Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6. august 1945 slapp eit amerikansk fly den første atombomba «Little Boy» over Hiroshima i Japan. Bomba utsletta 90 prosent av byen, og tok med det same livet av over 80 000 menneske. Mange titals tusen døydde seinare av den radioaktive strålinga.

Tre dagar seinare blei «Fat Man» detonert i Nagasaki, med 40 000 drepne som resultat.

Det heile kom i stand i 1939 etter at Albert Einstein åtvara Franklin D. Roosevelt, dåverande amerikansk president, om at tyske kjemikarar hadde greid å splitte uran-atomet. Denne prosessen – fisjon – la grunnlaget for enormt kraftige bomber.

– Now I am become death, the destroyer of worlds.

Kort tid etter initierte amerikanske styresmakter «Manhattan-prosjektet», leia av J. Robert Oppenheimer. 16. juli 1945 utførte prosjektet sin første vellukka prøvesprengning i Alamogordo, New Mexico.

Ein månad seinare var altså to slike bomber detonert i Japan: Den eine med anrika uran som drivstoff, den andre med plutonium.

Oppenheimer uttalte i etterkant: – Now I am become death, the destroyer of worlds.

Atomkrig er «MAD»

Likevel er det mange som meiner at ein kan takke atomvåpen for den lange fredsperioden mellom stormaktene etter andre verdskrig. Forklaringa dei gir er ganske enkel: Når stormaktene – den gong USA og Sovjetunionen – begge har tilgang på våpen som kan utslette den andre, er det ingen som er villige til å gå til krig.

Teorien bak kallar ein gjerne «Mutual assured destruction» eller «MAD» – begge partar kan vere sikre på at krig vil føre til fullstendig øydelegging av både angripar og forsvarar.

Teorien er aktuell så lenge begge partar har såkalla andreslagsevne: At ein kan slå tilbake med atomvåpen etter sjølv å ha blitt utsett for eit atomangrep.

Det krev at ein del av atomvåpena står klare på ubåtar, under bakken, eller på andre hemmelege stader som ikkje vil bli sett ut av spel ved eit eventuelt angrep.

Les også: Noreg bremser forbod mot atomvåpen.

Gi Iran atombomba!

Tilhengarane av teorien meiner dette har bidratt til den uvanleg fredelege perioden etter andre verdskrig. Sovjetunionen og USA var til dømes aldri i direkte krig med kvarandre. India og Pakistan har også skalert ned valdsbruken etter at dei to blei atommakter.

Den leiande teoretikaren Kenneth Waltz argumenterte derfor i 2012  i ein berømt artikkel for at ein ikkje burde hindre Iran i å få atombomba. Det ville tvert imot vere best om det islamske autokratiet fekk tilgang på nettopp atomvåpen.

Slik kunne Iran vere ei motvekt til Israel – den førebels einaste atomstaten i Midtausten. Mangelen på ei slik motvekt til Israel har ført til ustabilitet i regionen i mange tiår, meinte Waltz. Israel har aggressivt bomba både Irak og Syria når dei forsøkte å bygge opp eigne atomprogram, og vurderer nå å gjere det same mot Iran.

Mangelen på andre statar i regionen med jamgod militær kapasitet har ført til at Israel kan opptre som dei vil, og at naboland febrilsk freistar å ruste opp militært.

Berre med ei reell motmakt til Israel vil regionen igjen oppleve stabilitet, avsluttar Waltz.

Les også: Elon Musk føreslår å atombomba Mars.

Ikkje berre stabile atommakter

På den andre sida finn ein dei som vil ha anten fullstendig eller delvis nedrusting. Dei hevdar at ein ikkje kan lite på at statar vil opptre rasjonelt, og at atomvåpen kan bli nytta både som resultat av stress, uhell, misoppfatningar, eller tenestemenn som ikkje følgjer ordre.

Dessutan er mange av statane som nå har fått tak i atomvåpen, eller er i ferd med å få det, mindre stabile enn USA og Sovjetunionen var under den kalde krigen. Kva skjer til dømes dersom eit regime med atomvåpen blir styrta?

Pakistan er hyppig gjenstand for militærkupp og store omveltingar i regjeringa. I 2004 kom det fram at Abdul Qadeer Khan, det pakistanske atomprogrammets far, hadde selt sensitiv teknologi og informasjon til både Nord-Korea, Libya og Iran.

Nettverket til Khan selde handbøker og heile sett, inkludert rein uran, utstyr til å anrike uranen, våpendesign og blåkopiar.

Les også: Noreg utanfor samarbeid om atomvåpen.

Fleire enn pasifistar vil ruste ned

Dei siste åra har tilhengarane av nedrusting fått vind i segla. Frå å vere ei rørsle av pasifistar på venstresida, har stadig fleire på begge sider av det politiske spekteret uttrykt skepsis til atomvåpen som fredsskapande.

Spesielt mykje merksemd fekk det at fire menn med høgtståande roller under den kalde krigen – Henry Kissinger, Bill Perry, George Schultz og Sam Nunn – tok til orde for nedrusting.

Sjansen for uhell, feilvurderingar og uautoriserte avfyringar var blitt for stor med dei nye, mindre stabile, atommaktene, meinte dei fire.

Talet på atomvåpen i verda har også sokke frå 70 300 i 1986 til 14 485 i 2018.

Les også: Fann restar frå atombomber i Noreg.

Framleis store utfordringar for nedrusting

Men trass ein mogleg avtale med Nord-Korea, tyder mykje på at denne nedrustinga nå er i ferd med å rakne. Donald Trump, den amerikanske presidenten, har trekt USA ut av Iran-avtalen.

I løpet av tre år utgår «New START»-avtalen mellom USA og Russland om å avgrense talet på utstasjonerte strategiske stridshovud til 1550 kvar. Om ein får på plass ein ny slik avtale er høgst usikkert.

Donald Trump vil trekka USA ut av ei rekke avtalar om nedrusting. Foto: Gage Skidmore/Flickr/(CC BY-SA 2.0)

Samstundes vil USA trekke seg frå «Intermediate-range Nuclear Forces»-traktaten (INF) dersom ikkje Russland begynner med å overhalde denne, og Kina blir medlem og traktaten.

Begge deler er lite truleg, og så fort USA er ute av traktaten, vil eit mogleg nytt våpenkappløp kunne starte.

Det er altså svært mykje som står att om ein skal nå «Global Zero» – at talet på atomvåpen når null.

Om det er best for verda er framleis oppe til diskusjon.

Les også: Desse to hundane skal styrka freden mellom Nord- og Sør-Korea.