreg offentleg slår fast at atomavskrekking aukar vår eigen tryggleik. Slike uttaler «trugar internasjonal tryggleik, fordrar våpenkappløp, og blir kontinuerleg kritisert av andre statar på kvar ein nedrustingskonferanse,» seier Wilson. Samstundes går Noreg eitt steg lenger, og finansierer atomopprustinga gjennom Oljefondet, som er tungt investert i sju selskap som produserer kjernevåpen, trass i etiske retningsliner som skal hindre det.
Forskarar som Kjølv Egeland og Benoît Pelopidas har gjennom systematisk kjelde- og arkivarbeid vist at vi ved fleire høve har vore nær bruk av atomvåpen ved eit uhell. Ein dag vil vi gå tom for flaks. Ingen kan heller vere sikre på at løftet om gjensidig masseøydelegging vil hindre ein atomkrig. Samstundes har kunnskapen om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen auka med tida. Ein «liten» atomkrig kan forårsake såkalla atomvinter, ei global nedkjøling som vil føre til hungersnød i store delar av verda. Ingen samfunn har opparbeidd nødvendig beredskap for å yte medisinsk eller humanitær assistanse i nærleiken av nedslagsfeltet for eit atomvåpen.
Målet må vere total nedrusting av atomvåpen innan vår levetid.
Vi må ikkje gløyme, vi må handle. Heldigvis er det mykje vi i vesle Noreg kan gjere. Og vi krev at Noreg utnyttar desse moglegheitene og gjer meir. Noreg må bruke røysta si aktivt for å legge press på atommaktene. Noreg må signere atomvåpenforbodet til FN, og trekke støtta si til atomavskrekkinga til Nato. Vi må forsikre oss om at det aldri vert plassert atomvåpen på norsk jord. Noreg må bidra med finansiering til kompensasjon for dei tusenvis av ofra for atomangrep og atomprøvesprengingar. Noreg må gå i spissen for ein internasjonal traktat som hindrar at kunstig intelligens vert teke i bruk i atomvåpensystem, og Oljefondet må selje seg ut av selskap som produserer atomvåpen. Vi må ikkje halde fram med å legitimere eit våpen som nødvendigvis råkar sivile, strider med folkeretten og kan leie til utsletting av menneskeslekta.
I Hiroshima og Nagasakis namn må Noreg seie nei til atomvåpen.
- Les også denne saka frå arkivet: Klima, pandemi, terror, atomvåpen: – Ekstremt akutt å adressere korleis vi handterer risiko generelt, og endring spesielt